Generalmøtet for det norske Avhaldssamlag


(Del 1 av 2.)
 
stod paa Hamar 7de og 8de August. Umlag 140 Utsendingar hadde møtt fram. Møtet byrjad med Syngjing av I Jesu Navn og Bøn av Presten Skattebøl fraa Gord i Gymnastiksalen aat Seminaret, som var stasad med 4 norske Flagd og skinande Fanar og fagre Blomekransar. Formannen i det norske Avhaldssamlag Oscar Nissen vart Ordstyrar. Han las upp Aarsmeldingi, som synte, at Laget hadde vakset med 10,000 nye Medlemer iaar. Det var sett fram 13 Spursmaal til Dryfting. Av desse var fleire mindre vigtige sette ut til næste Møte og sume burtviste og sume vedtekne. Det vart avgjort, at næste Generalmøte skal vera i Kristianssund. Det vart sett ei Nemnd til aa granska etter um me skulde faa Menneskevennen ut kvar Vika istadenfor tvo Gonger um Maanaden, og um det var til meir Bate aa lata ein Bokhandlar, som hadde Kommisionærar yver heile Landet, faa Bladet til Utgjeving paa 5 Aar soleis, at Utgjevaren skulde taka Tapet elder Baten av det; men Hovudstyret for Samlaget skulde hellest raada og styra Bladet, som det fann best. Formannen upplyse, at Bladet til dessa hadde gjevet berre Tap. No daa det hev 5000 Tingarar borde det bera seg, men dei gode Avhaldsmenn var ofta sluskne til aa betala, so ein berre tapar og harmar seg. Dagen etter innstellte Nemndi:
 
1. Bladet orkar ikkje verta større.
 
2. Bladet bør framleides ganga ut paa Kostnad av Totallage, avdi det kunde verta til Pengestydjing no, daa Avhaldssaki gjeng fram med slike Kjempestig.

Det vart framført, at me maatte faa fleire av dei 50,000 Avhaldsfolk til aa tinga Bladet og so lova kvarandre aa faa Folk til aa betala. Oscar Nissen kjende til slike Lovnadar fraa andre Møte; det vart ikkje betre, kor som var. Det vart vedteket, at Bladet skal hava same Storleiken, men eit stort Fleirtal raadde Hovudstyret til aa burtleiga Bladet paa ovannemnde Vilkor til Bokhandlar Andersen paa Horten, som er ein god Avhaldsmann og baade kann og vil arbeida til, at Bladet kann koma i kvar Kroken i Landet. Eit Framlegg av Stortingsmann Hektoen vart vedtekjet: at Generalmøtet uppmodar kvart einskilt Lag til aa velja ein Kasserar til aa krevja inn Aarspengarne for Menneskevenneni Laget.

So samrødde me, um me skulde søkja Stortinget um ei større Pengestydjing til næste Aar. Dei fleste meinte det var naudsynlegt, sume var rædde Stortinget skulde verta trøytt, men Hektoen sagde, at gjekk Avhaldssaki fram som fyrr, so var det ikkje Raad annat enn Stortinget laut stydja slik ei god Sak i Samhøve med den veksande Trong.

Eit annat Spursmaal, um det kann løna seg aa avla Poteter og selja til Brennevinsbrenning til dei Prisar, som no er, vart innleidt av Kand. Anker. Poteter er mest dyrkade i minst framkomne Land. Dei brukar Poteter til Sædskifte her; men til Sædskifte kunde dei bruka Kaal, Næper, Runkelroe elder Sukkerroe. Potetavlen hev svarat seg solenge Prisen var god. Gardarne hadde slegjet seg ihop um 
Actie-Brænderier. Dette hadde voret ei vigtug Sak her, daa ein Lut i eit Brænderi fylgde Garden som ein Herlegdom, og um Hausten fekk dei ein gild Sum Pengar. Men no daa Poteterne hadde dottet ned fraa 3 _4 Mark Tunna til 2 _1 ½ Kruna, kunde det etter hans Meining ikkje løna seg. Men det skulde dugelege Jordbrukarar til aa yvertyda Folk um det; for gamall Vane er vond aa venda og dei kasta oss i Nosi, at det er so godt aa faa nokre Kontanter um hausten. Han var reint viss um, det ikkje lønde seg, dersom dei ikkje fekk Dranken attende til Kyrne; denne Dranken vilde Kreturi gjerne hava og dei mjølkad av honom, men korleids var ikkje Mjølki _ blandad med Vatn _ og Kyrne vart sjuke av honom og kastad Kalven, og den Mjølki, dei fekk var ikkje frisk. Betre gjeva Kui Poteter, Næper, elder Hovudkaal liksom i Danmark. 
Det var Ovavl (Overproduction) av Poteter; difor var Roten komen i deim som ei Refsing, me hadde dreget ned yver oss ved aa missbruka Guds Gaavur til Spiritus. Dei hadde likeeins dyrkat Vinstokken til Yvermaal; men so hadde dei fenget Vinlusi aa dragast med. Ein Fjellmann, som saag dei brende upp so uhorveleg Poteter, ropad: Aa, all denne gode Maten! mange Husmenn fekk vistnokk Arbeid og Rikskassa 2,000,000 Krunor i Brennevinsskatt til Aaret; men han trudde dette vilde koma inn paa andre Maatar, som batad Landet meir og var til meir Velsigning, og han meinte den gløggsynte Schweigaard hadde Rett, daa han sagde: Det er ikkje annat enn Armodi, som kokar upp or Brennevinsgryta. Ein Mann meinte, at kunne ein ikkje faa 4 _5 Kr. Tunna, gav han helder Kui Poteterne; ein hadde funnet, at 1 Maal Jord gav i Brennevinspoteter Kr. 42 i Utgift og Kr. 34 i Inntekt, altso tapte han Kr. 8, og det var hellest ei aalmenn Meining, at det Slag Potetavl ikkje kunde løna seg.

( Meir.)