[Tidender.] Høgre
fer
no kringum og agiterar som rasande. Paa den Tidi som er att fyre Vali
vil dei freista alt mogelegt, um det kunne vera Raad for dei aa vinna
att noko av si tapte Magt. Dei fer i løyndo og i syndo, ikkje noko
Middel let dei unyttat, Pengar og Ord, baade godt og vondt, Lokking
og Loving, Truging og Forbanning, ikkje noko er uspart. Dersom dei
trur seg hava mest Von, der arbeider dei stilt
for ikkje aa eggja upp Vinstre for mykje.
Og
der som dei held Vinstre for uvinnelegt, der tred dei fram under
Vinstremanns Merkje og freistar aa vekkja Strid um Tingmansemne, vil
faa Folk til aa kasta dei gamle sikre og faa inn andre i Staden, som
Høgre trur seg ein Mun betre til. For dei hev lært det no, at paa
dei fleste Stader so nyttar det ikkje lenger aa halda stivsint paa
sine eigne Listur, men dei tek til Klokskapen og freistar aa sprengja
Vinstre, so at um Vinstre kløyver seg sund i tvo Parti, so kann det
henda, at um dei og var mykje meir mannsterke, so kunne Høgre slaa
seg saman med eit Mindretal av Vinstre, og soleis um ikkje heiltupp
vinna, so likevæl gjera Partiet so veikt som dei kunne. Me hev set
syrgjelege Døme paa slikt i eit Valmansval i Finnmarki. Vinstre var
mykje sterkare, men Høgre vann reint, fordi at der var Samhald
millom den vesle Flokken deira.
Høgre
kjenner no, at det er ute med Magti deira for alle Tider, soframt dei
ikkje iaar kann faa nokre fleire Plassar paa Tinget. Difor maa
sanneleg Vinstre taka seg paa Tak til Gagns og spenna i med alle sine
Krefter, for væl er det so, at nokre faae Høgremenn vil vilde ikkje
kunna støyta um den nye Riksskikken, men dei er soleis lagad, at
berre den minste Siger vil kveikja dei upp til aa halda den gamle
Kampen i Live. Men Folket bør faa dei undan seg no ein Gong for
alle. For eit slikt Parti skulde ikkje faa reisa sitt Hovud lenger
her i Landet, som hev stadet iferd med aa svika sitt eiget Fedraland
og bruka Valdsmagt imot sitt Folk, eit Parti, som ikkje agtar Lov og
Dom i Landet, eit
Parti som berre ser paa sin eigen Bate og skubbar Landsens Ære og
Utvikling til Side, som kallar Fridom og Sjølvstyre for Tyranni og
som skuldar vaart Folks beste Vener for
List,
Løgn, Bagvaskelse og Forførelse, eit Parti, som i all si Tid hev
arbeidt paa aa halda Bonden og Arbeidsmannen nede i Ufridom og Age og
no likevæl ikkje skjemmest for aa høla for den, som dei hev hædt
og ljuga han full med allslag Kallegheit.
Nei
eit slikt Parti skal me ikkje gjeva nokor Magt meir.
Publisert