Tidender.

 
Kristiania, den 11te August.

Stortingsvalet for Finnmarki. Til Tingmenn er valde: 1) Domar paa Moss, Statsraad h. v., Jens Holmboe , 2) Kyrkjesongar Holmgren.

Til Varamenn: 1) Lensmann Grape, 2) prest Holm.

Alle saman Høgremenn. Høgre raadde der ved fyrre Valet ogso, men Vinstre hev vakset utruleg, fyrr var det berre 5 Vinstrevalmenn imot 20 Høgre, no var det 10 Vinstre imot 14 Høgre. Ein av Grunnarne til, at Høgre kann vinna der uppi er væl den, at Folket er so likesælt og bryr seg ikkje um aa møta fram, lange Vegjer er der ogso og tungvint aa koma fram, og so vert det Storingarne, som raar. Det hev likevæl hendt, at um Vinstre hev havt Fleirtal ved Valmannsvalet, so hev dei voret so lite samstelte, at Høgre hev vunnet fram si Liste.
 
 
I Arbeidarkommisjonen skal det etter Dagbl. koma desse 11 Menn: Amtmann Arneberg (Skien), Formann; Stortingsmann Statsfysikus Sparre (Bergen); Stortingsm. Bonde S. Jaabæk (Agder); Stortingsm. Handlar Thorne (Moss); Fabrikkeigar Knut Dahl, Myren, (Kra.); Direktør Boye Strøm (Kra.); Hofjægarmeistar Gjerdrum, Nydalens Fabrikk (Kra.); Statsrevisor Hølaas; Rorskar Kjelsen (Kra.); Insjeniør og Bonde Gunnar Knudsen (Telefylkjet): Arbeidar O. K. Johansen (Trondheim).


I Militærkommisjonen skal det ganga inn nokre Medlemer, no naar Hjorth gjeng ut: Øvsteløytnant Schnitler, Artillerikapt. Peters og Insjeniørkapt. Bøyesen. Fyrr er det med i Kommissjonen: With, Bull, Dahll, Jacobsen og Skaar. No vert det 4 Vinstremenn og 4 Høgremenn.

 
Moses Montetiore ein gamall rik Jøde er nyleg daaen i London yver 100 Aar gamall. Han hev gjort seg storleg fortent av Jødarne, han hev reist umkring i mange Land og verkat for ei likare Stelling aat Landsmennerne sine.