Smaaplukk or ei Tysklandsferd.

 

(Del 4 av 6. Fyrste delen.)

 

(Framhald fraa No. 67.)

 

 

Da var Midnatt, og me hadde berre ein Time att til Køln. So laut me daa fram med Reiseboki og sjaa etter eit Hôtel.

 

Eg til aa lesa:

 

”Hôtel til dan gylte Engelen¹). Hôtel til 
Storhertugen av Saksen. Hôtel Fantasi. Hôtel til Halvmaanen. Hôtel til Villmannen. Hôtel til dan blaa Engelen... til Gull-lambet... til ”Wallfisch””... og til _ alle dei andre Dyr hell Udyr, som i Verdi er hell ikkje er, kor du no vil. _ ”Kvar skal me daa taka Hus? Hjaa Dyri hell hjaa Villmennene, hell hjaa dei raude hell gule Englanne...?” ”Men kvar er da, du held til, Menniskje? Da er daa ikkji i Køln”. Nei, da var rett; da var ikkji i Køln, dei tok imot gylte og blaa Englar og Kvalar og Villmenn. Men her er Køln: ”Gastgjevar-gard til Elddrakjen; 5 Min. ifraa Domkjyrkjo. _ Hôtel Rin-gard attmed Centraljarnvegsgarden, beint imot Domen sin Hovudportal”... og so burtetter: 3 Min., 5 Min., 8 Min. ifraa Domen. Da var ikkji anna hell Dom, kvar du saag.

 

”Billetten derer die aingestichen eingestigen)²)...” fôr ein Huvemann stødt og ropa. Da var ein stor, staut Kar, som altid fôr med Glanter og Gjønor, naar han kom innruggande. Nedpaa Golvet sat tvo unge Gutar, som hadde smaka væl mykje paa Flasko. Trøytte seig dei ned og var no krøktna i hop paa Golvet. Dan eine helt Flasko i Handi. Huvemannen sleit henna utor Handi hans, tok seg ein gagnleg Sup og gjekk vidar. _

 

Ute var han kolande myrk, endaa da var nyss fyre Jonsok.

 

”Nei sjaa alle dei Ljosi, alle dei Ljosi! Sjaa Rin-elvi! Den Rain, den Rain!”” Ja sannelege! Dette var fagert! Tvo store Stadar, Deutz og Køln, paa kvar si Sida av Rinelvi med ei Kjempebru imillom deim. Ljos i Ljos, Ljos i Ljos fram-etter-med Elvebradd
anne baa baade Sidonna, so langt ein kann øygna _ og so denne Elvi, stor, myrk og still fyr vaare Øyro.

 

Sidan eingong haurde eg eit Tonestykkje, som heitte Rin-klangar. Fyrsto eg da rett, so var da Laaten utav Byljonna og Baaronna, med dei sokklar og skvakklar stilt nedigjønom Landet. Desse Rheinklänge er noko av da fagraste, ein kann høyra. Du veit, kor da er, naar ein høyrer væne Tonar: dei snarar og vind seg kringum eitkvart innvortes og fær eitkvart darinne til aa klinga med, _ som einkvan skulde spela dei same Tonanne paa ei Horpa darinne. Og lærer du daa ikkji Tonanne med da-same, hev du ikkje Dugleik til aa mana deim fram sjølv, so ligg dei dar og minner seg ender og daa, jamnast um morgonen i Halvsvevno; dei vil fram, vil fødast etter, men kann ikkje, daanar, døyr, vert ufødde.

 

 

Um Maandagsmorgonen var me ute fyr aa sjaa Kölner Dom.

 

Da bar igjønom slingrade Gator og høge Hus, og fyrr me visste Ordet av da, so stod me framfyre dette Meistarverket.

 

Ikkji er eg Kar til aa skjildra dette Under til Byggverk; men da veit eg, at hadde Kölner Dom stadi i Grekarlande i Gamledagar, so hadde me havt 8 Under i Verdi i Staden fyre 7. Da gjeng meg no som daa: eg vert berre standande aa undrast; kann inkji Ord segja.

 

So er Menniskjet: naar eitkvart stort hell fagert fær Magt yver Kjenslonna, so vert da ofte maallaust. Slike Stunder er oftast dei fagraste og fridaste i eit Menniskje-liv; fyr daa er tvo Andar til Møtes med kvarandre, med dan eine hev dei Tankar, Idear, Kjenslor, som dan andre.

 

Stend du framfyre eit Kunstverk, eit Produkt utav Menniskjeanden, daa vert Kunstnaren sine Tankar, dei som fødde Verket, dei vert dine, hans Skaparglede ho vert di; daa hev din Ande Stemna med hans _ da kann vera tusund Aar sidan han levde _, daa vert Anden din sæl ved Møtet; av di lyt Munnen tegja.

 

Hell du stend forstøkt framfyre Skaparen sine Under i Naturi, ser Herskaranne paa Himmelen, dei ovstore, som kvar i sine Krinsar gjeng i all Æva ut i fredleg Her-ferd kvar sine Vegar _ i Lag _ utan aa støytast og ganga i Knas; naar du fær glytta inni Ljosheimen deira, Landet med dette Ljoset, som inkji Menneskjeanden forstend, kor mykji han bryr seg _ daa er du til Møtes med Skaparanden, dan ævelege, men daa kjenner du deg liten som eit Grand, daa tagnar væl Mannamælet ved denne store Andastemno!

 

Her drar me sto, hadde han stadi Mannen i Medal-tidi fyr meir hell eit halvt tusund Aar sidan, han som lagde Grunnsteinen, han, som i Hugjen hadde Bilætet utav dette huset, som til vaart Hundradaar ikkji var stort meir hell halvbygt. Var da daa i Tankanne hans, so som no da stend. Saag han yver Inngangsboganne, som han bygde med stor Prydnad, saag han yver deim dei tvo himmelhøge Torn, dei høgste i Verdi?³).

 

Han tok Steinen ifraa Drachenfels, 5 Mil darifraa; han tenkte væl just ikkji da daa, at dar skulde koma ei Tid, Eimtidi, daa dei skulde henta Steinen ifraa Hanover, ein 30_40 Mil burti Nordtyskland.

 

Stort er aa standa dar som store Meistrar hev stadi. Men me fekk ikkji lengje standa i Mak. Kven kann væl vona aa faa standa i Mak, naar han er utlendsk Mann i Huvemennene sit Land?

 

Fyrst kom dar ein. Han skulde daa syna oss Domen.”Das kostet Nichts” (da kostar inkji). Skal tru da? Kann ein hava med ein Huvemann aa gjera, utan at da kostar? I Nidaros-domkjyrkjo var eg mang’ ei Gong, og dar var ogso ein Mann, som fôr og losa ikring; haanom betalte me inkje helder; men so hadde han ikkji ”Huva”, og so helt han sin Vitskap fyr seg sjølv; men her _? Nei, me gjekk ifraa haanom: me kunna daa væl koma inni Kjyrkjo fyrutan Huvemann. Me hadde gjengi to Fet paa lag _ so var dar ein til.

 

Han skulde daa syna oss Domen.”Das kostet Nichts”. Kva nytta da aa vilja ganga aaleina? Um ein kaupte ein til aa ganga vekk aa lata ein hava Fred, so var dar ti og tjuge, som ikkji gav seg, so lengje dei saag, at ein gjekk utan Huvemann. Da var daa best aa gjeva seg i Ferd med haanom, skulde ein faa Fred.

 

Eg venta aa faa sjaa slikt som i Nidaroskjyrkjo: Bogar, Kvelv og Styttur i alle Storleikar og av allslags Skap; Drakehovud, Bispehovud, Munkehovud; Vanskapningar, som lyt bera Kvelvi og Taket _ Løyndører og 
Løynkraaer og alt slikt noko; men noko sovoret var ikkje her. Eit einaste ovstort Rom med ein Skog av Kjempestyttor. _ Dar alt er stort, vert da store smaat. ”Aa, dei er daa ikkje so ofsa tjukke hell, Styttonna”, sa ein av oss. So skulde me ganga attaat ei av dei fyr aa sjaa henna aaleina; men daa kom me sjølve reint burt.

 

Huvemannen kunna Lekso fælande fint⁴). Han synte oss Vindaugo; egte venetiansk Glasmaaling, Gaava ifraa Kjeisaren (nokre i da mindste), og da kunna væl sagt vera Kjeisargaava. Dei kostad fleire hundrad Tusund Mark.

 

 

Dar var mange Altar; attmed eit laag ei ung Nonna paa Kne framfyr dan heilage Jomfru, som sto dar i ein Krins utav tende Kjerteljos og hell Frelsaren i Famni.

 

 

Eg hev set mykje Pavestell, som hugnar meg lite: i Ems saag eg i ei Kjyrkja eit Frelsarbilæte med eit Utdrag av eit Pavebrev paa Tysk og Fransk uppunder. Da var ei Fyreskrift elder eit Program fyr, korleis ein skulde faa Fyrlating fyre Synderne sine, naar ein kom i Lot med datta Bilætet, som haang dar. Da var 3 elder 4 Maatar; men eg hev no gløymd deim. Dan eine hugsar eg gav Fyrlating i 300 Dagar; ein trur eg berre var i 8 Dagar. Da Pavebrev var væl ifraa Medaltidi, trur du. Nei, han som hadde sendt da ut, var Fyremannen fyre denne Paven, dan same, som i 1870 paa Kjyrkjemøtet i Roma fekk fastslegi til Truesartikel, at ingjen Pave er istand til aa feila, naar han ifraa ”Stolen sin” segjer eitkvart.

 

Men her, dan unge Gjento laag paa Kne framfyre Guds Moder med bøygd Hovud og med Barnatru i Hjartat, _ eg lyt segja som sant er, eg totte i dan Augnablink, at dette var større og fagrare hell heile Kølner Domen.

 

Huvemannen, som ikkji ansa ei Gjenta paa Knefall, hadde fari Kjyrkjo rundt med Felaganne mine og lesi ut Lekso si. ”De kann ganga inn sidan, daa vert da Gudstenesta”.

 

So skulde daa Mannen hava Drykkpengar fyre Umakjen sin. Men fyrr me hadde fengi upp Punganne, var han snar aa setja paa: 
”Eg skal hava” _ so og so mykji, og da var ikkje lite. ”Aahaa”, tenkte eg; ”i Køln tyder altso: Das kostet Nichts: eg skal hava ei drjug Betaling; men _ ein ser ikkji Kølner Dom kvar Dag helder.

 

”No lyt de ganga paa Museum; das kostet Nichts”. ”Aa so, _ altso ei Mark paa kvar”, mumla ein av Felaganne vaare, og me labba aastad.

 

Utanpaa Dyrni sto prenta med store Bokstavar: ”Kostet nichts”.

 

Men daa me skulde inn, peika dei paa Biljetluko: ”De lyt hava Biljet”. ”Kva kostar han daa?” ”Eine Mark Stüch”._ ”Ah so! ja mi Sann tyder Ordet ”Inkji” da same som ei Mark; men da stend ikkji i Ordboki”.

 

(Meir.)

 

 

¹) Hôtel zum goldenen Engel; so ogso dei andre i Umsetjing.

²) Biljettanne deira, som er stigi inn (lyt no synast).

³) Kheops Pyramiden er eit Grand høgre.

⁴) Men stundom kann ein faa høyra undarlege Ting. Ein Huvemann i Petri Kjyrka i Hamburg synte meg ”Die 4 Reformatoren: Luther, Melanchthon, der König von Schweden (Gustaf Adolf), und der Kurfürst von Sachsen (Fredrik dan vise)”, _ ogso Glasmaaling.

 

Frå Fedraheimen 05.09.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum