Svein Skyttar. [Forteljing til Utklypp]

 
(Del 6 av 11. Fyrste delen.)
 
-24-

fær bruka Vit, de som hev Vit likevæl. Gud løner dykk for det tusen Gonger. De fær inkje undrast paa oss for det, me kom upp her. Men me hev med oss noko, som me laut hit med, og det er vel dei beste Jolegaavur, de kann faa, tenkjer eg. _ Det er Helsing og Brev fraa Svein, Sonen dykkar, som er i Nordland, og som eg talad ved sist Larsok. Det er ein gaaverik Gut han Svein og so vakker som han er. _ Han likar seg godt der nord og alle held svært av honom, so han er ein, som de hev Hugnad av. Ja, det stend væl i Brevet korleis han hev det.

Ho tok til aa rota i Kjolelumma si og kom langt um lenge upp med ein liten firkantat Brevlapp, som ho flidde Hallvard.

Fantefylgjet fekk hus for Notti, dei beste Matbitarne, dei aatte paa Haugen og det meste av Tobakken, som Hallvard gøymde i Sengi si.

Tidlegt um Morgonen, annan Dag Jol, gjekk Olav, næsteldste Sonen paa Haugen, burt til Helge Skulemeistar og fekk honom til aa koma upp til Far sin og lesa Brevet.

Brevet var skrevet med Blyant og lydde:

S. T.

Her Plassbrukar Kjære Foreldri og Syskjande Hallvard Sveinson Haugen.

Ettersom Tidi feller so god so vil eg taka Pennen i Haand og skrive nokre Ord aat dykk og fortelja korleis det er med meg etter som eg er frisk og rask og trives godt og inkje hev høyrt noko meir fraa dykk sidan eg for heimanfraa enn at eg træfte Haakon Bratten her um Sundagen ved Kyrkja som reiste i Vaar og talad um at han og du hadde skotet ein diger Elg paa ulovleg Tid uppunder Graataraasen som ingen viste noko um i fjor Vinter som var bra inkje kom utyver so denne Slarven han Helge Skulemeistar fekk i det so Øverheita fekk høyre det og de fekk Vatten og Braud og de fær for Guds Skuld inkje fortelja det aat nokon


-21-
 
Røming, eg, for han var daarleg klædd, og so sa han, at han var fraa Gudbrandsdalen; men han talad inkje Gudbrandsdøl. Han aatte korkje Pengar elder Mat. Han hadde ein Sekk med nokre Kaffikoppar, Talerknad, Knivar, smaae Trog og Fat i, men alt var brukt, so eg tok no dei Tankarne, at det var noko, han hadde stolet nokon Stad. Og so hadde han ei Rifle, som han vilde ha tolv Dalar for. Ja, det trur eg Byrsa var verd, for ho saag pen ut, so eg skulde ha kjøpt ho, berre eg hadde tort; men det er best aa ha so lite som mogelegt med slike Karar aa gjera. Eg vart brend i fjor, daa eg gav femti Dalar kontant for ein Hest, som eg laut levera tridje Dagen etter og inkje fekk fire Skilling att, svarad Mannen. Hallvard lettnad noko, for han skynad, at det var Svein, som hadde voret der, og at han daa var komen væl yver Fjellet.

Morgonen etter i Graalysingi drog dei attende same Vegen og kom heimatt i Myrkingi um Eftan. Dette er tyngste Skiferdi eg hev gjort, endaa eg mangein Gong hev havt baade lenger Veg og daarlegare Føre, sa Hallvard, daa han sette fraa seg Skirne.

Nokre Dagar seinare kom Sigurd Flaten att fraa ei Trondheimsferd. Han hadde møtt Svein synst i Gauldalen og teket fraa honom Rifla, som Bror hans hadde laant honom.


IV.
 
Tvo Aar er gjengne.

Det er Jol-eftan i Myrkingi. Alt inne id en gamle, vesle Stoga paa Haugen er pyntad til Høgtidi. Hallvard, Ingrid og seks Born sit umkring Bordet i nylappad Klæde. Dei et paa kvar sitt Stykkje Havretunnkake, tek seg ender og Gong ein Sup Halm-øl or ein blaamaala Tre-bolle, stirer av og til nedyver Veggen gjenom det vesle Blyglaset midt paa Veggen og og undrast paa kor Svein ferdest. Honom hev dei dei inkje høyrt noko visst gjetet paa tvo Aar, daa han var synst i Gauldalen, der Sigurd Flaten tok fraa honom Rifla han hadde laant.

-22-
 
Som dei der sat og aat og drak, glaamde og undrast, tok Ingrid kvast attfyre Kjeften sin med eine Haandi, grein stygt og sae: Au daa! _ Det er rart, skal det inkje koma svoltne Folk med det fyrste, for eg beit Tunga mi so vondt. _ Mannen, som hadde setet og stirt utgjenom Glaset, sa um ei liti Rid: Det kann henda du vert sannspaadd; men jamen trur eg det gjeng ymist. 
Det kjem no Folk nedyver fraa Flaten; men det ser inkje ut til aa vera av dei, som er verst svoltne, for dei er køyrandes, ser eg; og so er det væl mindre Von um slike Folk kjem upp paa Haugen til Jolekvelds. Alle skundad seg burt i Glaset. Det tjukke Rimet vart blaaset av, nokre Halmdottar, som var innsett i Staden for utslegne Rutur, vart tekne or, og alle sette Andlitet so væl inn i Glaset som det gjekk an. Tru dei kjem hit! Tru dei kjem hit! Kven er det? Kven er det? ropad Borni i Munnen paa kvarandre. Aa dei kjem inkje hit, kann De vita, svarad Mannen. Aa Gud hjelpe oss, dei kjem nok hit daa. _ Er det inkje han Fante-Fredrik og Fylgje hans, so skal eg aldri spaa meir. _ Jau, dei tek av Elvi og aat Bakken. Gud trøyste oss for Jol me fær. Det er nok av dei Slags Folk, som inkje fær framum nokor rykande Hytte, sa Kjeringi. Jaumen er det Fante-Fredrik-fylgjet! ropad ein av Smaagutarne so det gnall i Stoga.

Fantefylgjet kom uppvyer Bakken til Haugen. _ Ingrid sette seg paa Langkrakken og undrast um ho skulde laane dei Hus um Notti elder inkje; _ men ho ræddast for, at det inkje vilde ha gode Fylgjur aa gjeva seg ut med slike Folk. Dei kann meir enn nokon annan, sa ho og riste paa Hovudet. Hallvard tok Tobakken sin av Hylla og gøymde den ned i Sengehalmen. _ Dei kom uppyver Bakken til Stoga og stanar hesten med eit: Prrro-o-o Svarten. Det rykkte i Klinka, Døri gjekk upp og inn kom eit midalders Kvinnfolk og fire svarte Born _ tvo Gjentur og tvo Gutar _. Borni gjekk med eit fram i Aaren og sette seg. Kvinnfolket stanad midt paa Golvet og helsad: Goddag Godtfolk, takk for sist og takk for alle Tider. So tok ho upp ein liten Kridtpipstubb av Kjoleluma si, gjekk eit Par Stig nærare Hallvard,


-23-
 
som no sat paa ein Krakk attmed Aaren, og sae: Gud signe deg snilde Mann. Du hev aldri sagt nei for nokon Ting, som du hev havt Raad for. Aa gjev meg lite Tobak, so eg fær ein Røyk. Hallvard tok upp Tobakdaasen sin, fann fram ein Stubb væl so lang som Peikefingeren hans, og bannad paa, at det var all Tobakken, han aatte. Han tok upp Tollekniven sin og skar av ein Bit, som han gav henne. Ho tok honom i Haandi og sae: Tusen takk og ære snilde Mann. Herregud, ha alle havt slikt Hjartelag som du, so hadde det inkje voret so vanskelegt for dei, som lyt ganga for kvar Manns Dør, soleis som me er nøgde til aa gjera. Men diverre, det er inkje vkar dag me raakar slike Folk, som han Hallvard og ho Ingrid Haugen. Mest hardhjarta er dei rike, for dei skynar so lite paa korleis det er aa vera tyrst og svolten. Men me skal hugsa paa det me Far, at me hev ein Mann uppi Himelen, som ser oss baade naar det er ljost og myrkt. Og for honom skal me fram eingong, og gjera Reikneskap for korleis me hev livt. Eg trøystar meg no ved, at paa den Dag fær Loa-Maria og Fante-Fredrik og Borni deira og Hallvard Haugen og Ingrid og Borni deira sitja ved høgre Haandi hans og flira aat Hans og Guro Flaten, som negtad oss i Hus i Efta, og alle dei andre hardhjartad Rikingar, som daa fær sitja ved vinstre Haandi hans og graate og jamre seg. _ Ho gjekk burt i Aaren, kveikte paa Snadda si, steig so midt fram paa Golvet og tok til att: Ja han løner dykk for at de er so snilde. Det kann de vera visse paa. Aa so vakre og vælskapte Born, som Gud hev gjevet dykk. Det er ei stor Gaave fraa Vaarherre, som inkje alle hev. Og so væl som de daa hev pynta og stelt dei til Joli. De fær att for Strævet, de hev med dei, naar dei vert vaksne daa. _ Ja, eg lyt no høyre aat um me kann faa Hus hjaa Dykk yver Notti no daa, etter som me vart negtad paa Storgarden Flaten. Men ho Guro skal inkje ha gjort det for inkje, so sant som eg heiter Loa-Maria. Beste Kui hennar ligg daud i Baasen fyrr Gauken gjel. 
merk Ordi mine de. _ Eg veit det er inkje greidt for dykk, som hev so mange aa syta for i denne kalde og svarte Vinter; men de

( Meir.)