Lars Oftedal.

 
Den Mannen hev voret namnspurd lenge.

Han sprengde tileg Soknegrensurne sine og Namnet hans foor ut paa Vidverdi. Det var slikt megtugt Maal i han, naar han lagde ut um Synd og Dom og Naade og manad Folket til Bod og Betringsgraat, Kyrkjelyden flokkad seg under Preikestolen hans fraa lange Leider, sat og lydde med Skjelving, Sukk og Taarer.

Drjug og uvand var han i Talen sin, uvyrdsleg aatsøkjen og avbragsleg i si Gjerd, ikkje rik paa Tankar og vide Syner, ikkje fagre elder hildrande Ord, hardt og sterkt var hans Ljod, som Trompeten, naar han vekkjer Soldaten upp til Dagsens mødefulle Arbeid. Inkje er det mange Tonar i Oftedals Song, han kjem durande og dynjande som Vinden frammed ein Fjellvegg; men rett for ei Kraft!

Lars Oftedal hadde det Laget, som jamt plar fylgja slike sterke og einstyrne Karar, at han snart vart uforlikt baade med Jamlikarne sine og med dei, som stod yver han. Det hev voret lange beiske Stridar i so Maate. Oftedal kunne væl hava Rett i desse Stridarne stundom og stundom ikkje, men daa han tilvissa var den mest munndjerve og aldri hev voret rædd for aa rosa seg sjølv og døma sine 
Motstandarar, so vann han Ry meir og meir.

Endaa grumare vart han, daa han vart Vinstremann og Bladstyrar; Vinstre var ikkje unøgde i det aa kunna hava ein Prest, som dei kunne setja framfor seg som ein Skjoll imot Skuldingar for Vantru og Tykkjeløyse i det kristelege. Til meir skromad og skrøyvde det av Oftedal.

Men no hev han naatt sitt Høgste, han hev no voret frami so mange Ting, at Folk hev røynt, korleis hans Natur er lagad, kvar han hev sine Evne, og kvar han helst maa brukast.


Hans Vener, som kjende han best, viste væl, at Oftedal ikkje var lagad til Stortingsmann, Klokkar Vollan sagde det soleis beint ut, at han skulde ikkje koma paa Tinget, men Folket, som ikkje kjende han so godt, let seg likevæl lokka av det gilde Namnet og sende han. Men no er det nok mange, som sannar Vollans Ord, at um han kann vera aldri so gild i andre Maatar, so høver han ikkje til 
Tingmann.


Som Stortingsmann hev Oftedal røystat med Sverdrup i alle større politiske Saker. Han hev ikkje voret med so mykje i Ordskiftet, og der han hev ordat seg, hev han meir komet med Preikur enn med saklege Utlegg, hans Talarevne høver ikkje i Stortingssalen. Um hans Arbeide i Komitearne vert det helder ikkje rødt mykje.

Det var daa nokre Saker, som ein skulde venta, at Oftedal skulde hava godt Forstand paa, nemleg dei kyrkjelege. Men der er det nettupp, at han baade vantar rett politisk Takt og Klokskap til aa vinna noko fram, og at han ikkje hev det fulle Syn paa kva Aandsfridom vil segja.

Fyrr galdt det ikkje so mykje med desse Ting; det var fyrst og fremst den politiske Fridom, som skulde tryggjast, men no heretter vil Arbeidet for Aandsfridomen standa paa Vinstres Program som ei Sak av fyrste Rang. 
Og der kann ikkje Oftedal arbeida med. Han hev for trongt Syn i so Maate, korkje hev han nokon stor teologisk Lærdom, og ikkje er hans Samhug elder Kjennskap til vaar heile Aandsutvikling serskilt stor og klaar. Det er einast dei kyrkjelege Spursmaal, som han bryr seg noko større um.

Me for vaar Del held det kyrkjelege Arbeidet for overlag gjævt. Me held det for større Saker enn baade Jurysaki og Hersaki, og i so Maate kunne me hava Grunn til aa vera glade i aa hava Oftedal paa Tinget, han som me sikkert veit det um, at han stend paa eit fullt kristelegt Standpunkt.

Men likevæl hev me fenget det faste Inntrykk av, at hans Maate aa taka Saki paa vil seinka og ikkje fremja Arbeidet. Han er ikkje so fri som Chr. Bruun, som segjer: lat oss berre faa noko i gang paa det kyrkjelege, so greider Utviklingi Resten. Nei Oftedal stend fast paa det, at det er ikkje noko anna som duger enn Jak. Sverdrups Framlegg, det vil han hava gjenomført i alle Delar og ikkje slaa av det mindste.

Jak. Sverdrups Framlegg er sett fram berre til Dryfting og Prøving, det er ikkje noko vist Program og allermindst noko Regjeringsprogram, som Oftedal vil hava det til aa vera.


Jak. Sverdrups Framlegg er eit godt Arbeid i mange Maatar og væl tenlegt aa leggjast til Grunn for Dryfting. Men det hev og store Lyte og Meinsyn, som gjer, at det etter vaar Meining vilde vera til Skade for Utviklingi, um det vart vedteket paa den 
Maaten som Oftedal vil. Han set so alt paa Spissen med dette Framlegget, at det samlar Motstand og Uvilje mot det kyrkjelege Arbeid paa mange Kantar. Og naar det fell paa Tinget, som er altfor sikkert, vil det ganga ei god Stund igjen, fyrr det vert Stemning og Godvilje nok til aa faa noko fram paa dei 
Leider. Difor er det betre at det paa Stortinget kjem Menn, som ikkje hev bundet seg so fast som Oftedal, dei vil hava mykje lettare for aa greida Floken.


Me hev voret mykje glade i Oftedal og hans Blad, fordi det hadde ein politisk Daam, som ikkje var ættad fraa Kristiania. Me likar ikkje denne Kristianiadaamen. Me vil ikkje hava lenger denne Jurist- elder Sakførarpolitikken, som hev raadt her fyrr, me vil hava ein god og greid Bondepolitikk, me vil hava Bonde- og Arbeidarvelde i Landet. Og i so Maate hadde me gode Voner til Oftedals Arbeide. Men meir og meir hev det vist seg, at han ikkje der helder hev noko klaart Syn.

Det at han støytte Bondehovdingen Øverland ned, er noko som me aldri kann gløyma.

Nei lat Oftedal vera Prest, det er det einaste som han er fullt høveleg til. Men der kann han ogso gjera store Ting. Kanskje han paa Lengdi ogso gagnar det kyrkjelege Arbeid meir med det enn han trur, ja meir enn med aa vera Tingmann. For det er einast paa Grunnlag av eit friskt og sterkt kristelegt Liv at det kyrkjelege Arbeidet kann hava si fulle 
trygd. Lat so kvar verka der med dei Gaavur han hev fenget.

For so lenge der er Liv der, er det Von.