Tidender. [Stavangervalet]

 
Kristiania, den 22de Septbr.
 
Stavangervalet skal vera um Fredagen. So underlegt skulde henda, at Høgreforeiningi der no hev slegjet seg isaman med det reine Vinstre um aa støyta Oftedal. Dei hev avgjort, at dei vil røysta paa 22 av dei 28 valmenn, som det reine Vinstre hev sett upp. Vestlandsp. vil faa det til aa sjaa ut, som um det her er Vinstre, som hev samt seg med Høgre. Var det so, so vøre det stor Skam. Men etter andre Upplysninger ser det ut til, at Vinstre er skuldfritt i so Maate. Det er Høgre, som hev funnet paa det av seg sjølve, utan aa verta tilraadt av Vinstre, at dei helder vil sleppa ein rein Vinstremann inn enn Oftedal.

Likevæl maa me no segja, at me ikkje kann lika slik Greide.

No slær ogso sume paa det, at den Mannen, som er tenkt i Staden hans Oftedal, Grosserar S. Berentsen, ikkje skal vera fullstød Vinstremann. Andre avsannar det att, og segjer, at han er so stød som nokon annan.

Men det segjer me, at skulde slikt visa seg, at dei avsette Oftedal og tok ein halv Høgremann i Staden, so vilde slikt vera til likeso lite Heider for Vinstre i Stavanger, som at Øverland vart kastat.

Me hatar ikkje Oftedal, so me vilde ynskja kven det var i Staden hans. Det er berre i Tilfelle, at det kunne finnast nokon høvelegare, at me vil hava Oftedal umbytt med nokon annan, og det trur me ikkje er umogelegt aa samla seg um nokon slik.