[Tidender.] Arbeidarmøtet i Kristiansand


_ det 3dje norske Arbeidarmøte _ vart haldet fyrre Vika. 1ste Dagen vart Skulespursmaalet umhandlat i 1ste Avdeling, og det Vedtak vart gjort, at i Staden for Aalmugeskulen og Middelskulen, som no er, bør det koma ein Folkeskule. Og til dess ein kann faa den, bør Stat og Kommune gjeva Pengehjelp til Skular, som tek aat der Folkeskulen sluttar.
 
I 2dre Avdeling umhandlad dei samstundes Tollsaki, og dei gjorde eit Vedtak um, at Tolltakingi, som no er, i mange Maatar er urettferdig, og at Toll paa dei mest trengjande Saker bør setjast ned, og at der bør setjast ein rimeleg Toll til Vern um Haandverket. Ellest vilde dei, at der skulde takast til med aa utlikna ein Del av Statsinntekterne beintfram paa Næring og Eigedom.
 
I 3die Avdeling hadde dei for seg um Røysteretten og ynskte, at der paa komande Ting maa vedtakast aalmenn Røysterett .
 
Um Eftan heldt dei Sammøte og talad um Røysteretten, same Vedtaket vart gjort som i 
Avdelingi.

Av fleire Saker, som vart umhandlat paa møtet skal me nemna, at dei uttalad seg for samfelles Undervisning for Gutar og Gjentur, baade i By og Bygd, at dei vilde hava Vaapenbruk og Gymnastikk inn i Skulen.


Dei uttalad seg for, at der burde skipast ei Pensjonskasse for Arbeidaranne med Statshjelp og med Innskot av Arbeidaranne.