Vestlandspostens Politikk


er det ingi Greide paa. Dei segjer so store Ord um, at det er for Trui, dei kjempar, det er den det gjeldst um aa verja no ved Stortingsvali, difor burt med alle Fritenkjarar.

Ja men kvifor gjer dei daa ikkje deretter?

No er det ein namngjeten Fritenkjar der vestpaa, som hev voret Tingmann, Konow.

Han skulde daa væl vera den fyrste til aa verta støytt ut, veit me.

Nei han let Vestlandsposten standa.

Men naar det er ein uvand Bonde, berre han ikkje hev same religiøse Meiningar som
Presten, so skal han straks støytast ned.

Me kann ikkje forstanda korleis Oftedal i Kristendomens Namn kann gjera slik Mannamun og fara soleis.

Skal det vera Krig imot Fritenkjaranne, so lat det vera Sanning i det, og høl ikkje for dei store, medan du tyner dei smaae. Det er aldri Kristendomens Gjerd; han gjer ingen Mannamun han.

Men skal det vera Tolsemd, so skal den og vera lik for alle, baade store og smaae.