Smaaplukk or ei Tysklandsferd.

 
(Del 3 av 6. Fyrste delen.)
 
(Framhald fraa No. 65.)


Münster var væn aa sjaa til denne Sundagsettermiddagjen; da var slik ein Fred yver Byen. Dei Folk, som hev med Ufred aa gjera, gjekk utan Blodtyrst med Sverd i Slira, og Fredens Bodberarar las Messor i Kjyrkjonna. 
Da gamle Raadhuset ifraa Medaltidi stod tomt og tagde; men da kunna nok hava fyrtalt ein Sogor, som inkji alle vori hugnalege aa høyra, helst ifraa dan Tidi, daa Uppatter-døyparanne styrde som villast, daa dei nye Spaamennerne var komne fraa Holland, Bakaren Mathiesen og Skraddaren Johan or Leiden . Da tusundaarige Messiasriket fekk dei i Stand, Riket med heilag Fred til Kjennemerke; men dar var eitkvart litet, som vanta: Heilagdomen og Freden. Høgt var han komen, Skraddaren, var vortin Konung paa Sionog Tyrran samstades, og endaa høgre kom han sidan, daa han laut dingla i Galgjereipet ifraa Domkjyrkjetornet. Ho stend her enno, Domkjyrkjo, gamal og verdug. Westfaler-freden, Slutten paa Tretiaarskrigjen, kann ho ogso røda eitkvart um.

Ifraa Münster fôr me i etterste Vogni; dar fekk me ei Utsyn, som ein kunna gjeva Gull fyre: fyrutan Vindaugo paa baade Sidonna hadde me ogso eit beint bak. Ein Vognførar (han hadde vori med i Franske-krigjen og hadde stadi i 23 Slag, fyrtalde Felagen hans) let oss koma inn her. Me hadde nemleg drukki ein Par Glas Øl med haanom; fyr no hadde me fengi Tamen paa Tyskaranne: vil ein verta Godven med ein tysk Huvemann¹), so lyt ein gjeva haanom nokre Pfennig i Drykkpengar hell drekka eit Glas Øl med haanom. Naar ein spør ein Huvemann um eitkvart, so gjer han nestan altid eit av tvo: antener han so tungnemd som dan største Gapen i ei Skula: fyrstend inkji, veit inkji, hev kvaarkji Munn hell Mæle; daa veit ein trast, kva da skal tyda: dar lyt Drykk-pengar til fyr aa gjeva haanom Fyrstand- og Tale-gova. Ein 10-Pfennig gjer daa plænt Under: Mannen fyrstend da mindste Fingerpeik, preikar som ein Prest, veit alt. Hell so kann da henda, at dei er so uhorveleg kloke og pratsame med da same: segjer baade da ein vilvita og da ein ikkjivil vita _ uppatt og uppatt, men med nye Ord og Vendingar, nettsom ein dugeleg Skulemeistar, fyrat ein skal fyrstanda og inkji gløyma, og framfyr alt: inkji turva spyrja nokon annan. Daa veit ein ogso, kva da vil segja: Drykkpengar. Men da Ros skal dei hava dei tyske Huvemennerne: altid er dei blide og aldri grinebitaragtige. Hjaa oss i Noreg glefsar dei med-kvart etter ein som arrige Hundar. Daa eg kom ifraa Tyskland atter, vilde eg setja Kufferten min inn einkvan-stades, med eg tinga meg Hus. Dei synte meg daa ei Bud, og eg gjekk inn. Eg bar daa fram Ærendenna mine; men daa kann du tru, Mannen vart rivande galen: Her var Tollhus her; eg hadde inkji noko her aa gjera o. s. b. Eg vart forstøkt. Slikt var eg inkji vand med, dar eg kom ifraa; men so hugsa eg, at eg var komin til Heimalandet mitt atter.


Paa Pakkeposten her i Kristiania var ein Mann her ein so Dagjen so ovse venleg og hjelpasam, at eg reint gløymde meg sjølv og helt paa aa stikka Handi i Buxelumma etter Drykk-Pengar, men so hugsa eg, at norsk Vensæla læt seg inkji betala med Mynt, og da gjorde meg vondt, at eg inkji torda gjeva mannen ein Tiøyra. _

Utanfyre Dyrri all etterst paa Vogni stod ein Huvemann og bremsa. Med haanom batt me oss i Prat, Han var Hanoveranar, hadde vorin Soldat sine 3 Aar, rigtig ein Feuerfresser(Eldetar) liksom Soldaten i Münster; han kunna gjerna glupa i seg heile Frankrike med Krigsmenner, Eldbombor og kva, som var. Bismarck og Moltke og dan tyske Heren var Gudanne hans. Hellest er Smaafolket og allvisst i Provinsanne inkji Bismarck-Freunde, som dei kallar da; men endaa laut Arbeidaranne gjeva haanom Pengar ved Nasjonal-subskripsjonen, fyrtalde dei meg i Provinsen Nassau. Verksdrivarar sende Listor til Teikning ikring; dei, som inkji teikna seg, vart jaga. Gav daa De noko? spurde eg Krambodgjentonna, som fyrtalde meg detten. Nei, me slapp; Husbonden vaar er helder inkji nokon Bismarck-Freund. Men me lyt betala 20 Mark i Skatt til Staten kvart da Aar; da er Bismarck si Skuld med Herlovanne hans. Men Kjeisaren, _ han vanka just dar i dei Dagom, _ haanom var dei glade i, alle dei, eg snakka med. _

Ja, Bremsaren dar atter han kunna væl vera Pratakar. Dan eine Felagen vaar fekk nok aa gjera med aa andstemna²) haanom.

Og so drekk me eit Glas Øl saman, slutta han med Felagen vaar, daa me skulde skjiljast ifraa kvarandre.

Skal tru, kva han meiner med da? _ Aa, da er væl inkji so vandt aa vita. Ein kann daa væl inkje halda ein mann med Prat i ein heil Time fyr inkji?

Paa Stasjonen skulde me stiga um i eit anna Tog. Dar kom Bremsaren og han, som hadde stadi i dei 23 Slagi; dei hjelper oss til aa faa Vogn og _ Øl. Da tyske Ølet er godt og biligt. Eit stort Glas, paa Lag som ei halv Flaska, kostar 10 Pf. (9 Øyrar). Da er inkji so sterkt som vaart Baierøl, men mykje betre. Og Øl drekk dei jamt og samt: Menn, Kvinnor, Born. Aa eta Middagsmat i Tyskland utan aa drekka Vin hell Øl kann inkji taka Lag.

Og so er da reint Slag, ein fær. Han er inkji mengd med Eiter og Gjift, Vine deira, i da mindste ikkji i Rinlandi og darumliggjande. Prisanne er ifraa 1 ½ Mark til 36 Mark Flasko, stend her paa eit Vinkart. Men dinne sidste Sorten er daa ogso Ehrtrunk Seiner Majestät dem Kaiser (Æredrykk aat hans Majestet Kjeisaren).

( Meir.)


¹) Huvemenn kallar eg alle uniformerade, som ikkji er Krigsmenn, og av deim fløymer da i Tyskland. Paa desse Huvonna kann ein taka ut ein Tyskar so visst, som ein kann taka ut eit Rovdyr paa Tennenna.
²) anstemna (nordlandsk) ): svara imot. Gamalnorsk: andstefna.