Tidender.

 
Kristiania, den 21de Juli.
 
Regjeringi skal no straks vera ferdug med Innstellingi si um Arbeidarkomisjonen. Likeins med Ordningi av det nye Departement for offentlege Arbeid.


Statsministar Richter er det Tale um kanskje kjem til aa ganga av. Han er no komen hit til Byen. Han tingad seg det, straks han vart utnemnd til Statsministar, at Posten hans som Generalkonsul i London, skulde standa tom eit Aar for Tilfelle at han vilde taka han att. No er Aaret utgjenget, og Tidi for rett Utnemning er endaa utsett ein Maane. Det segjest, at Richter no skal vera hugad paa aa taka att den Posten. Helsa hans skal hava voret klen paa det siste.


Var det Raad til anna daa? Morgenbl. og Aftenp. er som vanleg ilske for det, at Regjeringi ikkje tek nok Høgremenn til Komisjonsarbeid. No er det daa denne Sylvverkskomissjonen, der jamrar dei seg fælt. Ikkje so mykje som ein Høgremann, som kunne hjelpa til aa løyna og jamna burt gamall Sløsedom og Sluskestell. Heile Stellet skal leggjast fram og granskast av dei radikale, ingen Ting vert løynt, det gamle Stellet skal ikkje faa so mykje som ein 
Forsvarar. Sleppa slike fæle Radikalarar som Meidell og Helland inn i slike Heilagdomar, hu det grys i Klikken.

Men kunne De daa no og tenkja Dykk, at det gjekk an aa taka nokon Høgremann med der? Nei var det nokon Stad dei maatte haldast ute, so maatte det væl vera der. Det var ikkje Raad til anna.
 
 
Folkemøte skal haldast paa Levanger midt i August, Tingmennerne møter, desutan Dansken L. Schrøder og Fr. Wexelsen og kanskje V. Ullmann. Samstundes Aarsmøte for Vinstresamlaget.


Domar F. Roll , Stortingsmann fraa Aalesund fraabed seg aa verta uppattvald. Dei gjeng trøytt Høgremennerne no. Statsraad Daae kjem kanskje istaden.

 
Til Landsmaalskulen hans Hegstad paa Hylla er det alt innmeldt fleire enn der er Rom til.


Som ny Stortingsmanns-emne fraa Møre nemner mange Blad Grosserar Astrup, ein Riking, som fyrr hev butt i Stockholm og der gjort Norig mange Tenester; no hev han flutt heim att til Bolsøy i Romsdalen.

 
Telefylkets Visntresamlag hadde Aarsmøte i Seljord 6te Juli. 17 Sendemenn til Stades. Det vart eit langt Ordskifte um Avhaldssaki, korvidt Staten skulde kunna bruka Magti imot Drykken. 
Men dei kom ikkje til noko endelegt Utslag, Saki vart sett ut til sidan. Ullmann og J. Telnes vart uppattvalde i Styret, som ny Mann tok dei N. Brødsjø .


Til Medlemer av ei Nemnd til aa granska Kongsberg Sylvverk er utnemt Bergmeistar Meiddel, Inspektør P. Quale , Stipendiat A. Helland, Arbeidsstyrar Nysomog Bonde M. Mortensen.


Høgskulemøtet paa Sagatun skal haldast den 5te, 6te og 7de August. Arvesen og Ullmann byd inn. Alle som er Vener av Høgskulesaki kann vera med.


Maalsaki.Paa eit Folkemøte paa Litlehamar den 18de Juli heldt Statsraad Hertzberg Fyredrag um Maalsaki. Imot honom og Y. Nielsen talad Chr. Bruun, Matias Skard, Kyrkjesongar Fedje o. fl.


Amtsskulelærar T. Davidson i Aust-Agder vart sagt upp ifraa Posten sin, dei meiner fordi han er Vinstremann og fordi Presten ikkje likad han. Men Amtstinget gav han Kr. 350 til aa halda Skule for likevæl, og daa fær han ogso Kr. 1050 av Staten.


Ein bekymret Rikmann hev gjevet Fædrelandet Kr. 20,000 for at det skal kunna verka vidare i Valstriden, fortel Vestlandsposten.