Tidender.

 
Kristiania, den 15de Septbr.
 
I Skien hev Vinstre vunnet ved Komunalvalet. Castberg vart innvald med 224, Høgre hadde 195. Etter dette er det Von um, at Vinstre kann vinna ved Stortingsvalet, berre dei er samstelte.


Gjeng det ikkje an aa vera god hell daa? Det ser ikkje ut for det.
 
Naar Vinstre gjer væl imot ein politisk Motstandar, so er me nok frie for aa faa nokon Takk for det av Høgre, skal ein tru. Nei Hogg og Skjemming fær ein attpaa.
 
No vart han gjord til Øvstestyrar i norske Heren denne General Wergelanden, som stod for og køyrde fram Kanonarne i fjor, daa dei vilde gjera Statskup.

Sjaa no, for det at Sverdrup var so snild og vil at alt gamalt skal vera gløymt, so kved Høgre upp paa den Visa, at Sverdrup no held med dei, likesom um han ikkje heldt den Statskups-styggedomen deira for nokon Ting.

Vil dei endeleg berre hava hard Framferd Høgre og likt imot likt, so skal dei alltid faa kjenna, at me kann gjera det.
 

Spursmaalet um Daudstraffen er no framkomet i Ordskiftet atter. Det er no nemleg tvo Menn, som hev vortet dauddømte. Den eine var Strafffangen Andreassen, som drap Vagtmeistaren sin; han hev no vortet naadad. Den andre er Sersjant Berven, som drap Kjeringi si, fordi han vilde hava ei onnor. No er han og innstelt av Regjeringi til aa faa Naade, det er berre Sørensen, som vil at han skal rettast.


Storingarne i London hev vortet fælt sinnad paa den djerve Bladstyraren, som tok til aa rota upp i Sedløysa deira. Dei vil hemna seg paa han. Dei hev sett Klage paa han, og skuldar han og Medarbeidaren hans, for at dei sjølve hev voret med og burtført Ungmøyar. Saki er den, at daa dei heldt paa med og granska dette Ustellet, so maatte dei laast som um dei var nokre fæle Karar sjølve, skulde dei rett faa sjaa korleis det gjekk for seg. Men Bladstyraren er berre glad, fordi desse Hemnraaderne kjem fram. Det var greidt, segjer han, no skal Retten faa Tilføre til aa granska dette Stellet, og daa skal det verta sannat synbert for heile England, at me ikkje hev lagt fram anna enn reine Sanningi i alle Maatar.



Lista yver Lagsmenn i det norske Samlaget. Det er mykje forvitnelegt aa sjaa i denne Lista. So tykkjer eg iminste, eg hev alstødt slik Hugpaa statistiske Samanlikningar. So hev eg reknat ut, kor mange Lagsmenner Samlaget hev i kvar Landslut, og kor mange det hadde fyrr o. s. fr. Eg finn daa, at Samlaget hev gjenget utrulegt fram i 1884. Det hev paalag 300 Lagsmenner fleire enn i 1883. Serleg er det Vestlandet, som hev teket eit drjugt Steg fram i det fyrre Aaret; men og mange Stader paa Austlandet er Tilvokstren stor. Den meste Framgangen hev Samlaget havt i Sogn og Fjordarne; der var det i 1883 berre 43 Lagsmenner, men i 1884 146. Hardanger og Hordaland hadde fyrr 50, no 90. Bergen 49, no 75. Paa Austlandet kjem fyrst Vestfold; det hadde fyrr 23 Lagsmenner, no 68, so Austupplandi, fyrr 58, no 85.

I dei fleste Fylkje hev det voret Framgang, men ikkje so mykje; sume Stader syner det seg Attergang au (soleis telefylkjet), men berre lite.

( Nora).


Statsraad Jakob Sverdrup skulde standa bakum denne Valgreida hans Vollan burti Bergen, hev dei sett ut. Men det hev Statsraaden avsanna, han skal hava sagt, at han likad ikkje sjølv den Greida.


Pengetjoven paa Budøy Posthus er funnen. Det bar so til, at ein Fatiklem i Trondheim snaavad nedmed Bryggja, og so kom han med Haandi si uppunder ein Bjelke, og daa datt det ned ei Teiknebok med paalag 7500 Kr. i. Dette gjorde, at dei tok Mistanke til ein, som sveiv der, og no hev han tilstadet.


Nyt Tidsskrifts hefte 5 er nettupp utkomet: Julegæde, Kristian Gløersen. _ Kommunistiske Samfund i Nordamerika, Professor Ebbe Hertzberg . _ Sammensatte Ord hos Ibsen. En sproglig Undersøgelse, Alfred Eriksen. _ Constance Ring Bokmelding av Arne Garborg . _ Vandredrage, Dikt av Johan Bøgh . _ Stortingsvalgene, Professor I. E. Sars .


Utvandringi. American-Liniens Postdampskip Lord Clive kom til Philadelphia den 6te d. M. med dei, som reiste fraa Kristiania den 21de August. Alt væl.