[Tidender.] Sedløysa i dei store Byarne
er
fælskleg. Ho er so stor, at dei trur det ikkje sjølve dei som bur
der. Dei vil ikkje tru det. Men stundom vert det rivet Hol paa denne
sjoande Kolmila, og heile Verdi fær sjaa, korleis det frøser og
brenn. Det hev vortet rivet eit Hol no paa dei kallege Løyndomarne i
London, og me ser inn i eit gapande Saar.
Det
var eit Lovforslag framme um aa faa strengare Straff paa dei, som
gjer Forbrot paa det sedelege; men dette vilde ikkje Lovgjevaranne
bry seg noko um, Regjeringi vilde lata det falla, og skaut til det,
at det ikkje var Stemning for sovoret millom Folk.
So
den 4de Juli segjer eit stort engelsk Blad, at alle dei maa lata vera
aa lesa dei næste Nummer av Bladet, som ikkje toler aa sjaa noko
menneskjeleg Styggedom. Bladet hadde nemleg arbeidt i lang Tid og
havt ei Arbeidsnemnd i 6 Vikur til aa granska og samla Upplysningar
fraa alle Kantar um, korleis det var lagat med Sedløysa i ymse
Maatar i London. Det vilde opna Augo paa Folk og skapa Stemning for
aa faa reinskat upp i Ustellet.
Og
det er fæle Ting, som hev komet fram. Det er upplyst, at der vert
drivet ein heil stor Handel med unge skuldlause Gjentur, som vert
narra inn til Byen og gjevne i Hender paa Vællystingar, og sidan
slepp dei ikkje ifraa, men vert gangande paa Villevegjerne livande i
Synd og Skam heile si Tid. Det er mangfalduge baade Menn og Kvende,
som hev Livevegen sin av sovoren Handel, ja der finnst heile Kompani,
som driv med det. Den Gjenta, som kjem i deira Vald, er seld og
fantefari med det same; det er sjeldan elder aldri, at dei kann faa
riva seg ut or Garnet, som fangar dei. Straks gjenta er 13 Aar vert
ho utsett til Handelsvare av desse samvitslause Menneskje, for etter
engelsk Lov so hev ikkje Foreldri Andsvar for Døtterne, korleis dei
so ber seg aat, naar dei fyrst hev den Aldren, og den vert
strafflaus, som lokkar dei unge Vækjurne burti sovoret, som dei
endaa ikkje hev Vit og Kunnskap nok til aa vara seg for. Dei vert for
det fyrste gjevne Lovord um gode Postar og lokkat inn i ymse Hus, men
der slepp dei inkje utatt, fyrr det er for seint, dei vert drukne
fulle, dei vert innestengde, dei vert utsvelte, dei vert trugad og
plagad paa alle Vis, til dei maa gjeva etter med elder utan Vilje.
Dei
vert paapassad soleis, at dei kann ikkje sleppa heim att, um dei
vilde aldri so mykje.
Og
so sidan daa, naar dei etter lang Tid endeleg kann sleppa paa fri Fot
igjen, er det faae elder
ingen, som hev nokon Hugnad aa venta, um dei reiser heim igjen. Det
er ein Handel so stygg og fæl, at det er likt med den verste
Slavehandel. Det er aa drepa Menneskje baade paa Lekam og Sjæl.
Prisen
paa slike unge Gjentur er forskjellig. I den simplare Del av Byen er
den umlag 50 Kr. og i den finare upp til yver 300 Kr. Handelsselskapi
hev ofte sine visse Menn, som dei sel si Vare til. Berre til ein Mann
sel dei soleis 70 Ungmøyar um Aaret.
Det
som gjer, at dei kann driva denne Menneskjehandelen so fritt, er at
dei betalar Politiet for at det ikkje skal gjera Vanskar. Eit sodant
Handelshus betalar soleis til Politiet Kr. 8000 um Aaret. Politiet
er vaar Ven, segjer dei.
Dei
driv ikkje Handelen berre heimeleg, dei driv ogso paa med Udførsel
til andre land av Vara si, likesom dei innfører ifraa Frankrik,
Tyskland og Belgien. Ein Handlar trudde, at det vart utført millom
2
_300
Gjentur um Aaret til Utlandet. Dei fleste av slike Handlarar er
lausslepte Brotsmenn.
Desse
Upplysningar hev vekt stort Uppstyr, ikkje berre i England men yver
heile Verdi.
Bladet
var heiltupp kringsett dei Dagarne av Folk, som vilde lesa. Og
Folkestemningi held med Bladet, ser det ut til, at der maa gjerast
Raadbot med slik Fælslegheit. Det er væl alltid sume, som vilde
freista aa meinka Bladet fraa aa gjera slike Ting audkjende, men det
nyttar ikkje, og aa løyna burt og negta dei Ting, som vart fortalde,
det kann dei helder ikkje, for Bladet kann prova kvart Ord, som det
hev sagt, og det skal det gjera vyrdlaust ogso, segjer det, soframt
dei tvingar det til det. Men det meiner, at dei store vil tenkja seg
um, fyrr dei krev, at det for Retten skal leggja fram slike
Upplysningar, som vil skjemma baade Prinsar og mange andre Høgre
Menn. Prinsen av Wales og mange andre hev sagt upp Bladet, men det
meiner, at heile England vil halda med det, so det fær ført fram
sin Krig imot Sedløysa.
Alt
no hev det den Gleda aa sjaa meir
Samhug
for Saki i Parlamentet. Dei hev alt vedteket ein Lov, som skal gjeva
unge Gjentur eit Vern imot Forlokking og Forføring til Sedløysa. Og
det er Von til, at Loven kann verta ferdug alt iaar.
Publisert