Herr Olaf Huseby og Det norske Samlag.

 
... saa skylder jeg at oplyse, at Det norske Samlaget er i betydelig Gjæld, skriv Herr Bokhandlar Huseby.

Det ser heilt fælt ut. Det ser ut som Samlaget skulde vera insolvent elder der burt imot.

Herr Bokhandlar Huseby, er harm for, at me tek Munnen full, naar me talar um 
Framgangen for Maalsaki, _ kvi tek han her Munnen full med ein stor Talemaate istadenfor beint og greidt aa nemna Talet?

Samlaget hev lagt fram Rekneskapen sin, so kvar Mann kann sjaa, kor som til stend. Rekneskapen er prentad i Fedraheimen og andre Blad. Det stend innteket i Samlagsbøker, som Herr Huseby sjølv har aa selja.

Kvi hev ikkje Huseby, som fer med Statistikk og Reknestykkje, haldet seg til Rekneskapen og til Tali?

_ Herr Huseby er Forretningsmann. Veit han kva det hev paa seg aa setja ut um ei Forretning, at ho er i betydelig Gjæld?


_ Same Herr Huseby jamrar seg fyre, at han fær selja so lite Maalbøker. Han er Hovudkommissjonær for Samlaget. Er Herr Huseby trygg paa, at han gjer alt, som kann gjerast, for aa faa Bøkerne selde?

Eg tykkjer det er ikkje ofte ein ser Lysingar i Bladi fraa Husby & Co. limit. um Samlagsbøker, som kjem ut. Ikkje ser ein Samlagsbøker i Vindaugo hans helder. Um dei ligg framme paa Disken hans nokon Gong, veit eg ikkje. Og helder ikkje veit eg, um han sender dei ikring til andre Bokhandlarar. Eg hev berre høyrt Folk segja, at Samlagsbøkerne ikkje er ofte aa sjaa ute i dei andre Byarne.

Naar Herr Huseby vilde ut og fortelja, at Folk ikkje vil kjøpa Samlagsbøker, so burde han væl fyrst ha tenkt yver, at det er ikkje godt for Folk aa kjøpa Bøker, naar Bøkerne kanskje ikkje er aa faa. Og at det ikkje er ventande, at ein fær selja Bøker, naar ein ikkje hev seg ute i Bladi med baade Lysingar og Meldingar. Herr Husby fær ikkje selja danske Bøker helder utan. _

Naar Huseby er leid for, at Folk ikkje vil ut med Pengar, naar det gjeld Maalsaki, so er det rimelegt og rett. Det skal endaa henda, at det norske Samlag ikkje kann faa Pengar av visse Folk fyrr det sender Varsel um Stevning og Rettens Magt. At Herr Huseby ikkje fortalde um det i Nordtrønderen er nokso rart! _ For han kjenner vist til det _?

_ Eit Spursmaal til Samlagsstyret. Kann 
Styret forsvara aa hava ein Kommissjonær, som offentleg sett ut Snakk um Samlaget, som ikkje anna kann kallast enn kredittspillande?
 
x.