[Tidender.] Um Norigs fyrste Arbeidsministar,
Grosserar
Astrup, skriv eit svenskt Blad:
For
oss Svenskar var denne Utnemning forvitneleg. Sidan ei tjuge Aar
attende hev Astrup her i Landet drivet Forrettning som
Trelasthandlar
og dermed vunnet baade Rikdom og Vyrdnad. Sine Innkomur hev han
brukat til aa hjelpa fram mangei god og gjæv Sak.
Han
hev ikkje traatt etter Lovord ifraa Høgdi, han hev voret ille sedd
der; og han hev helder ikkje smeikt for dei smaae. Men han hev gjort
seg fortent til deires Takksemd.
Raustleiken
sin hev han synt ikkje berre naar det galdt Vitenskap og Kunst, men i
alle Ting. Han hev jamt havt ein livande Hug for Politikk, som det er
sjeldan aa finna millom Forrettningsfolk og han hev avgjort stelt seg
saman med Demokratarne. Me veit ikkje so mykje um den storfelde
Gjævleiken hans til aa fremda folkelege Fyremaal, men noko kjenner
me, som me her skal nemna. I 1881, daa det kneip for
Arbeidarinstitutet hans Nystrøm, gjekk A. sjølv og høyrde paa
Fyrelesningarne til aa røyna, korleis det var lagat, og Endskapen
vart den, at han teiknad seg for Kr. 500 um Aaret til Skulen. Det
same folkelege Huglynde hev han vist mot Arbeidaranne sine i
Norrland, som han hev studt fram baade i Ord og Gjerning i Strævet
for Avhald og Upplysning.
Soleis
er denne Mannen, som Høgrebladi skildrar som ein Fiende av Sverike
og Unionen og som ein vyrdlaus Agitator for Radikalismen. Nei han er
so langt ifraa aa vera nokon Unionsfiende, at han nett fortener Takk
for den gode Leidi, som Unionsarbeidet no hev komet inn paa.
Astrup
er ein trugen Freds- og Neutralitetsven; dette hjelper ikkje til aa
gjera Høgre blid mot han.
At
Utnemningi hans Astrup skulde helsast med Illelæte fraa visse
Kantar, det var berre noko ein kunne venta seg. Men at Kongen hev
maatt finna seg i det, det turde vera uventat for ein og annan, som
hev havt Tilfelle for aa granska bakum Teppet i det politiske Spilet.
Publisert