Lidt um dei kjyrkjelege Umvølingarne.

 
Daa dei kjyrkjelege Umvølingarne i den seinare Tidi hev voret og er so sterkt paa Prat, og eit Vinstreblad (?), Vestlp. endaa setjar desse Spursmaali øvst paa det politiske Valprogram, lyt eg fengja Lov til aa segja litevetta um dette.

Det segjer seg sjølv, at Umvølingar trengst og maa til likesovæl paa det kjyrkjelege so paa det politiske Umraade. Men at setja dei kjyrklege Spursmaali fyrst paa eit politisk Program, det er eit Yvergrip og Tiltak, som er faarlegt fyrr Friheiti og Framsteget, og som kann verta verst for sjølve Kjyrkja. Yvergrip, Tiltak! høyrer eg alt Vestlp. skrika. Jau, det er eit Yvergrip at setja eit kyrkjelegt Spursmaal fyrst paa eit politisk Valprogram. Kvifor? Jau, fyrdi at Kjyrkja er underordnat Staten. Fyrdi det inkje lenger er Religionen, som binner Individarne ihop i det Samlag, som kallast Staten, men dei store felles politiske Interessar. Det er at setja upp det, som ned skal snu. _ Det er faarlegt fyr Friheiti og Framsteget, fyrdi at nettupp dei beste Krefter til Statsstyringi so let kann verta tilsidesette. Dernest er det faarlegt fyrdi det er eit Forsøk paa aa gjera det til Bindemagt i Staten, som inkje lenger eiger den Magti.

Eg vil vera med paa Umvølingar. Men eg vil inkje vera med paa Umvølingar, som kunne gjera Truesfriheiti trongare enn ho no er. Eg vil vera med paa aa gjera Kjyrkja so rein fyr Namnkristendom og Heidenskap so mogelegt. Men eg finn inkje at det vil lukkast ved aa byggja uppatt ein Mur, som Upplysningi og Tidsanden hev rivet ned. Lat den gamle Klerikalisme-muren liggja som den ligg i Mulder og Mask fyr det meste. Eg trur so fast paa Sannheiti i vaar Kristendom, at eg inkje ræddast fyr aa setja den upp mot den nye Tidsanden. Elder trur me inkje vaar Kjyrkjes Sannheiter vil standa ut ei slik Prøve? No, dei som hev ein hemmeleg Tvil um det og, som berre ropar paa ein Kinesarmur mot den nye Tidsanden, fyre deira Skuld er det nettupp eg vil riva dei gamle Stumpar av Kjyrkjemuren ned, so dei kann sjaa, at dei guddomelege Sannheiter aldri kann døy burt. _ Men dei som skrik mest paa kjyrkjelege Umvølingar er inkje slike, som fryktar fyr aa mista Trui si. Nei, det er heilt ut politiske Grunnar, som bringar slike til aa gaula so dei gjer. So me veit, hev Kjyrkja i Tidarnes Laup tilranat seg ei verdsleg Magt, som enno er styggelegt stor. No, daa Fyrekjemparne fyr Friheit og Framsteg paa den eine Sida og kjyrkjelege Sannheitssøkjarar og Reingjerarar paa den andre Sida med Aalvor vil krevja den stolne Magti tilbakes, fyr at leggja den der, den høyrer heime, no gaular dei um, at desse vil taka Kristentrui fraa dei.

Kann det vera større Hyklare til enn slike? Det nyttar inkje at hengja Friheits og Sannheitskappa paa seg, naar deira eigne Ord og Handlemaatar slitar ho isund.
 
Petrus.


Me skal gjera uppmerkasm paa, at Stykkjet stend for Innsendarens Reikning. Bladstyret.