Kaldt og ruskutt
hev
det voret i Fjellbygderne paa det siste. Fraa Telemarki skriv dei, at
gamalt Folk kann ikkje minnast so grustelegt Sumarver som iaar. I
Heidarne kom det Snjo, so han gjekk heilt til Knes, og det vart reint
ille, kann ein vita baate for Folk og Kretur, dei røder um, at ei
Budeigje skal vera ihelfrosi, og Kreturi var det væl mest paa Livet
med og, for dei brukar ikkje Fjos paa Stølarne der, og daa det var
paa det kaldaste, maatte dei driva Kyrne att og fram heile Natti til
aa halda Varmen i dei. So snart dei kunne, laut dei fara til Bygdi,
heile tri Vikur for tidleg, daa hende det, at Kreturi maatte vassa
tvo Dagar gjenom knehøg Snjo, utan at dei smakad Matstraaet. Ein
Hestflokk jagad Snjostormen reint tilvegs, so dei hev ikkje fenget
Spurlag paa dei endaa. Paa Raulandsstraandi kom Kreturi setjande heim
av seg sjølve med Buring og Beljing, til ein Gard kom det soleis 800
Kretur paa ein Gong.
Telarne
burde eingong læra aa gjera det som dei hev det i Gudbrandsdalen og
Østerdalen, hava Fjos paa Sætrarne, og hava ein Høytapp aa stinga
burti Kyrne, naar det er Styggever. Daa kann dei taka imot ein Støyt,
utan at det gjer noko større. Men hev ein det ikkje soleis stelt, so
er det fælt, kor berre ein Uversdag kann gjera, at Mjølki gjeng
utor dei, dei kjem seg ikkje att fyrr paa lange Tider. Ein hev so
stort Tap av slikt, at ein kann ikkje tru det. Og det er daa av Kyrne
einast ein hev noko visst
aa draga i Fjellbygderne, so skulde ein sanneleg taka i med Aalvor og
faa so godt eit
Sæterstell
som mogeleg. For det løner seg det, paa Lengdi, skal de hugsa paa,
um ein kostar paa noko.
Likevæl
so maa ein segja, at dei hev gjort Framstig i so Maate Telarne og paa
dei siste Aari. Ein raakar daa paa Stølar no i nokorkvar Bygd, der
det baate er Mjølkebud og Kjellar, Fjos og hev eg set jamvæl
Avkjøling etter Coolys System. Men det er daa berre faae det,
Stordelen hev det paa det gamle. Eg var paa ein Støl i Sumar, der
dei brukad aa taka Kyrne inn i Selet kvar Gong dei skulde mjølka
dei.
_
Det er elles berre i nokre faae Bygder dei brukar det.
_
Ja slikt er Griseskap, sagde ein
Bygdemann, som sat der, men kva skal ein gjera, det er ikkje Raad
med det. Jauvist er det Raad med det, berre take i med Aalvor
Folk.
Men
um ein no og fer paa Meieriskule, so trur eg ikkje det er so stor
Nytten likevæl, for dei hev det paa for stor Maate der, som ikkje
høver for Smaafolk til Fjells.
Nei
det beste trur eg var, um Gjenturne kunne fara til Fjellbygderne i
Gudbrandsdalen og Østerdalen, og taka seg Tenest der eit Par Aar.
Daa vilde dei læra høvelegt Sæterstell.
i.
Publisert