Tidender.

 
Kristiania, den 11te Septbr.
 
Dei fær si Løn . Det gjeng sume Vinstremenn lurar og vil sjaa seg Tak til aa kløyva Samhaldet og faa fram sine eigne. Ein sodan Mann er Klokkar Vollan burti Bergen. No hadde Vinstreforeiningi sett upp si Liste. Vollan var sett upp som Valmann der og likeins alle, som røystad paa han til 
Tingmann ved fyrre Valet. Daa Lista var under Forhandling, gat ikkje Vollan eit Ord um, at han var misnøgd. Men sidan straks under Valet gjeng han og hans Folk stad og set upp si eigi 
Liste og vil kappast med dei hine. Hadde det daa ikkje voret so god ein Vinstreby som Bergen, so hadde det voret Høgre, som hadde vunnet paa den Kula. Men Endskapen vart ikkje anna, enn at 400 Mann vart so sinnad for slikt Knip, at dei strauk Vollan av Vinstreforeiningi si Liste, og Vollans eigi Liste gjekk det berre 100 
Mann med paa.
 
 
Gudelegt  Blad. I Fædrelandet skriv ein, som kallar seg for Vinstremann og uppmanar Vinstre til aa faa eit fullkristelegt Vinstreblad i Kristiania.
 
Til det svarar so Bladstyret, at slikt kann aldri nytta, for skal eit Blad vera Vinstre, so vert det ikkje kristelegt, og skal det vera kristelegt, so maa det anten verta Høgreblad elder so maa det _ døy.
Aa du fæle Fanatisme. Fekk Høgre raada som dei vilde, so vart det ikkje unt Vinstre nokon Ting. Naar det ikkje skal vera mogelegt for eit Vinstreblad aa vera fullt ut kristelegt so. Det er daa væl, at slike Folk aldri kjem til Magti, for daa vart det ikkje godt aa liva.

Var Fædrel. fullt ærlegt, so vilde det fortelja denne Karen, at Fedrah. iminste er fullkristeleg, so dei treng ikkje noko nytt Blad for den Sak Skuld. Elder kannskje Bladet vil skulda Fedrah. ogso for ikkje aa vera fullgod i so maate?
 
Aa nei, det agtar dei seg nok for.

 
Dei er Uvenner . Morgenbladet og Budstikkener komne i Luggen paa kvarandre. Det stakkars truskyldige Novemberlaget vil hava Overhus og segjer det beintfram. Mgbl. vil og ha Overhus, men likar ikkje, at det vert sagt. So ryk dei i hop. 
Budstikka jamrar yver Forkjetring og Tyranni; Mgbl. meiner, at havde vi i et Aar systematisk forkjætret Novemberforeningen og Budstikken for deres ærlige Overbevisning, er vi ræd for, at der ikke havde været meget igjen af nogen af dem.
 
Det er rett, Gutar. Slaast vekk! Oss er det det same, anten Mgbl. et upp Budstikka, elder Budstikkaet upp Mgbl.


England og Rusland. Eit stort tyskt Blad skriv, at me no hev høyrt Ordet um Fred so lenge for Øyro vaare, at me mest ikkje idest lyda paa det lenger. Vert dei og samstelte um dette Zulfikarskardet, so er ikkje Freden avgjort med det. For vil Russland hava Krig, so finn det alltid nok av Spursmaal til aa eggja seg inn paa England med. Rusland er ikkje fullbudt til Krig endaa, det maa hava noko meir Tid til aa umraada seg. Me vil ikkje setja for mykje Otte i Folk, men me trur no aldri, at Freden held seg lenger enn so ei 7 _8 Maanar.


Det kyrkjelege Landsmøtet skal haldast i Kristiania den 15de Oktober.


Stortingsval i S. Trondheim: Quam, Reitan, Sæter, Fjermstad.


Diedrichsen fraa Flekkefjord tek ikkje imot Gjenval.


I Smaaleni er det mange, som vil hava Vidding til Stortingsmann i Staden for Huser.


I Akershus er dei tenkte paa aa faa ein Arbeidar til Tingmann.