[Tidender.] Høgskulemøtet paa Sagatun


slutta no siste Fredag etter aa ha voret haldet i 3 dagar. Det var søkt av millom 4 og 500 Menneskje er der sagt, fraa dei 3 Nordlandi og Finland.

Brennande Spursmaal, bl. a. Sverdrups Skuleframlegg, samt Skulegonga av Gutar og 
Gjentur, Statskyrkje hell Frikyrkje, Maalsaki, vart diskuttera. Ein fekk straks den Inntrykkjen at det var dugelege Menn og Kvende, som her for det meste hae Ordet, som har tenkt yver Spursmaali og komet til ei sjølvstendig Meining um dei.

Sodanne Stormøte fær ikkje helder det einsiduge Laget, som me helst tenkjer oss fraa dei smaae Høgskulemøti. Menn som Schrløder, Nørregaard og Baagø fra Danmark, Holmberg fraa Sverige og Christopher Bruun og delvis Arvesen, læt der koma fram ein friare og tolsamare Uppfatning av andre Tankeretningar. Ullmann lyt og nemnast som ein god Talar, men han hev vondt for aa visa andre Meiningar Tolsemd og Godvilje. Eg totte, at det ikkje so mykje var han, som raadde Møtet og Diskussionen, men helder dei Menn, eg fyrr nemnde.

Dei Spursmaal, eg fekk høyra um, var sams Skulegonge, Statskyrkja og Frikyrkja og Maalsaki. Dei vart sedde paa alle Kantar, og kvar og ein vilde hava havt godt av aa høyrt til. _ At Skulegonga for vaksne burde vera sams for Gutar og Gjentur, tala Ullmann og nokre Kvendi for, serleg for aa framhjelpa det sedelege. Det kunne nok henda, at dei lærde mindre Gutarne, men at Tusen av Huslydar vilde bli lukkelege, vilde langt uppvega det. _ 
Fleire var rædde for dette, for at der kunde utvekla seg lause Kjærastgreidur, som der sidan ikkje vilde bli meire av, som vilde skjemma ut dei finaste Kjenslur og soleis bli til stor Skade. Iallfall maatte der farast varleg og seint fram.

Um Stats- hell Frikyrka hevda Bruun si gamle, kjende Meining, og han vilde vera med paa aa virka for Betringar hell Reformar i den Tanken, at det skulde vera til Vælsigning for Folket. Ullmann hevda ogso si Uppfatning, som fyrr er kjend. Han var mot kvar ein Reform. 
Det vilde berre bli Tyranni. Som det er no, er der Friheit for alle, men eit kyrkjelegt Sjølvstyre vilde verka det motsette.

Møtet slutta med festlegt Lag, der mange Talur vart haldne. Arvesen meinte me hadde fengje eit Syn og Skjyn paa Aanden um ikkje paa Metoden. Og det er sant: Aanden og Tanken med Folkehøgskulen er god, men det kjem alt an paa den Personlegheiti, som styrar og raar og verkar i Skulen. Kj