Eit Brev

 
(fraa Arne Garborg ).
 
(Del 2 av 2. Fyrste delen.)
 
(Slutten).
  
Savalen er ein fin Sjø.
 
Det er ein Fiskesjø og; men Fisken er ikkje god aa faa Tak i. Vil du fiska med Fluge, maa det vera myrkt i Veret, og Vind, og ikkje for kaldt; daa bit han nokonlunde, helst utpaa kvelden. Best er det ei tvo _tri Dagar fyre eit Verskifte, segjer gamle Ola Svarthugu, og han veit det, han, maa du tru.
 
Eg hadde ikkje noko vidare gode Fiskegreidur, og Veret var berre so midt i Lag. Nokon Fiskar er eg nok ikkje helder, um 
Sanningi skal segjast. Men ender og Gong fekk eg eit Napp likevæl. Det var mest berre Smaafisk. Tvo elder tri nokonlunde store fekk eg likevæl paa Fluge, og so eit Par paa Sluk, men den største eg fekk, reiste med Sluken. Eg hadde ikkje Hov, ser du.

Det er so mange, som ligg og fiskar paa den Sjøen, at det er rart der kann vera so vidt Fisk, og at han daa bit some Tider; for det er med Fisken som med oss: han vert klok av ill Røynd. Savalfisken er den intelligentaste Fisken, eg hev voret ute for. Men so er han helder ikkje feit. Det er etter Vinjes Lære, det: Vit og talg høyrer ikkje i hop. Derimot er han fin og framifraa god i Smaken.

Rundt Savalen bur det mykje Kristianiafolk, og det er det einaste, eg hev imot Sjøen. Paa Sudsida bur Intelligensen: Grosserarar og Professorar; paa Nordsida elder Vestsida er dei radikale. Fyrst eg, som er den verste; eg bur i Garviki, som sagt. Noko lenger nord bur Candidatus theologiæ Ivar Mortenson; han er i Grunnen ein skikkeleg Mann. Han hev eit stort gildt Hus paa ei vid og ven Sætervang uppi Sandviki; men Sætri hans hev ikkje fenget Namn enno. Her ein Kvelden fyrr eg reiste var han uppi Hytta mi, og me var fleire saman. Han baud daa ut ei Premie til den, som kunde finna paa eit godt namn til Hytta hans. Daa sagde gamle Ola Svarthugu, at han meinte Hytta kunne heita Nordpolen. Det likad ikkje Kandidaten; men me andre likad det fælt godt, og eg er stygt rædd for, at Hytta hans vert heitande Nordpolen etter den Dag. Og so vert han sjølv heitande Ivar Nordpolen, elder paa Østerdalsk med Dativ: Ivar Nordpola. Men det skal du ikkje segja til honom, dersom du vil vera hans Ven.

Eg hadde det fælt godt der uppe.
 
Og ingen kann tru, kor kry eg er av aa eiga denne Hytta i Garvik-Lidi. Men tenk paa, kva det maa vera for slik ein Heimlausing som eg, som attaat some Tider ikkje er fri for aa vera litt mannvond, aa hava eit Hus, som eg eig sjølv, og som ligg so reint løynt upp i Fjellet, plent som ein Huldregard.
 
Den Hytta uppmed Savalen er i Grunnen det einaste, eg er fornøgd med i denne Verdi.

Og der kom min sanne Natur upp. Skriva kunne eg ikkje. Det einaste eg hadde Moro av var aa gaa ut i Skogen med Øksi elder Spaden og hogga Tre og Ved elder rydja upp; det vart ikkje stort av det, men likevæl! Og so aa koka Mat. Og trur du ikkje, at eg, som kvar Mann held for aa vera ein literat, ubrukeleg til all god Gjerning, trur du ikkje, at naar det kom til Stykket, so kunde eg koka baade Kaffi og Fisk og Kjøt og Jordeple og Graut, ja Graut! _ men ikkje Rjomegraut, den maatte ho Anne koka aat meg, og brenna Kaffi maatte ho og; ho Anne Svarthugu, veit du, Kjeringi hans Ola; og ein Vedhoggar vart eg, so eg mest skulde kunna liva av det, um Morgenbladetein Dag fær meg avsett fraa Statsrevisionen.

Ja Morgenbladet, ja. Det likar meg nok ikkje noko vidare, det, og iser kann det ikkje forstaa, at eg er Statsrevisor.
 
For eg skal ein Gong i Verdi ha skrivet eit galet Udkast til en Antegnelse, segjer Bladet.

I det heile er Morgenbladet misnøgd med Röda Rummet .
 
Den Statsrevisjonen gjer ikkje anna enn vondt, tykkjer Friele, og lite av det og. Og so uhøflege som me hev voret! Aldri eit godt Ord til Selmers Regjering. Ingen Kurteisi mot Morgenbladets Autoritetar. Ingen civiliseret og urban Tone. So segjer Friele. Og du kann lita paa, at naar Christian Friele snakkar um fin Tone, so snakkar den same Christian Friele um noko, som han kjenner til.
 
Men det kunne endaa vera med den grove Tonen, berre me vilde bruka han retteleg. Berre me vilde vera grove mot Riksrettsministeriet! Daa kunne det ikkje vera so ille, meiner Friele. Men no er Friele rædd, at me skal koma til aa bruka fin Tone mot Autoritetarne. Fyrr var me grove i Tonen, og det var vondt; no er han rædd me skal verta fine i Tonen, og det er endaa verre. Kva skal ein gjera med slik ein Statsrevision?
 
Ja, eg veit ikkje, eg. Eg vilde gjerne vera med paa aa gjera alle til Lags; men dersom no denne Regjeringi finn paa aa vera rimeleg og konstitusjonell og vyrdsam mot Storthingets Bevilgningsrett og slikt, so vert det ikkje so godt for Statsrevisjonen aa bruka den grove Tonen helder. Daa Selmer styrde, daa var det noko anna; daa kunde ein smyrja paa so tjukt ein vilde, og endaa vart det ikkje tjukt nok altid, totte eg. Men no?
 
Som sagt, det er ikkje godt aa vita. Me fær sjaa. Vert me for fine for Friele, so var det no alltid leidt. Men me fær trøysta oss med, at den grove Tonen døyr ikkje ut, so lengje Friele liver.

Men det var daa stygt aa koma til aa tenkja paa Morgenbladet her. Lat oss berre sjaa aa koma til Skogs att.
 
For der er fagrare Ting aa sjaa.

Du kann tru det var fint, naar ein lagde seg um Kvelden, Døri maatte vera uppe, og so liggja der og sjaa ut i ville Skogen med Bar og Lauv, so grønt og friskt som du aldri ser det i Dalen, og so lata seg svæva inn av Bekken, som gjekk ned gjenom den svale Lidi med si stille Surling. Elder ut paa Haustkanten. Daa vart Kveldarne myrke, stille og myrke, og Furutrei stod rundt Hytta, fælt høge, og fælt svarte, og uppe paa Himmelen, med Skyerne som dreiv, laag Maanen stor og gul og speglad seg i Sjøen, som vart til berre skjelvande Sylv og glytte inn til meg i Hytta mi gjenom alle dei krokutte Greinerne. Og so sat eg der ved Peisen og gjorde upp Eld, stor, susande Eld, med all den Veden, eg hadde hogget upp utetter Dagen.


Elder um Morgonen. Var Dagen klaar, so var det noko av det fyrste eg gjorde aa gaa utanfor Glaset, paa den vesle Vollen millom Hytta og Koja, og stira mot Vest; gjenom Furegreinerne kunde eg daa skimta Rundarne. Og saag eg, at dei var fagre den Dagen, so kleiv eg upp paa Toka av Huset mitt, og der, øvst uppe paa Mønet, kunde eg staa i lange Stunder og glo paa desse fagre Fjelli. Det var Stor-Runden og Diger-Runden, eg saag. Aa, so klaare og fine som dei sat der, so rolege og trygge, himmelblaae, sylvkvite, høgare enn alt. Men i den Lidi, der eg hev Hytta mi, budde det eit Par Storfuglar. Gjekk eg meg ein Tur, flaksad dei upp framfyre Føterne mine rett som det var, han veldig og svart, ho graaspettut og diger og moderleg, med svære, plaskande Vengjetak. Det var mine Fuglar. Daa det leid noko lenger utpaa, vart dei burte for meg; men dei kjem nok att. Dei veit, at eg ikkje vil dei noko vondt. Og det lyser eg hermed for alle Folk, at kjem det ein Fyr og skyt desse store, fagre Fuglarne, so skal han vera min Uven for all Tid.
 
Det skal eg aldri tilgjeva.
 
Eg skulde ikkje verta Helvti so vond, um han skaut heile Morgenbladet. _


Ja no fær eg slutta, gode Fedraheim. Eg var vond paa deg, daa eg tok til med dette Brevet, men no hev eg komet i Godlag att, og du skal aldri bry deg det Grand um det eg daa sagde. Du fær berre liva so væl. Og so fær du ikkje vera vond for denne Gongen.