Hev Fritenkjarskapen noko aa bjoda paa!¹)

 
Herr A. skriv i eit Stykkje til Bjørnstjerne Bjørnson:
 
_ _ Hev altso Fritenkjaranne ein Religion, som dei meiner er reinare og hev Fyremuner for Kristentrui, so lat oss høyra; dei tener ikkje paa aa halda det dult.

Daa eg ikkje veit, um Bjørnson, som er ute paa Sumarferd, fær sjaa dette paa eit Bil, trur eg, at eg vil taka meg til aa svara paa det so lengje.

Eg skal daa strakst segja, at dei, som ein no for Tidi kallar Fritenkjarar, ikkje hev nokon ny Religion aa bjoda paa. For den Skuld kann A. trygt halda seg til den gamle Trui.

Ein Fritenkjar no for Tidi er ikkje ein, som vil stifta ei ny Kyrkje elder samla ei ny 
Sekt²). Ein Fritenkjar er ein, som hev funnet ut, at kvar for seg maa tru det, han sjølv finn sant.

Du skal altso ikkje gaa til den elder den, vil ein Fritenkjar segja, og spyrja kva hantrur. Du skal gaa til deg sjølv aa spyrja kva du trur. Finn du t. D., at du trur paa Kristendomen, og at du hev Glede og Hjelp i den, so skal du halda paa Kristendomen, kann du vita. Kva Grunn skulde du ha til aa sleppa det, du sjølv finn sant og godt? Du maatte vera galen, um du det gjorde, og du kunde aldri forsvara det, korkje for deg sjølv elder andre.

Men er det ein som finn, at han ikkje kann tru paa Kristendomen med Sanning og godt Samvit, so fær den Mannen tru slik som han kann tru, anten det no vert mykje hell lite. Ingen skal vera nøydd til aa tru mot sitt eiget Vit, ja mot sitt eiget Samvit; kvar Mann skal tenkja sjølv yver dei gudelege Ting, som yver alt anna, og deretter lyt han gjera seg upp si Meining som han for seg sjølv best kann forsvara. Meir vil inkje ein Fritenkjar ha aa segja, naar han vert spurt so som A. hev spurt.

Eit Kyrkjesamfund elder ei Sekt hev sin Dogmatik, sin faste Trudomsregel, so der kann alle tru det same, daa visst i dei store Drag. Fritenkjaranne hev, som sjølvsagt skulde vera, ingen Dogmatikk, og der kann vera mange Slags Tru millom dei. Mange av dei trur paa Kristendomen, um dei no ikkje forstend denne paa same Maaten som Presten, andre trur berre paa Gud; andre trur ikkje paa anna enn det dei ser og veit. Men alle held paa, at det, me skal tru, maa me sjølve forstaa er sant; det me ikkje kann forstaa vil some segja er Tøv; andre segjer, at det kann vera for det det er, men at det ikkje er noko for oss.

Hev daa Fritenkjaranne ingen Ting aa setja istadenfor Kristendomen? Nei; ikkje beintfram. Ein Fritenkjar kann tru paa Gud og ha Von um eit Liv etter dette; men han vil nok for det meste segja, at dette er Ting, som me ikkje veit noko um. Han kann ingenting lova. Spør du han um, kva du skal tru, svarar han: tenk sjølv.

Men um Fritenkjaren ingenting veit, og for det meste ingenting trur, um det andre Livet, so trur han kanskje so mykje meir paa det Livet, som er. Han trur paa Utviklingi; han trur, at Verdi gjeng allstødt fram, og at Paradiset ikkje er attanfor oss, men framanfor. Og so legg han sin Elsk og sitt Arbeid paa aa hjelpa denne Utviklingi fram, so vidt som han kann daa. Han tek att paa Moralen, det han hev misst paa Tru; og um han ikkje veit nokon Himmel aa gleda seg til, so gjeng han ikkje helder og ber paa denne fæle Tanken, at dei fleste av dei Armingarne, som liver her i Verdi, og som etter hans Meining er meir usæle enn syndefulle, at dei skal brenna æveleg i Helvete.

Er det noko aa vinna med aa vera Fritenkjar? Nei; for den, som finn med seg sjølv, at han er tent med den gamle Trui, er der ingenting aa vinna.
 
Men der er daa Fritenkjarar, som arbeider imot Kristendomen og vil faa Folk burt ifraa den, anten dei trur elder ikkje?

Aa ja. Og det kann koma av fleire Ting.

Der er Fritenkjarar, som finn, at Folk ikkje hev godt av aa tru paa dei kristelege Læresetningarne, og som meiner, at dei hev ei Plikt paa seg til aa upplysa um dette. Det er andre, som tykkjest sjaa, at so lengje Kyrkja hev so mykje Magt som ho hev, kann Folk med andre Meiningar aldri koma til sin fulle Rett; og so vil dei hava Kyrkja veikare for aa faa meir Tolerance. Andre finn, at den einaste Maaten aa faa Folk til aa tenkja sjølv paa, er denne aa lata dei sjaa, at det finst andre Meiningar, som kann hava Grunnar for seg. Altso skriv dei og upp desse Meiningarne fram. Og so kann det vera ein Ting til. Naar Fritenkjaranne, slik som no, til kvar Dag vert avheidrad i Bøker og Blad, ja fraa kvar Preikestol, og paadiktad altslags vondt, vond Vilje og mykje anna, so kann det henda, at ein Fritenkjar, som og er eit Menneske, vert leid elder harm og prøver aa bita ifraa seg. Elder naar han ser, at Folk, som gjev seg ut for Kristne, tidt nok brukar seg ukristeleg Moral, elder i Kristi Navn set seg imot dei beste og sannaste Ting, so kann Fritenkjaren, som ikkje kallar seg Kristen, men som kanskje like godt held seg til Kristi Moral, glødast upp i Hat og Harm slik, at han maa tala, og daa er det ikkje sagt, at han veg Ordi sine paa Gullvegt. 
Slikt hev visst ofte nok hendt Bjørnstjerne Bjørnson.

Mange finn det fælt galet, at Fritenkjaranne legg sine Meiningar fram og riv ned paa det, som Folk no og her kallar Kristendom. Men upplyste Kristne veit likso godt som Fritenkjaren, at Strid og Ordskifte um det gudelege kann i det store og heile ikkje gjera anna enn godt. Det driv Folk til aa tenkja, og det lærer dei aa taka det aalvorlegt og personlegt med desse høge Ting.


Arne Garborg .

 
¹) Kjære Fedraheim! Du fær taka inn dette, alt um det ikkje ber paa di Leid. Eg hev gjert det beste eg kunde til aa faa det slik, at det ikkje skulde støyta. G.
²) Nokre Positivistar hev likevæl prøvt med noko slikt, men dei hev nok ikkje mange med seg.