[Tidender.] Nedenes skal takast,

 
det er Talen millom Høgre no.
 
Dei hev det med det Høgre, at dei samlar sine Krefter og dreg ihop sine Menn der som dei trur, at det er den beste Voni for seg, og der driv dei paa med ein Sprenghug, som er fælande. Dei sikre Vinstrebygderne bryr dei seg aldri um.

Fyrr var det Akershus, som dei mest forsette med Politikken sin; daa dei tapad der, hev dei flutt Heren sin nedgjenom til Agder; Daae og Hertzberg og Rustad og Skaar hev voret paa Tur der og skal fiska Sjømenn for Høgre; for Sjømennerne trur dei no er so fælande dumme maavita, so dei trur den som preikar best, og me skal vaaga dei brukar baade Bibel og Salmebok aat det Folket. Sjømennerne er trugne Folk dei, som hev voret so mykje ifraa, at dei ikkje so lett kann skyna kor Høgre er fæle til aa ljuga; allvist naar det er sopas mætne Karar som baade Statsraadar og Professorar, som kjem og legg ut.
 
Men det er sanneleg ikkje aa spara for Vinstre helder, dei maa daa bry seg sopas, at dei ser etter Kararne og fortel Sanningi, so vil nok Folket finna rette Leidi.
 
Vinstre maa arbeida, medan det er Tid og ikkje berre lita paa Lukka. Den Skammi maa ikkje timast oss, at Vinstre vert fraastolen so gjæve Bygder. For skulde me attaat Øverland ogso missa Liestøl, so vart Bondemagti for veik paa Tinget.