Fraa Landet.

 
Me lyt læra at forstaa, at den, som avlar ei Skjeppe Havre, er større enn den, som skriver ei middels Bok, at den, som fær tvo Straa til at veksa der, det fyrr vaks eit, er ein Vælgjerdsmann mot Ætti.  
Garborg.

 
Ein Ting, som vistnok alle, som hava sett seg litt inn i Høve uppe paa Landsbygdi i dei seinare Aar, maa hava lagt Merkje til, er den trykkjande Motløysa, ja mest Fortviling mange Stader, yver alle dei Ulempur, som synest aa stella seg ivegen for ei sorgfri Utkome. Ein høyrer snart sagt fraa det heile Land Klagemaal yver desse tronge Tider, Klagemaal, som ogso visar seg aa vera sanne ved alle dei Tvangsauktionar og Fallittar, som mest dagstøtt er aa høyra um. Desse Klagemaal er somykje meire agtande, som dei likesovæl koma ifraa Landsens rikaste Bygder (Gudbrandsdalen og derikring) som fraa dei meire fatike Kantar. Det er ei Uheppe, som synest aa hava treft alle, so nær som Byarne til dels og største Delen av vaare Embætts- og Umbodsmenn. Det hev rektignok ikkje voret so rett bra i Byarne helder no i dei seinare Ti-der; men Ulempurne er daa likevæl ikkje so leide der. Væl peika mange og daa iser Embætts- og Umbodsmenn, Lærarar o. s. b., som aldri synest aa kunna læra Folks sanne Tilstand i so Maate aa kjenna, paa at me etter Maaten hev utruleg utviklad Skibsfart, Handel, Fabrikdrift, Jarnbanar og ellest godt Vegastell og Dampskibsfart, og segja, at dette her er nok til aa prova vort Lands storartede Fremskridt i materiel Henseende. Men desse Ting her vil aldri for vaart Lands Vedkomande vera i full Samhøve med Landsens økonomiske Forfatning. _ Ein kann sadla Bukken, til han blir jamgod Hesten er eit gamalt Ord. Vaart Storting og Regjering hava havt det svert so annvint med aa sadla vaart fatike norske Folk etter utanlandsk Mønster, noko, som iser hev synt seg i Herstellet og ofte i Jarnvegsbygging, men det er eit Spursmaal, um ikkje Bukkebeini, so sterke dei enn kann vera, brotnar under Byrdi av den tunge Sadelen med alt Tilhøve. Iallfall burde vaart Storting og vaar Regjering hugsa paa, at me er eit fatikt Folk og Sparsemd i Statshusholdningi er Vinstres vigtugste Programsak. _ 
Tilstandet er daa tilvissa slikt her uppe paa Landet og daa iser her i Telemarki, at paalag berre ti av Hundradet kann segjast aa eiga sine Gardar, og ein Fjordepart av vaart Gardbrukarstand er so gjeldbundne, at dei aa segja ingenting eig. Men so meina mange, at naar Timmerprisarne blir betre, so vil alt retta paa seg, og dei gamle Klagemaal slutta. Men me vita alle, at dette berre vil bli braanøytes. Sosnart som Skogarne er uthogne _ og det gjeng svert fort, naar Prisarne er høge _so er me uppe i same Fatikdomen elder i ein endaa større for det, at vaare andre Næringsvegjer ved Skogarbeidet vilde bli tilsidesette og forsømde. Det er no ikkje mi Meining aa negta kva Skogdrifti gjeld som Næringsveg; men eg vilde, at ein skulde taka den for det Verd ho hev berre attaat det andre. 
Eg vilde, at me skulde setja all vaar Kraft inn paa aa forbetre vaare andre Næringsvegjer, vaart Jordbruk og Kreturstell. Men so møta me her ei Innvending, som synest aa hava vortet meire og meire aalmenleg her uppe i dei seinare Aar og den er, at det ikkje løner seg aa driva Jordbruk lenger. At sume taka denne Tanken aalvorsamt, visar noksom den store Utvandring til Amerika og den sterke Tilstrøymning, som Skularne iser Latinskularne hava havt i seinare Tider. Ja, skulde denne Tanken vera sann, so var det det klokaste, at me det fyrste det beste, store og smaa, unge og gamle tok vaart Pikpak og strauk yver til Amerika elder Afrika for aa prøva der; for det var daa betre det enn aa sitja her heime og svelta ihel Tomme for Tomme. Men dette Paastand er til all Lukke ikkje sant. Me hava nok Døme, som visar det motsette. Her er soleis Gardbrukarar, som utan at hava havt Skogen at draga Pengar utor, hava drivet sitt Jordbruk med slik ein Bate, at dei hev vortet rike Menn aa kalla. Utgifterne er rektignok langt større no enn tidlegare; for det at me liva eit meire folkelegt Liv i alle Maatar. Vaar Kultur er meire høveleg utviklad, og ein større Kultur fører jamt det med seg, at Livet blir meire kostbert. Det er soleis ikkje mi Meining, at me for aa kunna liva her uppe, skal spinke og spara i alle Maatar _ endaa aa bruke litt mindre Kaffi, Tobak og Brennevin væl ikkje kunne skada men eg tenkte, at me kunne forbetre vaare Næringsvegjer so vidt, at der vart ei passeleg Jamvegt millom Inntekt og Utgift. For det kann væl ingen paastaa, at Jordbruket hev haldet Fotslag med vaar Utvikling i andre Maatar. Iallfall kan det segjast for vist, at det her i øvre Telemorki hev gjenget vonom meir tilbake; det same kann vist ogso segjast um mange andre Delar av Landet.

Dette meiner eg er vigtige Ting aa tenkja paa for alle. Eg meinar, at det er derpaa det kjem an, um vaar frie Forfatning fraa 1814 i meire elder mindre Mun skal standa som ei tom Form, som eit for tungt Sverd, som me ikkje orkar lyfte, langt mindre verja oss med, elder om den skal bli eit sant Uttrykk for eit fullt sjølvstendigt Liv blant Folket. For me veit alle, at all tale um Fridom og Sjølvstende jamt berre vil bli Flosklar og Frasur for den, som liver i Armod og Fatigdom. Trælesinnet og Raaskapen hev alltid i Armodsdomen sin beste Næring av den simple Orsak, at eit utarmat Folk aldri kann tileigna seg Kunnskap og Upplysning, som er talande um, desse Ting, som skulde virka som Solskin og frisk Luft i den myrke Kjellaren. 
Eg synest derfor, at Arbeidet for Vælstand no gjerne ei Stund maatte ganga fyre Arbeidet for Upplysning, ellest er det væl slik, at dei maa ganga Haand i Haand: naar Folk hava fenget litt meire Upplysning, so stig Trangen til Vælstand, og naar ein so er komen i Vælstand, lengtar ein etter meire Upplysning; me kann aldri skilja desse Ting aat. No synest det meg aa vera Vælstand me vantar mest. 
Her er formykje bokleg og forlitet praktisk Upplæring, som Vinje skriv um. Derfor lat vaart framtidige Maal vera:

Eit Folk med Vælstandog Upplysning.

G. D .