[Tidender.] Lærarmøte i Aafjorden.


Fosens Lærarforeining heldt Aarsmøte i Olden den 3die og 4de September. Blant fleire Saker vart ogso Maalsaki umhandlat. Flestalle var einig um, at Maalsaki var ei god Sak, som ein og kvar burde arbeida for aa faa fram so mykje som mogelegt. Spursmaali var um Maaten, som det best kunne ske paa. So tala dei um kva Gagn det vilde vera for Skulen, um Borni fekk bruka Lese- og Lærebøker paa Landsmaal. Alle Lærarar paa Møtet var einig um, at det Skriftspraak, me hev no og fyrr hev havt, er ein 
Hemsko for Undervisningi i Skulen. Borni maa i Skulen læra eit framandt Spraak fyrst, fyrr dei læra sitt eiget. Var det kanskje ikkje betre, at dei fyrst fekk læra sitt eiget, og so sidan det framande Maalet? Kann det vera aa venta, at Borni skal kunna forstaa eit framandt Maal, naar dei ikkje har lært sitt eiget Spraak? Nei, det kunne ikkje ventast. Men Folket er rædd for store Utgifter, og dei vart einig um, at Maalvennerne ikkje maatte gaa for braadt fram med aa tvingaLese- og Lærebøker inn i Skulen og Heimen. Me maa sjaa til aa faa Folket meir kjendt med Landsmaalet. Det kann skje paa den Maaten, at me Lærarar uppmodar Folket til aa kjøpa seg Bøker paa Landsmaal, for at dei kann læra seg aa lesa det. Daa fyrst vil dei sjaa, at Landsmaalet er lettare for Borni aa forstaa enn det danske Bokmaal. Naar Foreldri hev lært aa sjaa det, vil dei med Glede lata Borni faa baade ABCbok, Lesebok, Katekjes og Bibelsoga i Landsmaal, sjølv um det kostar litt. Daa skulde ein sjaa, at Skulen skulde kunna vinna mykje meir enn no. Borni skulde daa faa større Forstand paa det dei les, og deira Kunnskap vilde daa bli meir livande enn den no er. Dei vart ogso einig um, at 
Foreldri, som ynskjer det, kunne kjøpa ABC-bøker til Borni sine og prøva, um ikkje Borni kunne læra stava like godt paa Landsmaal som paa dansk. Dei vilde daa faa Kjensla for, at Borni lærde fortare aa lesa greidt, enn dei no 
gjer. _ Dette er i stutte Drag Innhaldet av det som vart sagt paa Møtet um Maalsaki.
 
J. A. O