Per Sivle


hev skrivet ei Soge i Nyt Tidsskrift(4de Heftet) um Berre ein hund.
 
Den Soga likar eg.
 
Per Sivle er ein Vossagut, men han hev haldet seg mykje paa Austlandet. Han hev gjort mangt, som Vossagutar ikkje burde gjera: han var Bladskrivar paa Dansk, og i fleire Maatar so burtslept i dette Maalet, at eg fælte det var ikkje Karvon i han lenger. Eg for til aa syta han, som eg hev sytt so mange, som hev baade Maal og Givnaden, at dei kjem seg burti Heimløysur og Ukville, og vert sitjande i Efsitane all sin Dag, so ein fær ikkje spurt dei meir.

Men so spratt han til og klemde fraa seg nokre Visur i Fedrah.: Thord Folesson; minnest De den? ho stend no i den nye norske Lesboki Garborgs og mi.
 
Betre Maal og betre Vise det hadde eg ikkje set paa lenge, Versi gjekk so sterkt og dunelegt, og der var Flog og Flaum i det, so det var heiltupp svimrelegt. Og so no denne Soga her, det er same trauste Laget, sterk og støleg Foteferd, det er berre so det skranglar i Lagklauvom. Eg trur han hev sprengt seg utor Fillehamsen no og stend kaut og fri.
 
Eg er so glad i kvar slik ein Trysjar, at eg kann ikkje segja det. Stundom er eg reint ottsam for, at her vert for mykje Filledom og Lappeverk millom oss, og at Maalet vaart skal verta upp i skire Flogvitsløysa. Men hau, der kjem det ein heilvoven vaksen Kar. Halt fram Per, som du hev byrjat!
 
Eg maa segja, at eg hev havt minder Tru paa Bergensmaali no eit Tak. Eg fælte for, at dei kunne vera skruvlad og skrøytte upp meir enn dei kunne gjera rett og Like for. Slik ei Brikne og Skripen som der kann vera i Ljodadraget og Klangen, so hev eg likevæl ikkje gaatt det Gagns-itaket og Meistarslaget i Framføringi, i Tankefelling og Ordvending, som eg hadde ventat meg av dei Maali. Eg totte, at det var med so fælskleg lett eit Samvit, at Vestmannen kunne bruka Knot i Tanken og lata all Ting glida ned, berre det høvde so nokorleis med Formerne. Um det skulde vera aa velja dessimillom, so vilde eg helder hava norske Gutar i danske Klæde, enn eg vilde hava danske Vendingar sveipte i norske Klutar, det segjer eg hugheilt. For Knot i Tanken det er likeso ille for eit Maal som Sopp i nytt Hus. Men eg maa segja, at det Per Sivle hev skrivet tek den Otten reint ifraa meg. Han reiser heilt uppatt Vyrdnaden min for Bergensmaali. Naar eg les Stykki hans, so finn eg mest ikkje noko Knot, utan i Smaadragi her og der. Men der er slik Heilskap i Itaket og sjølve Tilemningi, at det er ein Hugnad aa sjaa; han kannHeimemaalet sitt Sivle, og han kann faa fram det sermerkte ved det, um han ogso brukar Landsmaalformi; det hev ein Friskleik ved seg, som eg kjenner for ægte. Det er baade Bygdemaal, men meir enn det; og det er landsgildt Maal, men likevæl ikkje tungt og stivt. Det hev eit Landsmaals Stødleik og eit Bygdemaals Rikdom og Liv; slikt er det nett Skriftmaalet vaart skal vera.

So den Guten treng ikkje meir springa yver Brikarne og fara sjøkla og ussa paa framandt Tile. Han er so trygg og heimakomen paa sine heimelge Grunnar, at han kann fara der det for Folkefot farande er, og gjerne føta seg tverbergs etter alle Nutar.
 
Ivar Mortenson .