Lidt um Jordbruk.
(Av
J.
Å.
).
Det
ser ikkje ut til aa verta tidleg, me fær i Hus korkje Korn elder
Poteter iaar, iallfall her på Vestlandet. Det vert seint me fær
Bøen ryddug og Kreturi lyt gaa lenge i Heimehagen, so der vert baade
lite og magert aat dei tilslutt. Aa trøyta deim lenge i Fjellhamni
er og liten Mun i, slik som det er iaar med Snjo og Kalde. Me vert
nøydde til aa flytja fraa Fjellbeitom tidlegare, enn me kanskje
ynskjer det, i slikt Ver; for Beiti vert brune og Kreturi vil ikkje
smaka paa Fjellgraset meir eingong. Og so minkar Mjølki mykje for
kvar Dag, og det er det verste. Dei, som no har gode Heimehagar, kann
endaa klara seg bra; men har ein ikkje det, so vil det ikkje vara
lenge, fyrr Mjølki minkar like so mykje i Heimehagen, som ho gjorde
sist me var paa Fjellet. Paa Bøen har me endaa mykje Grøde
staa-ande, so der kann me helder ikkje sleppa deim. Dei fær liva
som dei kann og tæra paa Talgi ei Stund, det finst ikkje Raad for
det, meiner væl dei fleste; for det kann ikkje annorleis vera, trur
dei. Lat oss sjaa litt paa dette og paa Fylgjurne av det. Tankegangen
er
_
og eg trur han er aalmenn
_
at dess
lenger
Kreturi kann berga seg ute um Hausten, dess betre kann me føda deim,
naar me set deim inn, og av dette fylgjer daa og, at dei skal gaa so
lenge paa Bøen, som det er Raad til. Naar Kreturi skal gaa og
slengja paa liten og daarleg Mat, som dei er nøydde til aa gjera i
ein daarleg Hamn seint paa Hausten, so segjer det seg sjølv, at
Mjølki maa minka burt i mest ingen Ting. For dei Næringsemne, som
der fyrr var nok av baade til aa halda Dyri i godt Hold og til aa
gjeva mykje Mjølk av, dei er der no so litet av, at det ikkje
eingong strekkjer til aat den eine Turvi etter det fyrre Maatet.
Kreturi magrast for kvar Dag og tapar litt etter litt og so Motet til
aa fara umkring og leita etter Mat, so dei skrøkk endaa fortare. Med
det same dei daa kom paa Bøen, liver dei kanskje bra dei tvo tri
fyrste Dagarne; men seinare vert det uppatter det same der og. Naar
det daa endeleg lid so langt, at dei skal setjast inn og faa Maten
sin inn i Fjoset, so er dei so magre, at det fyrste, me daa har aa
gjera (so langt er me komne, at det oftast vert gjort og), er aa
setja deim i slikt Hold, at dei kann gjeva like for Maten. Korvidt
knapp Fodring i det heile er lønsamt, skal eg tala um næste Gong;
her vil eg berre peika paa det skadelege i det ujamne Haldet aat
Kreturi. Naar Dyri vert jamt heldne so som um Sumaren, so vil
Mjølkjekertlarne og avsondra ei nokolunde viss mengd Mjølk for
Døgret, og dei vil liksom av Vane avsondra like myket med det same,
Dyri fær mindre Mat og; men naar der ikkje er Næringsemne nok i
Maten til aa gjeva Like for det, som avsondrast i Mjølk, so vert det
straks teket Kjøt og Feitt av sjølve Kroppen istaden og so lenge,
der er noko; men samstundes vil og Mjølkeavsondringi siga ned til so
lite som mogeleg. Fær dei no betre Kost, so skulde ein tru, at dei
straks gav so mykje meir igjen; men det er ikkje so.
Matmeltingsreidskaparne, som no er uvande med kraftig Mat, kann i det
fyrste ikkje vinna melta so mykje meir enn fyrr, og det er berre litt
etter litt, at dei fær Kraft nok og igjen kann øvast upp til aa
melta mykje og næringsrik Mat atter. Ein stor Del av Næringsemni
vil difor i det fyrste gaa igjenom Dyrom utan aa gjera nokon Nytte.
Dette er altso eit endefram Tap. Hertil kjem og, at Mjølkekjertlarne
aldri vil kunne drivast upp til den Verksemd ved stundom knapp og
stundom rik Fodring som ved jamn god Fodring. Kreturi vil og lida ved
alle desse Yvergangarne fraa knapp til rik Fodring og umvendt, so dei
vert snarare gamle og utslitne. Men lid vaksne Kretur ved slik
Medferd, so vil Ungfenaden lida so mykje meir; for dei treng framfor
alt ei jamn Fodring, skal det verta gode Kretur av deim. Aa greida ut
Orsakerne til dette vil taka for mykje Rom i
Fedraheimenog
for mykje Tid for meg; men er det nokon som vil setja seg inn i
Lovarne for Husdyrhalde
_
og det bør alle dei gjera, som kann det
_,
so vil eg raada del til aa kjøpa Tuesen:
Husdyrbruget,
og les de den Boki med Umtanke, so skal de ikkje angra paa Kjøpet.
Dette
er um det ein tapar endefram paa Kreturi; men ein kann tapa paa ein
annan
Maate
og ved denne Sveltefodringi paa Hamn og det er, naar ein let den
dyrkade Mark snaudgnaga slik som ein ofte ser. Eg vi raada deim, som
bur i slike Grender, der dette er aalment, til aa leggja ut eit litet
Stykkje Mark, som ikkje beitast snaudare, enn der staar igjen so
mykje, at Marki er yvergrønad og dekt av Haastubbarne etter
Beitingi; det vil segja, Haastubbarne skal vera ein 4
_5
cm. lange. De skal daa til næste Aar faa sjaa, at der vert mykje
betre Høy paa det Stykkjet. Dette er og noko, som er urimeleg. Lat
oss tenkja oss ei so snaudbeitad Mark, at me ser berre Moldi millom
dei turre Grasstubbarne, og ser me væl etter, vil me og finna ein
Flokk snaude grasrøter imillom. Desse moldberre Grasrøterne vil
turka vekk og døy ut paa eit Par Haustvindsdagar, og berre dette vil
meinka Grasvokstren mykje um Vaaren. Der som er berre Moldi vil Mosen
straks om Hausten finna godt Rom til aa breida seg, og han veks godt,
um ikkje det er so varmt i Lufti. Han øydelegst ikkje av Kalde og
Turke, men er ferdug til aa veksa vidare, so snart som der kjem Væte,
elder Varmen stig yver Frysepunktet. Um Vaaren vil han paa mange
Stader alt hava vakset yver Grasstubbarne, og dei unge Grasspirarne
som daa stengjest ute fraa Ljos og Luft, kjem seg seint fyre, og det
so mykje meir, som dei beste Røterne er øydelagde um Hausten. Alt
dette gjer, at Mosen fær meir og meir Yvertak, og etter nokre faae
Aar ser me ei Mark med nokre magre Grasstraa standande glenne
burtetter og so tjukk Flo med Mose utyver heile Marki.
Paa
ei Mark derimot, som er godt yverdekt av Grasstubbarne, fær ikkje
Mosen stort Rom til aa veksa, og Grasrøterne vert ikkje øydelagde
um Hausten. Graset vil tvert imot daa setja nye Røter og spira mykje
tidlegare og kraftigare fram um Vaaren. Skulde der daa av og til
finnast noken Mose ibland, so vil det tett og frodigt uppveksande
Graset snart kjøva honom, so han ingi Magt fær.
Dette,
at den gamle Grasroti fær skjota ut nye Røter um Hausten, er ein
vigtug Ting paa varige Engar. Men skal det faa Tid til dette, so maa
me helder ikkje beita for seint. Me maa sjaa, at det veks ein liten
Grand etter Beitingi um Hausten, for i det har me Prov paa, at det og
skyt nye Røter; men dette gjer det ikkje utan at det og veks ein
Grand ovanjords. Skal ein no beita Bøen tidsnok, so
vert det oftast Spursmaal um aa beita, medan Korn og annen Grøda
staar ute, og daa trur eg, at ein baade vil nytta Beite best og spara
mest Tid ved aa halda Kreturi i Band, liksom dei gjer i Grannelandi
vaare. Der brukar dei, jamvæl i Danmark, aa halda Kreturi i Band
heile Sumaren; for dei har ikkje anna brukbart Beite enn dyrkad Mark,
og so finn dei det meir lønsamt aa halda dei i Band ute paa Marki
enn aa slaa og køyra Fodret inn i Fjoset og hava Kyrne staaa-ande
inne alltid. So slepp dei og aa køyra Møki ut paa Marki atter, naar
dei beitar, naar Gjødsli fell paa Marki med ein Gong.
Publisert