Smaaplukk or ei Tysklandsferd.


(Del 1 av 6.)
 
 
Da var ein Sundagsmorgon tidleg, me var tri Felagar paa Jarnvegsgarden, Pariser Bahn Hof, i Hamburg, skulde fara til Køln. Me vilde reisa med fjorde Klasse, fyr da var billigast, og so fekk me koma i Lag med so mykje Folk; fyr i slik ei Vogn med ingjen Sessar gjeng alle saman um kvarandre; ein sitt ikkje nagla fast paa dan fyrste dan bedste Benkjen, ein finn, heile Dagjen. Hev ein med seg ein høveleg Handkuffert til aa sitja paa, so kann ein inkje reisa betre hell med fjorde Klasse. Og so alle dei Slags Folk ein dar kjem i Lag med! De lyt berre passa paa, slutta ein Hamborgar med meg um Laurdagskvelden, at de sitt med Nævanne i Bukselummonna og held godt kringum Pengepungjen og Klokko, darso de vert svevnuge; fyr dar vankar Folk utav alle Slag, dar, maa tru; og so log han so hjarteleg godt; men eg totte no inkje, da var da mindste trøysamt.

Klokkekjedo lyt du nok binda væl fast i Knappholet, sa eg med Kamraten min, daa me hadde løyst Biljett. Eg fyr min Deil hev no gjøymd Ringanne mine og Slipsnaali; __ ein kann raaka paa ymse Folk, veit du.

Eg hadde inkji tora fortelja haanom, kva Hamborgaren sa; fyr han var umotug paa dinne FjordeKlassen. No sette han upp eit Andlit, nettsom dan andre Felagen vaar gjorde paa da danske Dampskjepet, daa han ved Kveldsverden hadde skjenkt eit heilt Vassglas fullt med Brennvin; han trudde, da var Vatn; fyr da danske Brennvinet er lita jussom Vatn.

Nei men kva er da daa fyr Slag, de hev narra meg til. Kaupa ein slik Fille-Biljett berre fyr aa spara paa nokre Kronor _ og so koma i Lag med Tjuvar og Røvarar. Me andre tvo sa inkje eit Ord. Hadde me endaa kaupt os Revolver i Kristiania, som me tenkte paa. _ Ein liten Tollekniv hev eg altid, men han er noko liten.

Me gjekk inn i venteromet fyr 4. Klasse. Dar var ingjen aa sjaa.

Da er so simpelt, at inkji Menniskje reiser dar, da segjer eg so reint ut, slutta han. Tess betre; so fær daa me Rom i da mindste, meinte daa hin Kamraten.

Dyrrenna vart uppletne.


Vierte Klasse _ Køln!ropa me og drog og sleit paa Kuffertanne vaare.

Vognføraren synte oss ei stor Vogn med ei stor Troppa dan eine Enden og me steig inn.

Augo vaare for rundannes kringum i kvar ein Bolk; me vilde trast vita, kva Selskap me var komne i. Dei kom inn straumande, nettso Sauder i ein Fjos: Gluntar, Jentor, Herrar, Damor, Ungar, Korgar, Pakkar, Regnskjermar, Stavar, Solskjermar. Folk saag sletinkje fæle ut; da var plent, som naar dei reiser paa 
Landet or Kristiania ein Sundagsmorgon. _ 
Herrar og Damor med Gullkjedor og annan Gullstas kunna ein sjaa. Dar kom inn ei Frøken med Gull-lorgnet, og so burt etter. Eg saag etter Fillefantanne (das Lumpengesindel) og Lummetjuvanne og Skarvanne, men eg fekk inkji Auga paa deim. Vandt aa segja kvar dei held til; hér var dei daa i da mindste inkji.

Dessen, som her var, tenkte nok inkji meir paa aa røva ein stakars utanlendsk Student hell dei tenkte paa, kva Daud dei skulde faa, som dei segjer fyr eit gamalt Ord. Eg vart nestan skjemd yver, kor eg hadde budd meg til Ferdi _ og knytte upp Knuten paa Nikkelkjedo mi.

I Krigstid vert desse Fjorde-Klass-Vognenna bruka til aa føra Soldatrar med; difyr er dar inji Sessar, men berre Bolkar. I kvar ein Bolk er dar digre Jarnkrokar til aa gjera fast Sengjer paa, so da vert paa Lag liksom Bellar i ei Lofotbud.

Me sette oss i kvar sin Bolk attmed kvar sit Vindauga fyr aa skoda Landet.

Darso ein hev reist igjønom Jylland og Holstein, so er dar inkji vidare nytt aa sjaa yaa desse Kantanne av Nord-Tyskland: Flatland kvar du snur deg; no store Aakrar, no vide Engjer, no Skogar, mest Lauvtre, men ogso Naaltre; ender og daa Myrar hell flate Heidar, soleisen Lüneburgerheide, som me kjenner ifraa Noregssoga.

Husi liknar dei danske, hell rettare sagt: dei er plent nettso Husi i Holstein. Smaa Steinhus berre eit Stokkverk, store Tak utav Straa hell Tiglstein og med tekte raustgavlar, som stundom gjeng mykje, stundom lite paa Sneid. Slike Sneidraust hev kvart da Hus like ifraa Skagenog langt ned i Tyskland. I Rinlandivar dei inkji aa sjaa. Dei var mesta graa Vegganne; men alle dei Vindaugo med maala Karmar og heile Sperrverket, som gjeng i Kross og i Krok og altid synes utanpaa, og dei raude Steintak hell dei svarte Straatak, alt detten gjorde deim so krina i alle Litar, at da var væl mykje av da gode.


Nei sjaa dei Jentonna i Nasjonalklæde, ropa dan eine Felagen vaar; og med da same kom dei strjukande beint inn aat oss, ein sjau otte av deim _ nettso du saag norske Daljentor. Da var Altlenderinnor, sa dei. I Hamburg hadde me set Vierlenderinnor i Nasjonalklæde. Vierlenderneer eit Folk paa lag liksom Amagrannei Kjøpenhamn. Dei hev dei snodigaste Klæde som nokon kann sjaa. 
Eg minnast berre Hovudplagget deira: naar du tek ein Halmhatt, slik ein, som Mannfolki brukar, og snur haanom upp ned paa Hovudet og klemmer haanom væl ned, so Kollen vert bungla upp, _ so hev du slik ein Hatt, som dei brukar Vierlenderinnonna. So hadde dei mange svarte Band og Sløyfor; Stakkjen naadde skikkeleg til Knes. Mennerne hev ogso Nasjonalklæde, og deisom rare er.

Eg skreiv upp, kor Altlenderkvinnona var klædd; da var fyr mykje aa minnast: Grøn Stakk med smaa, nette, tette Faldar og Rynkor; svart Kant nedantil; svart Liv; svarte Fløyelsermar til Albogan; blaatt, stort Fyrklæde med svart Fløyelskant krina med Grønt. Raudt Silkjeband um Halsen; ei stor raud Sløyfa med grøne, gule og kvite Rosor heng nedyver Ryggen ned til Beltestaden. Store Gulløyreringar paa Skap som Medaljonar. 
Hatten var likavæl da fagraste hjaa dei rike. 
Han var berre utav egte Sylvstykkingar; saman med eit Brjostskrud utav same Slaget kosta han 16 Mark. Etterst paa Hatten var feste ei stor svart Silkjesløyfa, som naadde langt ned paa Hoftanne.

Slik hadde dei da i gamle Dagar kringum i Landom; men no, me er vortne fine, no fær me nye Motar ifraa Paris 4 Gonger um Aaret mindst; no gjeng da, snart sagt, like mange Pengar til Klæde og Pynt som til Mat og Drykk. Ein Familjefar kann gruna som ei Syndstraff, naar han ein 3 _4 Gonger um Aaret skal skaffa nye Klæde aat seg sjølv og Fruga og ein heil Ungvase; berre Skreddaren skal hava ei heil Grunn¹) med Pengar; og so er da inkje da Slag Gagn i desse Nymotesklædi. Naar ein hev bruka deim i ein 2 _3 Maanar, so gjeng Kjyrkeliten av deim, so vert dei avlikka og slitne, og so lyt ein hava nye. 
Og so er da inkji nok med, at me hentar Motar fara Paris; me vev inkji Tyet sjølv tessmeir, da læt me Utlendinganne gjera; so gjev me deimPenganne vaare, og so er me sjølv fatige. Inkji fyr da: Utlendinganne gjerer nett da same; men so er dei rikare og hev betre Raad til aa vera Apekattar etter Franskmennerne. Men hjaa oss _: vaart eigje Maaler inkji havande, inkji godt nok, kor skal me daa kunna berga oss med vaart eigje Ty og vaare eigne Motar?

( Meir.)
 
 
¹) &dvs; Masse.