Tidender.

 
Kristiania, den 8de Septbr.

Det danske Blad Politikken hev teket inn ei Umsetning av Garborgs Stykkje um Fritenkjarskapen, som stod i Fedrah. her nyleg.


Fædrelandet hev i dag eit redaksjonsstykkje imot V. G. Det store Spursmaal som vert dryft, det er _ Lærar Svendsens Hanskar. Heretter, naar tvo slæst um Smaating, vil det ikkje verta Magt meir, at dei stridest um Pavens Skjegg, men at dei dregst um Lærar Svendsens Hanskar.
 
 
Gjenteskulen paa Vonheim. M. Skard bed oss upplysa, at Kurset fraa 3dje November varer 6 ½ Maane, ikkje 5 ½ som det stod i Lysingi.


Eit Sylvskjerp i Kvitseid Telemarki er selt av Garvar Wridt og Apotekar Thaulow til Bamble Gruvesamlag for Kr. 50,000 og dessutan Tridjedelen av Innkomurne


NoraNo. 6 inneheld: Berlin kringsett. _ 
Tankar. _ Fraa Rusland. _ Asken. _ Sogur fraa Evanger. _ Bokmelding.