No vert det for galet.

 
Hev dei ikkje faret og tuslat so lenge, til dei fekk Øverland støytt ut or Tinget. Han vart ikkje valt. Alle dei andre vart gjenvalde, Øverland hadde berre 25 Røyster, umlag 40 Vinstremenn røystad ikkje paa han. Ein Klokkar vart sett i Staden hans. Slikt var meir, enn me hadde tenkt oss. No hev Høgre vunnet ein stor Siger, Siger for det som dei hev arbeidt for so lenge: aa faa tynt Bonden og hans Velde. No tek dei den Tidende med Fagnadrop, at ein av vaare Bondehovdingar er fallen, ein av dei som hev voret djervast framme i alle Ting, ja me segjer ikkje formykje, naar me segjer at han var av dei djervaste der sat paa Tinget.

Og kven er det som hev kastat han aat Marki? Det var ikkje Høgre, men det var ein, som Høgre no vil takka i Løynd med Kvad og Salmar, det var Lars Oftedal.

Me var aldri ottsame, me tenkte aldri det var anna enn berre Ord, naar Presten bannlyste Bonden, me tvilte aldri ei Stund paa Utgangen av den Striden, for no er daa Bonden vorten so upplyst og sjølvstendig, at um aldri so mange Prestar sette seg imot han, so stod han like rak.

Men naar Presteveldet endaa skal vera so stramt, daa gjeng det sanneleg for vidt. 
Og det paa Vestlandet, som daa skulde hava Ordet for, at det ikkje let seg tukta.

No fær Verdens Gang sjaa no, kva Fylgjur det hev, at dei skrøytte han so oveleg upp her for ei Tid sidan.

Verdens Gang og Fædrelandet hev baade tvo paa kvar si Vis arbeidt saman um aa gjera Oftedal stor. Og no er det Fædrelandet som han hev tent.

Oftedal er visseleg ein gjæv Mann og ein framifraa Prest, men i Politikken hev me aldri havt full Tillit til han. Me hav aldri viljat gjort honom til nokon Avgud anten i den eine elder andre Maaten.

Men naar Oftedal er Bondens Uven paa ein sodan Maate, daa er han ikkje vaar Ven hell.

No er det ikkje onnor Raad enn aa støyta Oftedal i Stavanger.