[Tidender.] Kristendomsvener.


Høgre vil hava Kristendomen. Det veit me. Det hev me høyrt so mangein Gong; det er lyst ut i alle deires Blad, det er det sendt Folketalarar utyver Bygderne til aa fortelja Folket, det er det lagat heile Samlag til aa prenta inn i Folket paa alle mogelege Maatar. Men Vinstre, det vil Vantrui!

Og Morgbl. slær paa nytt paa Trumma og manar Folket upp til Strid _ imot Vantrui.
 
Er det da ikke fór tidlig at røre Allarmtrommen og raabe i Gevær? er det ikke ubetimeligt at proklamere en ny Partideling: Kristne og Fritenkere?
 
Soleis talar likevæl Bladet no.

For tidleg, ubetimeligt?
 
Korleis kann dei verta ottsame og faa Tvil um sovoret no, daa dei alt hev drevet paa i mange Aar?
 
Er det komet noko til, som kann gjera Saki tvilsam?

Ja der hev ovrat seg ei Røyst, som dei ikkje reint kann lata vera svarlaus.
 
Der hev vaknat ei Samvitsrøyst hjaa dei, som dei væl døyver sterkt, men det visar daa, at dei kann ikkje vera fullt hugheile som fyrr.
 
Dei maa nemleg standa til, at der er mange Fritenkjarar millom Høgre ogso. Det hev alt lenge voret ymtat um sovoret, og det kann hava komet eitkvart uforvarande Ord paa eit Folkemøte elder soleis, men det hev jamt voret nedsonat og løynt yver, so alt skulde tykkjast vera blankt. Og no i Morgbl. kjem det ogso fram berre varlegt og stilt med Orsakingar og halve Tilstaaingar, men det maa daa fram, det stend ikkje heilt til aa løyna lenger.

Bladet segjer: Der gives vistnok et Mellemstandpunkt, Folk som hvad deres eget individuelle Forhold til Kristendommen angaar, have friere Anskuelser, som mene, at det mer kommer an paa at handle kristeligt end tro paa alle Dogmer, og at Gud, som selv er Sandhed, ikke fordømmer den efter Sandhed alvorlig søgende _ _ de indbilde sig ikke at eie Sandheden _. Men desse som i politisk Henseende tilhører Høire _ _ maa snarere regnes til Kristendommens Venner.

Kva er det so, som gjer Skilnaden millom ein Fritenkjar av Høgre og ein av Vinstre? jau det, at ein av Vinstre nemner sine Tankar og Tvil og vil vekkja Ordskifte um sovorne Ting; men ein av Høgre løyner sine Tankar og gjeld for kristen i Allmanns Augo. Og han maa likevæl regnes til Kristendommens Venner. 
 Ein ærleg og sannferdeleg Mann, som maa segja kva han meiner, han er dømd Mann, men ein Hyklar, han er kristendomens Ven; so er Høgremoralen.

Kristendomen kjenner ikkje til noko sovoret Venskap.