[Tidender.] Fædrelandet og Stortingsmann Konow.
Fædrelandet
No. 86 hev eit Stykkje um Tingvalet for S. Bergenhus. Det vil opna
Augo paa Folket der burte, so dei vel gode Menn til Tinget.
Og
det gjer det sanningskjærlege Bladet paa den Maaten, at det legg
Konow Ord i Munnen, som han aldri hev sagt. Det høver ille for
kristelege Folk aa velja ein Mann, der i Fritænkerne ser
Samfundets Salt, segjer Bladet.
Dette
er tenkt paa Konow.
Vil
Fædrelandetvera
so snild aa segja oss, naar Konow hev sagt dette?
Tru
det inkje vilde verta i Beit daa? for Saki er den, at Konow hev aldri
sagt det, som Fædrel. legg honom i Munnen. Han er i det heile ein
for vitug Mann til aa segja sovoret.
Fædrelandet
sigtar til Ordskiftet um Disentarsaki. Me hev leset gjenom det Konow
sagde; men me finn inkje noko, som gjev
Fædrel.
minste Rett til aa koma med ei so grov Skulding. Konow reiknad upp
fleire Menn; gode Menn og kristelege Menn alle saman, som inkje var
heilt nøgde med Statskyrkja og so sagde han etterpaa, at ingen
mer er Saltet i Samfundet, end de, som tænker og lever Aandens Liv
frit. Tru inkje
Fædrelandet
og skulde vera einigt med Konow i dette? Trur det
gode Bladet, at det er andre enn dei, som tenkjer og liver Aandens
Liv fritt, som er Saltet i Samfundet? At
Fædrelandetmed
Nebb og Klo vil hava det til det, at Konow her meinte Fritenkjaranne,
det er usømelegt for eit Blad, som gjeng dagstøtt med Bibelspraak i
Munnen. Og det er so mykje styggare, som Bladet væl kjenner til, at
Prof. Bugge lagde same vrange Tydning i Ordi hans Konow, men daa
Konow høyrde det, so varde han seg mot slik Misstyding.
Me
kann ellest godt skyna, at
Fædrelandetvil
vara Veljaranne i S. Bergenhus mot Konow; for den Ting er viss, at
Konow hev hjelpt Vinstre mannelegt.
Fædrel.
kjem truleg endaa ihug kor langt ned Hjartet sokk hjaa Høgre, daa
Konow sette Lars Dahll i Knipe.
Publisert