Nyt Livet!


Aa njota Livet er aa elska det. Aa elska det er aa liva det.

Me høyrer og me ser Livet kringum oss, men det er ikkje aa liva.

Verdi gjev oss Sorg og Sæle, men det er ikkje aa liva.

Soli ho skine _ lat skine.

Regnet det fløymer, og Vinden blæse _ lat blaasa!

Menneskje elskar og hatar meg, skrepper og skrøyter, dømer og avdømer, lyg og lastar _ lat lasta!

Det er ikkje aa liva.

Men ned Gneisten i eigen Barm som lyser og gløder, som bivrar og didrar og nadrar og skjelv i si eigi Fylle,

den Hugen, som leikar og sviv som Fivreld paa Eng, som speglar seg i Fjell og Fjord og kvar angande Blom, ja i kvar leikande, lengtande og lidande Mannasjæl, som høyrer att sitt eiget Hjartaslag i Toreslaatt, i Vindens Drag, i Fugleljo, og i dei mjuke Taarebøner upp imot Gud,

den agalause Fysna til aa gjeva og gjeva og aldri verta tom, liksom Bekkjen straar Skumet ut yver Ufserne, og Geislarne gidrar millom Sylvstrengjer og glimande Vassperlur _ rikare paa Kjærleik enn Trei paa Ber og Bloamrne paa Liter,

det Draget i deg, som traar og traar, som gjev deg Maal etter Maal _ du vinn og aldri tapar, ja du vinn og aldri tapar, medan du lyftest paa Ørnevengjer yver alle Heimar, den Krafti, som aukar og aldri minkar, stig fram og fram og legg Jordi under sitt Velde,

sjaa det er Livet.

Aa eiga det er all Rikdom paa Jordi.

Sjaa Livet ovrar seg som ein Blom um 
Vaaren, sjaa det skrid fram straalande som Soli paa Himelen, og glar i logande Purpurskyer.

Sjaa han sit megtug som ein Konge paa Trona si, hans Herlegdom lyser og glimar utyver all Verdi.

Betre vera som Bjørnen paa Skogen, som Reinen paa ville Heidi, krjupa som Makken i Mold enn aa liva og ikkje liva væl.

Betre aldri vera fødd paa denne Jord, aldri under Himmelens Sol og blanke Stjernur.