Til Arne Garborg!


Eg venta so ymist baade noko og inkje Svar paa det eg skreiv i Fedrah. til Bjørnstjerne Bjørnson. Eg fælte nok for, at han kunne koma til aa halda seg etter Ordtøkje: Ein Daare kann spyrja meir hell ti Vise kann svara.

No hev eg daa fengjet Svar, um inkje fraa Bj., so ifraa en likeso paaliteleg Mann som han _ fraa Arne Garborg.

Meg er det like kjært: eg vilde hava ei Upplysning um ei Sak av ein, som inkje gjeng fraa, at han er Fritenkjar, og eg hev fengje det, eg bad um. Eg hev fengje den Upplysning, at Fritenkjeriet inneheld ingjenting _inkje er anna hell Negting _ Negting av den bibelske og kristelege Openbaring, _ at some gjer dette fullt ut, some til Helvten o. s. b., som dei er konsekvente til daa vel. Some trur paa Gud. Det var dette som var Hovudsaki for meg aa faa Greide paa, hot det ha paa seg. Eg totte det var meiningslaust aa tru paa ein Gud, som ingjenting gjer og ingjenting er til. Naar inkje Gud skal hava skapt Verdi, inkje styrer og uppeheld den, naar det inkje er noko Kjødets Opstandelse og et evigt Liv, so synest eg, at me inkje hev noko Bruk for det tome Navnet. Naar inkje Kristi Forløsning er noko, so synest eg, det hev lange Voner med Paradiset framanfyri oss. Men i Ljos av Jesu Kristi verk øygner nok dei kristne det.

Dette som soleis etter mit Skyn er ei Meiningsløysa _ det aa tru paa Gud, naar ein negtar Openbaringi hellest _ det hev Garborg latet svarlaust. 

Du skal inkje ganga til den elder den og spyrja, kva han trur. Du skal ganga til deg sjølv og spyrja, kva Du trur. Javist! dette viste eg væl. Men det skal vel inkje segja, at eg inkje maa ganga til Bibelen og inkje til Historia og inkje til upplyste Menn, som no liver, og søkja Upplysning? Hell hot vil det segja, at eg inkje maa spyrja nokon?

Er me føddemed Kunnskap?

Men um Fritenkjaren ingjenting veit, og for det meste ingjenting trur om det andre Livet, so trur han kanskje so myket meir paa det Livet som er. Han trur paa Utviklingi. Dette skal eg inkje negte, men berre segja, at han gjer Urett, um han trur, at han er aaleine um denne Trui paa Utviklingi. Den gode Kristne er med paa denne Trui og paa dette Arbeidet for Utviklingi, og Fritenkjaranne maa inkje taka til seg heile Æra, korkje for det som er gjort, hell det, som skal gjerast. Eg vil inkje dylja, at eg synest, det er væl gjort av baade Bjørnson og fleire av Fritenkjaranne, at dei klær av Skalkedomen og Veilurne, som til Dømes vaart norske Kyrkjesamfund hyser, og dei gjer for det meste det Arbeidet godt, men dei tarv inkje tenkje, at dei dermed raakar sjølve den kristne Tru. Eg vilde segja, at det vøre ingjen Skade aa faa gjera Kyrkja veikare for aa faa meir Toleranse. Det norske Kyrkjesamfund er kje det same som De helliges Samfund, og den kristne Tru gjer ingjen noko Mein.

Med Helsing til Garborg og Takk for, at han skreiv meg eit so samalegt Svar, teiknar eg.


A.