Rispur.

 
Forsmaadd  Teneste. Daa Cleveland var vald til Præsident, reiste General Braun til han for aa gjeva honom nokre gode Raad, kor han skulde fara aat med aa laga Kabinettet sitt.
 
Med han sat i Venteromet, kom ein mann inn og gav seg til aa lesa i eit Bald.
 
De hev nokk same Ærend som eg? Hell kor er? sa Generalen.

Det veit eg ikkje, svarad den andre; kva hev De daa til Ærend?
 
Eg skulde avstad aa segja den gamle Fehunden, kor han skal bera seg aat med aa laga Kabinettet sitt.
 
Nei, det er ikkje plent det, eg hev til Ærend.
 
De er kanskje Politikkar?
 
Nei, svarad den framande og bukkad audmjukt; eg er den gamle Fehund.
 
General Braun fekk ikkje Plass i Kabinettet.
 
 
Han var ikkje raadlaus . Ein Drankar laut krita Nasen sin kvar Gong han skulde ut aa sjaa aat Kyrne sine; for han hadde ein ukse, som ikkje kunne lida raudt for sine Augo.