[Tidender.] Universitetet


heldt den vanlege Aarsfesten sin den 2dre September. Prof. Getzheldt Talen ved Immatrikuleringi av dei nye Studentar. _ Han slog paa det millom anna, at Studentarne skulde ikkje halda seg for gode til aa venda attende til dei Samfundslag, som dei var utgjengne ifraa. Samfundet vaart er demokratisk, sagde han, og vaart Aristokrati er væsentlig et Aandens, vort bedste Adelsbrev er det akademiske Borgerbrev, det kann no vera so ymist med det siste, ein rett Adelsmann treng ikkje endeleg eit sodant Studentermerkje, for han kann vera baade like klog og vitug forutan det.

Gullmedaljar vart gjevne stud. teol. Micheletog stud. med. Geelmuyden.

50-Aars Studentarne, og 25-Aars Studentarne og 10-Aars Studentarne heldt Fest som vanleg. Aat dei siste vart det millom anna sendt denne Helsingi:
 
Ved Tiaarsgildet
 
2dre September
(for Studentarne fraa 1875).

Ver helsad høgt i denne Stund
ved Puns og Mat
kvar tiaarsgamall Visdomsbrunn
og Kamerat.

Det var vel Knipetak paa Kar
hin Gongen, Du!
Og alle vaare kloke Svar!
_ aa huttetu.

Men um du gløymde ab og ut
og Konjunktiv,
Student du lel maa vera, Gut,
ditt heile Liv.

Og naar ein Dag slikt Vit du fær,
at du hev fat
paa Tanken i di Tid, daa er
du Kandidat.
 
Arne Garborg .