Eit Brev


(fra Arne Garborg ).
 
(Del 1 av 2.) 
 
Gode Fedraheim.
Eg er vond paa deg i Dag.

Du hev prentat av dei Versi, eg sende til 
Tiaarsgildet, og det skal eg ikkje segja noko um. Men so kunne du ha prentat dei av rett, veit eg.
 
Der var ikkje mykje Moro i dei. Men ein Ting var der daa, som kunnige Folk vilde finna løglegt, av di det minte um ei Rispe etter gamle Heltberg. Det vilde eg ikkje havt utskjemt for mykje godt. Men just der var det naturlegvis, at du skulde vera ute. Der skulde du visa di Kunst og Kløkt. Eg hadde skrivet:
 
Men um du gløymde ab og ut
og Kornjunktiv,
Student du lel maa vera, Gut
ditt heile Liv.

So kjem du og prentar Konjunktiv. Og endaa hadde eg skrivet so tydeleg, som eg skulde upp og ha Eksamen i Skjønskrivning. Men Gaaseaugo leet du staa. Kva Meining skal der vera i Gaaseaugo, naar der stend Konjunktiv? Der er daa ikkje noko rart i den Skrivemaaten, veit eg!
 
Men Kornjunktiv, det er rart, og der hadde eg sett Gaaseaugo. For det er hermt etter gamle Heltberg, det, som sagt. Kornjunktiv, sa Gamlen, høh! dom sier Kornjunktiv. Dom trur Guhjelpemig dæ kommer av Kødn. _ Konjunktiv siger en dannet Mand!

So er det ein annan Ting og.

Du skriev her ein Gongen og vilde innbilla Folk, at Sætri mi uppi Østerdalen heiter Kolbotten. Det er ikkje sant det, god Kar. Sætri mi heiter Garvik, som alle skikkelege Folk veit. Ho ligg ved Garviki, uppi Garvik-Lidi, innunder Garvik-Aasen, og aldri kjem det anna Namn paa ho enn Garvik-Sæter, so lengje eg liver. So er ho døypt og so skal ho heita. 
Det er berre han Candidatus theologiæ Ivar Mortenson, som hev sett seg i Hovudet, at ho skal heita Kolbotten; men det vert ikkje noko av med det, ser du. Trur du kanskje egvil heita Arne Kolbotten?

No er det so mykje du veit dette. Og snakkar du um Kolbotten ein annan Gong, so skal eg skriva anonymt i Vestlandspostenelder Fædrelandet um Fedraheimen og Sandheden , so skal du faa sjaa, kor gildt det vert.

Hellest kunde det vera god Grunn til aa kalla Hytta Kolbotten og, for ho er bygd paa ein Kolbotten. Dei hev brent mykje Kol der i gamle Dagar, og den Koja, der Kolbrennaranne budde, stend enno. Og staa skal ho, dersom berre ikkje den skarve Stuten der bortatæ stangar ho ned for meg. Men det er ikkje aa lita paa. Eg hadde mykje Mas med den Stuten, som hellest berre er ein Trusk av ein Stut, og ein Tosk attpaa. Han kom altid drivande, naar eg var i verste Basken med Fiskegryta, elder naar eg sat og skulde faa meg Mat. Daa kom han remjande og burande, so eg høyrde han lang Veg _ for han øver seg nok i aa vera olm _; og fyrr eg visste Ord av, stod han og klaadde Skolten sin i Kojeveggen, so det berre fauk med Mold og Mose. Eg ut med Paaken det fortaste eg kunne, og han til beins; men naar eg so væl var innkomen, stod han ved Koja att og klaadde seg som ingenting var, og hadde reint gløymt baade meg og Paaken. Fælt so lite Intelligens der kann vera i slik ein Stuteskolt.

Men no vil eg setja upp ei Hafelle rundt Hytta og Koja, so skal det nok verta slutt paa den Leiken. Klaar det altfor ille i den Stuteskolen, so fær han finna seg andre Ting aa stangast med enn denne Koja. For den er liksom ei Fornleivning elder noko historiskt her uppe og bind Hytta mi i hop med det gamle livet der paa Plassen, og eg maatte vera ein laak Maalmann, um eg ikkje vilde verja slik ein Fedra-Arv.


Koja ser hellest ut paa Lag som ei Finnegamme, vil eg tru, men ei av dei minste og minst for-seg-gjorde. Du kann ikkje staa rett inni ho, ikkje eingong i Midten, der ho er høgst, og utanpaa ser ho ut som ei høg rund Mosetuve med kvass Topp. Der sat altso i fordoms Tid den svarte Kolbrennaren i den svarte Kvelden midt uppi svarte Skogen og røykte paa den svarte Kritpipa og stelte med Svarte-Lars, og Folk nedi Bygdi, som totte det maatte vera fælsklegt aa liggja so reint aaleine uppi aude Villmarki, naar ein ikkje hadde dess betre Hjelp, tenkte vel so ymist paa, at den svarte Fanten i den svarte Hytta nok ender og daa vart gjestad av den, som var endaa svartare, og som hadde ein endaa større Eld aa vakta paa enn slik ei Kolmile.

Det er væl ikkje noko slikt, den snilde 
kandidat Mortenson tenkjer paa, naar han plent og plent vil, at Huset mitt skal heita Kolbotten?
 
Men Huset mitt er for fint til aa hava so svart eit Namn.


Uppe i Bakken ligg det, innringat av store myrke Mastefurur, og glytter gjenom Skogen nedyver Savalen til Tronfjell, som stend rett ned av Osen, eit Par Mil ifraa, men tett ved likevæl, kjempestort, med breide, rolege Rundingar og Hovudet uppi Himmelen, veldigt og blaatt, med liksom ein Ljoske yver seg, eit sant Østerdalsfjell.

Men vil du vita kva Savalen er, so er det eit stort Vatn, ein Sjø, som dei kallar det her, med lange Furulider rundt ikring og høge Vordar (Volar) elder Aasar paa Sidurne, Aasar, som dreg seg so fint innetter, med lange, mjuke Ryggningar, gule av Reinmose, sterke og reine i den klaare Lufti. Men yver Skardet i Vest ser du Foldalsfjelli. Og i Nordvest dreg Landet seg uppetter i lange Lider og Kvelvar til Sivilkletten og Rødalshø. Midt ute i Sjøen ligg tvo lange skog-grodde Holmar; paa den eine av dei bur det Folk, og den heiter Svarthugu elder Amerika. Fraa Savalen renn Sivilla nedyver mot Aust til Glaama; elder um ein ikkje vil segja at ho renn: ho hoppar, fossar, dansar; for frisk Elv er det, um ho just ikkje er so stor.

Dette var altso Savalen. Sevalen stend det paa Kartet, og alle, som snakkar fint, segjer Sevalen; men Savalen heiter Sjøen, og anna Namn fær dei ikkje yver min Munn.

For det er eit fint Namn. Det er væl finsk fraa fyrstunde. I Dativ heiter det Savala _ dei brukar Dativ stødt her uppe, baade i Eintal og Fleirtal _, og daa ser det endaa meir finsk ut. Du veit det er mange av Vatni vaare og Elvarne og Fjelli, som hev finske Namn; heile Norig hev nok i gamle Dagar voret slik ei Finn-mark.