"Folket i Val".

 

Dei Dagarne er no aat aa koma, daa Folket skal velja sine Tingmenner. Husbonden sjølv er ellest litet sjaa-ande, av di han gjeng i Arbeidsklædom millom Tenarne sine til kvar Dags; men no kjem Stundi, han skal syna seg fram for deim atter og kunngjera deim Viljen sin. Han vil segja med deim korleids det skal haldast fram med Landsens Styr og Stell den komande Tingbolken, han vil avgjera, korleis Fedralandets store Gardsbruk skal skipast, at Odelsjordi maa haldast ved Lag og Avdraatten hennar maa aukast til Folkegagn og Gleda. Husbonden vil peika ut, kvar det denne Gongen skal takast Nybrot og kvar Gamle-aakern skal leggjast atter til aa kvila; kvar det trengst um Hævd, at Graset kann verta tjukt og feitt og kvar det lyt horvast etter, at Ugraset ikkje skal taka Yverhand. Det er til sovoret Arbeid han festar sine Tenarar og segjer upp deim, som ikkje gjera Verk etter Viljen hans; han lyt hava Umsut for aa finna deim, som han trur vil gjera honom til Viljes med ærleg Hug, og som han veit hev Dugleike til aa gjera honom til Lags i alle Maatar. For d’er mange, vilja Tenarar vera, sume gjera so og sume so, men Husbonden agtar seg væl for deim, som berre vil taka all Ting paa tverke og beint imot hans Raad; han held seg til deim, som vil gjera det paa den Visi, han sjølv er nøgd med, og d’er nettupp Valet av Tenarar, som tryggjer, at d’er Viljen hans, at Bruket skal styrast soleids, som dei gjera det og ikkje annorleids. Ein god Husbond lyt vera fyretenkt, for hev han fyrst leigt Tenarar, lyt han taka ved Arbeidet soleids, som dei kann gjera det. D’er naudsynt aa vera gløgg aa velja.

 

Det nye Valet skal no avgjera, at det nye Riksstyret og den nye Riksskikken, som er skipat i Millomtidi, stend med Samhug i Folket og gjerer Verk etter dess Vilje. Fyrre Gongen det var Val gav Folket sine korne Menner Fullmagt til aa bruka alle lovlege Aatferder _ det koste kva det vilde – til aa segja upp og setja av det gamle Styre, som gjorde alt paa trass og paa tverke. Det laut røma for Yvermagti; men stod fast paa, at ho var ikkje Folkeviljen. Og Høgre segjer so endaa. Høgre er slegjet tilbakar, men hev ikkje lovlydigt bøygt seg inn under det nye Styret; det geiper av det og segjer, at det er bygt upp paa ei Lygn. Difor trengst det no ei Stadfesting paa, at det var Folkeviljen som baade sette av det gamle Styret og sette inn det nye, og dette skal ”Valet av Vinstrefolk til alle Folkets Umbod” segja. Det nye Valet skal kunngjera, at Høgre og dess Menner er utlæge og skal vera ”Varg i Veum” til dess dei bøygja seg lovlydigt under den Folkeviljen, som no vert kunngjort paa nytt Lag. Fyrr kjem det ikkje Fred og laglege Vilkor i Landet.

 

No gjeld det um aa stydja det Sverdrupske Riksstyret, ikkje berre at dess Arbeid skal fremjast, men fyrst og fremst for at alt Folket, Høgre som Vinstre, skal giva seg under det som sitt lovlege Riksstyre. Og det gjerer Høgre ikkje, minder eit sterkt Val giv det ny Trygd for, at so er Folkeviljen. Daa kann henda! Men um Valet gjeng Riksstyret imot, daa veit me, at det er so lovlydigt, at det gjeng av, og so let Sigerherrarne gjerne Hamen standa av den nye Skikken; dei kann bruka baade Kongsraadarne i Tinget og den nye Røysteretten, berre dei kann faa soget Livet utav Framstiget ved aa negta Folkets Husbondsrett og ved aa kveikja uppatter ”det absolute Veto”. Det er det som Høgre vil: gjera den Striden, som no er endt, standande; difor godkjenner det ikkje det nye Riksstyret. 
Men difor er det no Vinstres Upgaava aa gløyma burt alle Usemjor um einskilde Saker, som under fredlege og laglege Vilkor kunde gjera innbyrdes Skilnad med Retto. No maa det hugsa, at han, som ikkje her er med, han er imot, og at han, som ikkje samlar, han spreider. Vert alle dei, som no vil setja Split um dei nye Val- og Ting-emnerne landlyste til vidare, so skal Folkeviljen stiga so klaar og skir fram paa Val-dagen, at han skal skjera Høgre i Augom, nett som Soli, naar ho ris. Hugs berre paa det gamle Ordet av Henrik Ibsen:

 

gaar til sin Gjerning de norske Mænd

viljeløst vimrende, ved ei hvor hen, _

skrukker sig Hjerterne, smyger sig Sindene

veke, som vaggende Vidjer for Vindene _

da er det Bisp Nikolas som er ude,

Bagler-bispen, som røgter sit Kald!

 

Og so faa me hugsa paa, at Bisp Nikolas hev sin gamle Heim _ i Stavanger.

 

Lat oss samlast, høgtidsklædde, um Valkrukka, alle Mann, ikkje kvar med si Servilje, men med ein sams Folkevilje, so Valdagen vert ei Høgtidsstund, daa det kann merkast at Husbonden vitjar Tenarflokken sin, so kjem det Eldhug i Valet! Lat oss ganga til det som til den ”olympiske Leik”, som samlar vaart heile Folk kringum det Fedraland, den Fridom og den Folkekjensla, som er Norigs dyre Ættargaava til alle hennar ægte Born.

 

Larvik, Septbr. 1885.

 

A. M. St. Arctander.

 

Frå Fedraheimen 12.09.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum