[Tidender.] Millom Tyskland og Spania


ser det so ymist ut no. Det var ei Øy millom Karolinarne, heitte Yap, den tok Tyskaranne og lagde under seg beint for Augo paa spanske Krigsskip etter Order ifraa Bismarck. For det vart Spanjolarne sinna. Og det hev voret fælt til Staak i Spania. Verst var det fyrre Fredagen; daa styrmde Folkehoparne igjenom Gaturne i Madrid og ropad Ned med Tyskland, berre so det dundrad. Dei strauk dit den tyske Konsulen budde, skreik og burad, og nokre kleiv uppgjenom Muren og reiv ned det tyske Vaapnet, so strauk dei avstad med det, gjorde upp ein stor Eld og brende det upp og straadde Oska ut for alle Vindar. So foor dei dit den franske Konsulen var, der ropad dei Hurra. I Paris røder dei jamvæl um, at den tyske Konsulen skal vera drepen i Valencia, men det er væl ikkje sant, fær ein vona.

Det er slikt eit Ustell nedi Spania no, at det er fæle Ting. Det er den Kolarasotti og so er det Politikken og so mykje; og han er slik Spanjolen, at fyrst det hev komet ei Øse paa han, so vyrder han ikkje kva han gjer, men noko maa han hava og bruka seg paa, kvar han so skal taka det. Dei spaar no det, at det vert reine Revolusjonen der med det aller fyrste, dei gjev seg ikkje fyrr.

Elles tek dei det nokso rolegt i Berlin, er det høyrande, ein fær ikkje ansa etter ei slik Uppøsing, segjer dei, men granska Saki og faa Tak paa dei, som hev forbrotet seg; dei vil gjera alt for ikkje aa eggja upp endaa meir.

Det er underlegt med slike Ting, segjer eit tyskt Blad, naar ein trur, at Freden er som best, veit ein ikkje Ordet av, fyrr alt stend i ljos Loge. Men kor som er, so duger det no ikkje lel for den spanske Daviden aa vaaga eit Tak med den tyske Goliaten.
 
Dei røder um det, at det var likaste aa faa einkvar Konge elder annan Stormann til aa døma millom dei.