[Tidender.] Gladstone
er
heimkomen ifraa Norigsreisa si. Han læt fælt væl um Norig. Han hev
sendt eit Brev til Lotsen han hadde, Hans Jakobsen. Det er
forvitnelegt aa sjaa kva den store Statsmannen skriv. Brevet lyder
so:
Eit
Telegram vart sendt dykk igaar fraa Skipet, og eg fyreheldt meg
helder aa bruka fleire Ord i Posten.
Lat
meg fyrst takka dykk for det De var so hugsam og flink, og segja, at
um eg torde vona aa vitja Norig meir, so vilde eg ynskja, at eg vart
lotsad av dykk.
For
det andre maa eg faa segja, kor me er hugtekne av Noregs storlege og
sermerkte Natur.
Var
det ikkje, fordi den urolege Nordsjøen laag imillom, trur eg me
vilde koma alle saman og heimsøkja dykk, likesom Fedrarne dykkar
vitjad oss for Tusind Aar sidan, og til all Lukke let so mange verta
attende til aa blanda sitt Blod i vaare Aarer.
Eg
trur ikkje, at eg i noko framandt Land nokosinn hev kjent meg so
heime som i Norig.
Men
det som gledde meg mest var, at Folket var so hugsamt kvar ein kom,
og at dei hadde slik Forvitne for vaare Framstig.
Ver
so god, paa den Maaten De finn tenleg, aa fortelja, at eg aldri skal
gløyma dykk og gamle Norig. Gud vælsigne det.
Dykkar
W.
Gladstone.
Det
er ein gjæv Mann Gladstone, me fær vona, at han maa verta fullgod
med Helsa att, og endaa eingong stiga upp til aa verta Englands
Styrar.
Publisert