[Tidender.] Møte um Maalsaki


vart haldet Søndag 23de August i Aasen, Sundmøre, Ivar Aasens Heimstad, der Aasens Brorson no bur. Ein stor Hop Folk samla seg under den Bjørk so breid, som Aasen so vænt hev sunget um i gamle Grendi.
 

Der vart fyrst sunget ei Vise som var lagad av Student Hovden:
 
 
Til Ivar Aasen .
 
Lat no Øyro faa Lov til aa lyda
etter Ljoden um Land og um Strand;
lat no Hjarta faa Lov til aa tyda
Tidartekni kring heile vaart Land!

Ja gakk rundt ikring Aakren, han gyllest,
det er vel ein hugnaleg Gror!
og Akset du aldrig saag fyllest
og veksa meir fagert og stort.

Sæl er du for so fager ei Grøda,
hæv er du, som slikt Mannaverk vann;
no du gløyma kann um Sut og Møda
og kvar Sveitedropen, som rann!

So eit Live for Ivar Sella,
lat det ljome um Nakk og um Niv,
soat sjølv han Ola i Fjella¹)
i Halsa vert styre og stiv.
 
 
Deretter so heldt Student Hovden eit Fyredrag um Maalsaki.

Han sluttad soleis: Me stend her og ser utyver dei Vollar, Bakkar og Berg og Skar, som han saag utyver, daa Barneaugo fyrstegang opna seg, og me maa segja: Her heve Fagnadfolk faret or Heimen, herifraa hev ein gild Gut rusla ut i Verdi. Verste Motstandaranne hans lyt gjeva honom den høgste Ros, soleis Prof. J. Storm. _ Statsm. Sverdrup segjer: Ivar Aasens Fortjenester vil staa som et stort Minde i vor Historie. Hans Verk er et Arbeide af første Rang og udarbeidet paa en Gang med Genialitet og en Lærds Flid osv. De ser Soli der i Vest gaa ned bak dei høge Snjofjell og gyller Skyi, legg Augo halvt atte, so vil Lufti tykkjest vera full av Solbaarur, sikkert drøymer han seg ofte tilbake aa sitja her i Solarglad og høyre at Staren syng i kvar ein 
Topp som bid upp i denne Bjørki, som breider Greinerne utyver vaare Hovud. Lat oss daa reisa oss upp, taka Huerne av og senda eit Helsnadrop til Ivar Aasen

_ lat det ljome um Nakk og um Niv.
soat sjølv han Ola i Fjella i Halsa vert styre og stiv!


Og der vart Hurrarop utan Ende, aldrig hev eg høyrt Folket her i slikt Kok. Dei ropte: 
hels honom fraa oss! Hels, hels! var det fraa alle Sidur. So vart der tilslutt sunget: 
Tidt eg minnest ein gamall Gard og giv det var so vel eg raadde.


x
 
¹) Bergljomen.