[Tidender.] Live Anarkiet! Hurra!
Og
eit Hurra vil ljoma utyver alle Grunnlovsforeiningar og alle Høgres
Profetar alt ifraa Professorar og ned til det Hundretal av leigde
Bygdeagentar vil faa Blod paa Tunga, og dei vil med ny Eldhug
forkynna um Vinstres furdelege Planar og løynlege Raad. Huglause
stod dei der, dei hadde preikat so lenge um Vinstres Fyretak og
Hjartans Raad, dei hadde preikat um Unionshat, um Vantru, um
Uppløysing av Ækteskapet
_
dei hadde preikat so væl og lenge, at dei ikkje hadde meir aa tala
um, dei hadde preikat so lenge, at ingen meir trudde dei
_
kva skulde dei so finna paa, fanst det nokor Skulding meir, fanst det
noko Blendreverk som kunne vera brukelegt til aa kaste Folk i Augo,
sukkad dei i si Naud, fanst det nokor brukeleg Lygn elder eitkvart
soleis, som kann tola og slitast paa eit par Maanar, utan at
Forgyllingi gjeng av
_so
kome med det, den som mest veit. So sukkad dei i si Naud.
Men
gamle Friele, han er ikkje tufs han. Han skaffar nok sine deira
aandelege Føde i rette Tid han. Um han og skal dikta lite Grand, so
var det ikkje fyrste Gongen det hende med den Karen. Han kann daa faa
det i hop so godt, at det heng saman eitpar Maanar tilvissa.
Jau
Friele hev lenge argat seg yver, at Vinstre vart so reint pæne og
stillfarande, sidan dei kom til Magti, det er ingen som ser noko til
den skræmelege Udygdi og kallege radikalismen, som vilde fylgja
Sverdrup, fyrst han kom fram. Alt gjeng so fint og fredelegt, at
høgre vert fulle av Blygsle. Men Friele nøgjer seg ikkje med det,
som visar seg paa Yverflata; med Katteaugo granskar han dei radikale
i deira Hjartans myrke Djup. Halvborne Raader og ufødde Tankar
_
ingen Ting kann løyna seg
for han. Det vart væl smaatt med Trui paa Fyrevisdomen hans no paa
det siste. Men Lukka er betre enn Forstandet. I desse Dagar hev han
gjort eit Fund, som soleklaart skal visa alle, at han hev havt Rett;
han hev funnet svart paa kvitt for, at Vinstres Maal er ikkje mindre
enn det reine Anarki. Og han visar den raude Fana fram til Støkk og
Rædsle for alle vælsinnad Borgarar, paa den stend det skrevet:
Live
Anarkiet!
_
Me fæler og blygjest reint ved aa fortelja vaare Lesarar, at det er
i vaart skikkelege Blad, at han hev funnet dette forskræmelege
Ufryskje.
Og
Friele støyter i Luren og blæs ut med skingrande Mæle: Hurra, hei,
der hava me dei! Og alle Smaatrompetarne vil svara: Amen.
Kva
er det daa han hev funnet, som no kann gjera han so rødug og
høgmælt?
Jau
han hev funnet:
Det
Garborgske Statsideal
elder
Statssystem.
Sine
funnvise Ord byrjar han so:
Den
yderste Konsekvens af det nu herskende Demagogi har det dog været
forbeholdten af Partiets mest betroede og mest belønnede
_
Mænd at drage. Det er Statsrevisor og Literat A. Garborg, som i sit
Blad
Fedraheimendocerer,
at et selvstændigt besluttende Storting i Grunden er en ligesaa stor
demokratisk Uting som en selvstændig Kongemagt og en selvstændig
Regjering.
Friele
er ein gamall og røynd Mann, og han veit som sagt um Vinstres inste
Tankar.
For
honom er det da heller ikke saa kuriøst, at sovoret kjem fram.
Han hev nok lenge vist um det, at det er til Anarkiet Vinstres lyster
gjeng. Han tek det med Ro. Anarkiet, segjer han, der
ingenlunde er særdeles fjernt beslægtet med et andet politisk
Ideal, som nutildags er
en
vogue
_
vi mene Folkesuveræniteten
_,
er da ogsaa en Statsform, som nutildags tæller mange begeistrede
Tilhængere. Den kan ogsaa smigre sig med at være den sidste og
naturlige Konsekvens af de Ideer, som rører sig i vore mer
avancerede Radikaleres Hjerner.
Kva
kann det væl nytta oss aa motsegja og avsanna, naar
Morgenbl.
segjer at det er so?
Um
me vilde negta, at Vinstre arbeider for Anarkiet, negta at
Fedraheimens
Program var aa nedstøyta Stortinget, um me vilde visa Friele, at han
ikkje hev leset etter Meining og Samanheng i Stykki um
Stortingsvali, og at dei var skrivne av Merkjet
Quidamog
at hans Valprogram var langt annleis enn
Morgenbl.
set det fram, um me vilde fortelja uppatt at
Fedrah.
ikkje hev voret styrt av Garborg no paa fleire Aar, elder bygt paa
noko Garborgsk Statsideal
_
um me vilde segja, at Bladet her hev rørt i hop ein Villing so
tjukk, at Skeidi kunne standa i han
_
kva
kunne det alt nytta oss, naar han Friele hev ei onnor Meining? Elder
hev nokon høyrt, at han hev attrat og gjenget attpaa sine Ord.
Um
me berre vilde spyrja, korleis han kann kalla den for
en
af Partiets mest belønnede Mænd
,
som Partiet løner paa den Maaten, at det negtar Reisepengar for
Skuld hans Meiningar
_
kva
kunne jamvæl det nytta?
Tru
ikkje Friele starks vilde koma med Bibelen i Haand og spyrja: Stend
det ikkje skrevet, at den som ein elskar, honom tuktar ein tidleg?
Publisert