Ein Gudsmann.
Eta
Pannekake av Egg, søt Rjome og
Sukker
paa Sengje um Morgonen, inkje aa gjøyme Kaffi til aa bløyte med, og
endeleg, naar detta er gjort, med høveleg Matkvild etter, kann ein
vita, tru seg til aa risa upp paalag naar andre kjem heim til
Dugurds, ganga so ut og sjaa paa Veret, og er det fælt varmt leggje
seg i ein Skugge og sjaa til med Folki arbeider so Sveitten renn,
_
men hjelpe til
_
aa nei, det vert ikkje noko.
Sundagen
kjem. Han ruslar til Kyrkje; Hesten maa til. Han kunne væl og have
godt av aa kvile ein Dag, men ganga er so tungt og forsøme Kyrkja
nokon Sundag!
_
Himelen vere takkad,
_
han er betre hell so.
_
Kyrkja
er mest tom. Folk tykkjer so innerleg godt aa hava ein dag av dei
sjau plent for seg sjølve
_
og so vert Stordelen heime. Aa dei ugudelege Folki, tenkjer
han, dei hev kje so mykje Vyrdnad for det kjære Gudsordet, at dei
vil ganga eit Steg for aa høyra det.
Det
er so kokande varmt. Presten er sovidt komen paa Preikestolen. Daa
gaar han, denne som er betre hell andre, at eitpar der burte tek til
aa dubbe og syvje. Arme, forblinda Skapningar! betre dei heldt seg
heime, daa Gudsordet ikkje er dei kjærare hell so
_
Aa
so kjøvande daa! Preika vert so lang og
_
nei vik fraa meg, Freistare, ei Preike kann aldri verta for lang. Han
strævar imot, men der legg seg noko so fælsleg tungt yver han, aa
kor godt det gjorde aa støda seg inn mot Veggen, blide men faste
Baand dreg Augnaloki isaman, Hovudet sig, og Ordi fraa Preikestolen
fær um kvarandre i eit Surr,
_
og han søv so godt so longt. Men kvat for Glam!
_
Han
kvakk upp
_
aa du store! Salmeboki laag i Tilet
_
han sjølv hadde slept henne,
_ _
saag Presten det tru
_
Daa
høyrer han idetsama ein drusteleg Toreslaatt fraa Høgdi, Regnet
slær mot Glaset, og han, som hadde so mykje turt Høy liggjande ute,
nei kor ravgalet, Folki hadde burt havt det inn igaar.
_
Dei heldt for Resten paa so lengje dei saag, men den, som ingenting
hadde gjort, var
han,
han hadde dessutan heft burt ei av Gjenturne, ho laut koke ein
Risengryngraut aat honom, han var kje god til aa eta anna daa.
Messa
er slutt, Klokkaren gjeng fram, les Bøni og so lyser han paa
Uppbyggels paa Sønstbø Kl. 4 Ettermiddag, og der skal han,
Mannen vaar, tala.
Presten
byd honom med til Middag, han er takksam
_
der plagar og stødt vera so god Mat der paa Prestegarden.
_
Og i dag var det daa reint utifraa. Av dei fire Retterne var
Rjomegraut det fyrste og Mandelpudding det siste og Øl og Vin
attmed, inkje Brennevin veit du, nei det var raudt.
_
Og der er utruleg Rom for alle Retter.
Rekkja
seg so i den mjuke Sofaen, røykjande av ei lang Pipe og tala um
Folks Likesæla for det heilage, deira kalde og forhærdde Hjarta og
forblinda Syn, so ille var vist ingen annan Stad i Landet, o. s. b.
Klokka
er tri. Um ein Time skal han reise.
Men
Kaffien daa!
_
Jau, der kjem han, og Bakkels til, eit stort Fat. Litt yver ein Time
sidan Middag! aa jauvist kann han smaka lite att. Det naudar ikkje,
han kann med aa vera mett.
Hu,
no er Klokka fire paastaden, det er leidt aa gjera det han skal, men
so godt aa vera Godven med Presten og ganga under Namn av ein
Gudsmann
_
jau, for det maa ein noko lide.
_
Stoga
paa Sønstbø er mest full, daa han kjem inn, fleire enn i Kyrkja
sonær. Det var gildt.
Men
no er Karen komen paa Plassen sin.
_
Han fiktar i Lufti og slær i Bordet og preikar so det tippar og dryp
av han mot Verdens Ugudelegheit, Vantru og Daarskap, Drikking, Leting
og Fraassing.
Brynhild.
Publisert