Umvøling i Kyrkjestellet.


Um Folk er aldri so hugad paa Politikk, so gruvar dei seg, naar det ber inn paa det kyrkjelege Stellet. Det er det mange, som vil setja ut lengst mogelegt.

Ja vanskelegt er det, det er visst, men til lenger det lid, til verre vert det. Lat oss like so godt taka i straks, so me kann koma iveg noko iallfall. For det er forgalet, at me skal liggja so langt atti paa dei Vegjerne, me som vil vera eit Kyrkjefolk av dei fyrste. Me lyt ikkje tola, at Politikken skal hava so langt eit Fyresprang jamt, i Kyrkjestellet skulde me daa helder vera ein god Mun fyre, og det skal me væl med Guds Hjelp ogso koma til aa naa, vil me berre taka i med Ihuge og Aalvor.

No hev Politikken lært oss aa tenkja og arbeida og synt oss, at det er ikkje vonlaust aa faa fram store Ting her i Norig. Lat oss daa nytta Krefterne, med me hev Dampen uppe, og ikkje drygja uti Einkomstundi, so me sig atti Daudvatnet og vyrder ikkje gjera noko, fyrr Faaren stend for Døri. Um Folk er aldri so atterhaldne og konservative, so maa dei vita det, at til lenger ei Sak vert uppsett, til større vert Kravi, daa fær det Stunder til aa veksa seg upp ein heil Storm, som vil endevenda alt det gamle.

Det er væl ingen, som for Aalvor trur, at det er mogelegt paa Lengdi aa standa imot ei Kyrkjeumvøling; men endaa finst det daa dei, og det millom Vinstremenn jamvæl, som trur, at det var det beste, um Kyrkja vert, som ho hev voret. I Politikk og andre Ting, meiner dei, kann ein gjera Endringar so mykje ein vil, men Kyrkja skal vera so høg og heilag, at ho skal standa som ho er gjenom alle Ævur. Likesom det ikkje hev voret likeso store Brigde og Umvølingar der som t. D. i Politikken. Reformasjonen maa væl kallast for likeso stor ein Umstøyt som den franske Revolusjonen. Men det er det underlege, at dei som ser, at det aldri gjeng an aa stansa i den politiske Utvikling, um me og hev havt ein Revolusjon ganske nyleg, dei trur at me til alle Tider skal kunne berga oss med det kyrkjelege, soleis som det hev voret nedervt fraa gamle Tider.

Det er Utviklingstanken, som endaa ikkje hev fenget si rette Godkjenning for Kyrkjestellet sin Del, d. v. s. den Tanken, at i Kyrkjestellet gjeld det sameleis som i andre Ting, at ingen Skipnad er fast og uforgjengeleg, men skiftande i jamn Vokster etter dei ymse Høve og Umstødur i Livet, ettersom Tiderne vendest og skrid fram.

Mange er det som gjerne vil vera med paa eit Brigde, men dei legg motlaust Henderne i fanget og spør: kvar helst skal ein daa taka aat? For det eine heng soleis ihop med det andre, at ein kann ikkje røra ved nokon Ting, utan at det riv burtgjenom vide Leite, og anten vert det daa ei Ugreide, som reint vil tyna oss elder so maa me standa ferdige og vera tenkte paa korleis me skal gjera det andre Stader og.

For naar ein rører noko ved Kyrkjestellet, so er det ikkje dette einast som det gjeld. 
For Kyrkjestellet det hev paa den eine Sida sine Vilkaar bundet i den personlege Kristendom, det kristelege og det kyrkjelege Liv i Folket, og paa den andre Sida hev det sine Vilkaar i Teologi og Vitenskap, alle Stader er det slike Ussar og Flokar, at det maa heiltupp nye Tiltak og Vendingar paa alle Leite, det duger ikkje lenger aa bøta og beinka med Smaagjerder, der maa eit ofsalegt Grunnbrot til, som kann setja ny Kveik og nytt Liv i dei trøytte Lemer. Sume meiner, at det er fraa Vitenskapen, at Upphavstaket maa koma; til dess at Teoliogia vert friare og meir sjølvstendig, er det ingi Von aa taka paa noko anda. Andre tek det ifraa den andre Enden og segjer, at det er nedanfraa der maa takast til, der maa koma ny Kraft og Kveik i Kvarmans Kristenliv, fyrr vert det ingi Von for Samfundsordningi.

Og sjølv dei, som trur paa ei Endring i kyrkjestellet aaleine, hev ymse Meiningar um, kvarhelsdt ein skal taka aat. Sume vil tyfta og grunnbyggja heile Kyrkjehuset, det skal vera det, som lig nærmast til; andre vil berre gjeva kvar Sokn si faste Form og segjer, at den heile Landskyrkje-skipnaden fær veksa seg fram av seg sjølv.


Med all denne Tvil og Uvissa tykkjest det vera vonlaust Arbeid aa tenkja paa aa faa fram noko i Kyrkjevegen paa dei fyrste Tider.

Men likevæl er det Von.


Det, som det fyrst og fremst gjeldst um, naar ein vil hava noko nytt fram, det er aa kunne samla Tankarne og Kravi i visse einskilde Saker, som baade er bygde paa greide Grunnsetningar, og som er noko i seg sjølve og derattaat peikar ut i Framtidi og ikkje bind Utviklingi. Eit slikt lyftande Ord, ein slik samlande Tanke hev me no aa reisa upp som ein Fane for Arbeidet mot Framtidi; ei Sak, som ikkje er for stor og vand, men likevæl inneheld mykje og er so klaar, at alt Folket kann skyna det.

Det er Jakob Sverdrup, som hev æra av aa ha funnet dette Ordet.

Kravet um, at Folket skal velja Prestarne sine sjølve.

Lat oss samla oss um det, alle som hev Kyrkja kjær.