Nokre Ord til um Brennevinsdrykken¹).
Takk!
skal du ha, Ivar Blekastad, for Stykkjet ditt um Brennevinsdrykken, i
Fedraheimen
No. 58. Eg vart glad, daa eg hadde leset det.
Det
er sant, som du segjer, det hev voret ei Tid no, som me hev voret so
upptekne av Politikken, at me hev mest som ikkje vortet var, at det
hev voret skakk-køyrt med oss paa sume andre Kantar. Og um me ymse
Gonger hev tykt det kunne voret naudsynlegt aa retta paa so har
no denne politiske Vegarudningi mest som lotet gaatt fyre alt lel
_
me har ikkje vunne meir
_
det har lotet voret berre etter som det har fallet med det andre.
No
har daa denne Striden stillna av noko. Me har brotet upp og velt
tesies dei største Steinar og Røter
_
og jamnat nedaat dei alle høgste Tuvur sovidt, at me kjem fram, um
me hellest vil daa
_
og faatt av vaart Lands trufastaste Menn til aa staa og sjaa etter so
me ikkje misser Vegaleidi
_
so at me
no kann arbeida oss fram Stykkje um anna, forutan aa vera nøgde til
aa slaa fraa oss alt anna, som det kunne trengja aa stellast paa med
det fyrste. Ikkje so aa forstaa, at me no heretter skulde gjeva
Politikken ein god Dag
_
no daa me har teket Hardtaket
_
og det er væl ikkje mange, som meiner hell det. For det gjeld nok aa
vera vakne og taka traust imot ei god Stund endaa _ og velja slike
Karar inn paa Tinget, som sikkert og støtt vil vita aa føra vaare
Saker og vaar Fridom fram til Siger.
Men
Kampen har daa som sagt stillnat av noko, og dette er det daa likt
til, at sume tek til aa bli var. Dei tek til aa sjaa, at det trengst
meire Vegarudningsarbeid med det fyrste at det er fleire
Rudnignsmarkjer hell den politiske, som det trengst aa stella paa,
_
meire Ulende, som skulde vera upparbeidt. Her tenkjer eg daa allvist
paa Drykken.
Ja
er Brennvinsdrykken beint fram so stor ein Last
_
ei so øydeleggjande ei Magt, som mange vil ha det til aa vera, tru
_
heller er han det ikkje?
Ja
det var kanskje ikkje so lite eit Spursmaal det i denne Saki. For
ettersom kvar einskild trur eg svarar ja hell nei paa dette
Spursmaalet, soleis vil han au stella seg anten
forhell
imot
Avhaldsarbeidet og heile Avhaldssaki. Alt dette Arbeidet, som no er
komet i gang for aa avskaffa Brennevinsdrykken, alle desse
Foreiningarne og Samlagi som so fort etter Hand blir stifta Lande
rundt
_
alle desse Blad og Bøker som kjem ut til kvar Tid
_
alt dette gaar ihoplagt ut paa dette eine
_
aa faa kvar ein med seg sjølve til aa svara ja hel nei paa dette: er
Brennvinsdrykken nokon Last
_
nokor øydeleggjande Magt
_
hell er han det ikkje? Paa dette Spursmaalet svarar daa me, som har
gaatt med paa Avhaldssaki, sjølvsagt ja av all vaar Tru. Og me
svarar ikkje berre ja paa dette; men me legg attaat:
Brennevinsdrykken er ein av dei største og mest skadelege av alle
menneskjelege Lastar, som me kjenner. Me kjenner ikkje nokon annan
Last, som kann magta so heiltupp aa øydeleggja eit Menneskje, som
Drykken. Nei til aa eta um seg og øydeleggja alt godt og
menneskjelegt i oss har Drykken ikkje sin Like. Den, som ei Tid hev
voret Træl under Drykken, han er som oftast øydelagd baade paa
Kropp og Sjæl. Han er øydelagd som Menneskje reint som eit
Skipsvrak
_
moralskt og fysiskt
_
og som oftast økonomiskt au. Alt det vesle av godt og gjævt, som
kunne finnast i ein
_
tek Eld og brenn upp. Vaar Vilje og Evne til det gode blir meir og
meir burte, paa same Tidi, som alle dei vonde Magter i oss veks og
slær Røter. Krafti og Helsa minkar meir og meir. Den eine Sjukdomen
kjem og løyser den andre av
_
og paa ei liti Rid so er Helsa reist. Me er fyrr øydelagde paa
Sjæli, som Menneskjor
_
so blir vaart Lekam helselaust au. Og naar
Helsa gaar ut, so gaar Fatigdomen og Armodi inn, veit me. For
kor mange er det ikkje, som har berre Helsa si aa lita paa i denne
Vegen. Og fleir enn ein har visst faatt røynt, kva Armod og Fatigdom
har voret, som har havt noko anna hell Helsa si aa lita paa au, og
som Drykken har voret heile Aarsaki i. Kor mang ein Far og Mor har
ikkje paa ein vakker Dag staatt paa berr Bakke med mange smaae
umkring seg, som fraa nokre Aar attende sat i ei god Stelling i ein
vakker, hugleg, kjend og kjær Heim, og som drøymde mindst av alt
um, at det skulde enda soleis
_
og kven var det, som fyrst sende Bod paa
Lensmann
og tingad paa Aksjon
_
var det ikkje Brennevinsflaska? Ja, svarar kanskje sume, men
det er no væl andre Magter enn Drykken, som kann magta aa øydeleggja
eit Menneskje paa alle desse leider au? Javæl, men nemn oss ei
einaste Synd
_
ein einaste Last du, som
ikkje
Drykken kann vera fyrste Upphavet aat! Kva som er mest Skuld i all
denne Sedløysa og Lauslivnaden, som er so mykje av oss iblant oss
tru? er det ikkje Brennevinet? Kor mang ein har ikkje drukket seg so
Armodi paa Nakken, at han soleis har vortet freistat til aa stolet.
Kor mang ein har ikkje Brennevinsflaska løyst Billett aat paa
Livstid
_
i Tukthuset hell paa Slaveriet
_
ja kannskje Brennevinet har reidt Seng aat mange paa Rettarbenken
under Øksi der - til siste Slutt
_
det er ikkje so sikkert anna. Kva som truverdugar hell Brennevinet
har gjort sitt til aa faa fram all Raaheiti og Gudløysa, all Lygn,
Svik og Ræddhuge, som er so mykje av iblandt oss? Nei dersom me fekk
vera Augvitne til alle dei Olykkom og all Vesalldomen som Brennevinet
veld berre ein dag
i eit Aar her i Norig, saa trur eg nok, at me snart skulde bli mange
nok um Avhaldssaki. Faa brennevinsdrykken burt, og me vil paa ei liti
Tid faa alle vaare Brotsmenn innpaa eit Par av Straffehusi vaare
_
for Romet si Skuld daa. Skaff burt Brennevinet og me vil snart ikkje
ha att meir hell det halve av vaare aarlege Fatigutgifter. Utor
landet med Brennevinet! og me vil faa eit mykje vakrare Folkeliv
_
eit sunt og kraftigt Arbeidsfolk, som for det meste vil vita aa
hjelpe seg sjølve
_
eit Arbeidsfolk
_
friskare baade paa Kropp og Sjæl. Men kva er det for ei dragande
Magt, som Brennevinet har daa
_
hell som fylgjer med Drykken og som gjer det so vanskelegt og saart
for ein aa
leggja det av? For det er daa Tilfellet, at mange Drikkarar ser
sjølv, kor ille eit Liv Drykken fører med seg og endaa ikkje har so
mykje Vilje og Magt over seg sjølve, at dei magtar aa riva seg laus.
Eg har kjent personleg slike
_
kjende Vener
_!
som eg trur eg har kjent nokonlunde væl. Eg har spurt
dei kvafor dei drikk
_
naar dei har faatt Augo upp for kva den gjer
_
og eg har som oftast faatt til Svar: det er dette Livet som
fylgjer med, ser du! Ja, det er dette Livet, som fylgjer med
Drykken, som for mange er største Forsvaret for Brennevinet
_
og det mest for Ungdomen. Men ser me lite paa dette Livet so
trur eg ikkje me gjev mange Øyre for det. Naar ein har drukket seg
paa ein
Styvel
_
so blir han for det fyrste so fri _ so fær han tilgjevandes
ein glødande Eldhug til aa slaa og kjempe for alt stort og rett paa
Jordi og so eit bottlaust Hat aat alt vondt. So blir han væltalandes
_
for store Framtidssyner
_
og so ærleg og upprigtig, som han er daa!
_
med det er det ingen Maate. Ja tru er det sant dette?
Nei
Saki er nok den, at paa kva Slags Leid det ber med ein i Brennevinet
_
so blir det yver alle Grensur. Det er ei usann Stemning Drykken gjev
_
berre Lygn og Spil. Blir det bra noko i Brennevinet, so blir det
mykje, mykje grumar hell alt
_
og blir det galet
_
so blir det like so forgalet. Ikkje det Slag virkeleg er noko.
Dette
trur eg som sagt for mange er det sterkaste Forsvaret for
Brennevinet. Og so dette, at dei trur det skal ikkje gaa an aa mora
seg forutan Brennevin. Stakkar! den norske Ungdom, skal det ikkje gaa
an aa mora seg for han med mindre han lyt mora seg paa Ryggen av ein
Last
_
og stakkar han,
fær
han ikkje snart Augo upp for ei vakrare og betre Moro.
Beint
fram aa forsvara Drykken er det væl ikkje mange, som vaagar seg
ikast med aa gjera heretter. For Drykken let seg ikkje forsvara fraa
nokon Kant. Men um dei ikkje nettupp tek han i Forsvar
_
so er det no ikkje vandt um aa raaka Folk, som slettikkje kann tru,
at Drykken er ei so fæl øydeleggjande Magt, som han verkeleg er.
Dei ser paa Drykken, som paa noko so lett
_
som paa
ein Leik, ei Moro
_
som paa noko som ein og kvar kann regulere og ha so reint under
sitt Herredøme
_
etter som han vil sjølv. For Vaarherre har daa latet oss funnet
upp Brennevinet, og daa skulde me væl ha Lov til aa bruka det au.
Aa so kann ein halda Maate, ser du!
Ja
det er sant
_
me har faatt Lov til aa funnet upp Brennevinet
_
og soleis faatt Lov til aa nytta det au, er det Von. Det ligg nær aa
tenkja det. Men kva me har faatt det til hell ikkje
_
so kann me no vera umlag sikre paa det, at me har no ikkje faatt det
til det, som me jamnan brukar det til i dag Misbruk. Og det aa
halda Maate med Brennevinet
_
hell i Brennevinet
_
er no au etter mi Meining mykje snarare sagt hell gjort. Det kann nok
finnast dei, som kann greida det bra; men i dei fleste Tilfelle, so
trur eg no det gaar oftast dei, som det gjekk han Torbjørn Granlien,
daa han Harald fekk han til aa kasta paa Stabursglaset heime
_
han raakad Glaset istaden for Listi umkring det.
Det
skal ikkje so lite Vilje og Magt yver seg sjølv til aa vera ein
Maatehaldsmann, som er verdug aa bera det Namne daa. Daa er det visst
mykje lettare aa leggja det reint av.
Det
er sant, som han Ivar Blekastad segjer: Maatehaldsmenn trur eg
likevæl i vaar Tid gjer ei god Gjerning ved aa gaa inn som
Avhaldsmenn for dei veike si Skuld,
_
_ _ _ _ _
tak burt den Steinen fraa Føtom deira
_
at dei ikkje skal stupa yver han.
Vidare
segjer han Ivar: Det er so ofte at Avhaldsmenn og Maatehaldsmenn
lastar kvarandre, fordi dei ikkje kann dela Syn paa korleis ein best
kann arbeida imot Drykken.
_
Det burde dei ikkje gjera. Dei arbeider baade tvo mot det same Maal.
Her kjem me ikkje til aa dela Syn eg og Du hell goe Ivar! Men
det kann gjerne henda
_,
at det tvisynest for mine Augo, det skal eg ikkje negte. Lat
oss tenkja lite paa korleis ein Maatehaldsmann steller seg aat
Avhaldssaki no um Dagarne. Han kjempar i mine Augo ein Saulus-kamp.
Han kjempar paa ein Maate
imot
Aavhaldssaki, som han var meint paa aa kjempa
for
og vera til Hjelp, forutan at han sjølv veit av det. Og det gjer han
med di at han støyter og forargar kanskje mange umkring seg,
_
og so er det alt det verste til sist
_
han stytter den verste og sterkaste Motstandaren aat den Saki han har
sett seg til Maal aa hjelpa fram til Siger
_
han er med og held uppe Brennevinet.
Men eg negtar ikkje, at det kann finnast Maatehaldsmenn, som ærleg
trur, at dei for sin Del
_
best kann arbeida for Saki paa den Maaten. Og er dei daa au av dei,
som er verdige aa kallast Maatehaldsmenn
_
so kann det nok henda, dei kann gjera mykje godt for Saki endaa
_
um dei ravar i Villun her. I alle Fall so er det no ikkje bra
aa lasta slike daa.
Det
kann vera mange Maatar aa arbeida imot Drykken paa. Me har no
Valmannsvali og Stortingsvali
_
segjer han Ivar Blekastad.
Ja
det er sant det. Me har mange Maatar aa arbeida imot Drykken paa,
naar me berre nyttar Tilhøvi. Ja gjev den dagen snart var komen, at
det norske Folk kravde fullt ut Avhaldsmenn
_
radt fraa Tingsalen og ned til dei minste Umbod. Ja eg skulde ynskja
den Dagen var komen.
Eg
ynskjer ikkje dette berre for Drykken og for Avhaldssaki si Skuld i
det heile
_
for Avhaldssaki vil nok ein Gong trengja seg igjenom og vinna fram
_
um ikkje so snart. Ho lyt ein Gong bli fangteki av heile det norske
Folk so sant, som det har Lov til aa byggja og bu under
Vælsignelsens Lov
_
og bli eit lukkelegt Folk
_
eit Folk med Von um ei vakker Framtid
_
det kann me vera rolege for. Og ho har med seg paa si Side av vaart
Lands beste Menn
_
dei, som tenkjer kjærlegast og varmast
_
og so har ho Kristendomen med seg, Sannheiti, Friheiti og
Kjærlegheiti
_
og ho skulde væl ha god Von um aa vinna fram den Saki, som har desse
Magter med seg veit eg.
Nei
det er ikkje for desse Skuld eg ynskjer den Dagen skulde vera komen;
men eg trur eg vonar det
_
at den Dagen daa Avhaldssaki har vakset seg sopas stor i vaare Augo -
daa staar det norske Folk mykje, mykje høgre, som eit heilt
sjølvstendugt Folk
_
livskraftugare og heilsugare hell det er i dag
_ baade
paa Kropp og Sjæl. Eg trur paa det!
Og
eg vil vona, at kvar ein med lite hjartelag
_
og, som har aldri saa lite sitt Folk og Land kjært
_
vil vera med her
_
og leggja attaat det vesle han orkar av Arbeid, i Kampen for alt som
me blir var gjer vaart Folk ulukkelegt. Daa fyrst gjer me etter denne
Tanken hans Henrik Wergeland som han syng so vænt um i desse Ordi:
Se
slanken Silje Hæg og Pil
og
Rogn sig sammenranke
_
det
nøgne Fjeld de dække vil
det
er en kjærlig Tanke.
Saa
norske Brødre! Bryst ved Bryst,
vi
ville med vemodig Lyst
vor
Moders Bryst selv hylle til
_
det
er en kjærlig Tanke.
Vaagaa
den 20de Septbr. 1885.
0
+ 0.
¹)
Har
Husmanden
i eit av No. sine viljat gjevet Plass for desse Linom au
_
har det voret bra.
Publisert