Hr. Bladstyrar!


I No. 55 av Bladet dykkar er der ikkje mindre enn tvo Stykkje um Vestlandsposten, eit um Vestlandsposten og Verdens Gang og eit um Vestlandsposten og kyrkjelegt Sjølvstyre. Nokot av det, som De segjer i desse Stykkje, held eg med dykk i; men det meste er eg ikkje einig i. Difor vil eg faa Løyve til aa segja nokre Ord um dei.
 
Eg er einig med Fedraheimen i det, at det kann verta til Skade for Vinstre, at ein so hard Strid er komen upp millom Vestlandsposten og Verdens Gang . Men eg vil protestera mot, at Skuldi skulde liggja hjaa Vestlandsp. Fedrah. fortel, at han hev søkt etter Grunnen og funnet, at den ligg i, at Vestlandsposten og Flokken hans vil hava baade Baten og Æra av Semja i fjor. Her tek han (Fedrah.) imist. For um ein leiter heile Vestlandsp. igjenom, skal ein ikkje finna eit Stykkje, som tyder paa nokot sovoret. _ Endaa det er ikkje rett av Fedrah. aa segja, at alle frilynde Flokkar hev likestor Æra av Semja; for han veit væl det, at det var deim, som arbeidde motSemja. _ Nei Grunnen til Usemja millom dei tvo Bladi ligg langt djupare, nemleg i deira Uppfatning av Trudoms- og Kyrkjesaker og det, som heng i hop med det. Det, som gjorde, at den djupe Skilnad millom dei tvo Bladi kom fram, var Kiellandsgreida. 
Men kven var det, som fyrst skrøyvde den Saki upp? Og kven er det, som etterpaa mest i kvart No. hev gjevet Hat- og Speord fraa seg mot dei, som i denne Sak røystade paa ein annan Maate, enn dei vilde; _ ja ikkje berre mot deim, men mot mange fleire, endaa mot honom, som det ikkje so snart skal gløymast, at han ikkje var lydug Tenar for Verdens Gang . Og kven var det, som i den Saki repræsenterade Folkemeiningi? Var det Verdens Gang kanskje? Nei det var nok det Blad, som Fedraheimen i No. 55 hev gjort seg til Motstandar av, det same, som ogso repræsenterade Folkemeiningi i Dissentarsaki og Sereigespursmaalet. Difor burde  Fedrah., som serleg vil vera Bondens Tolk, ikkje so ratt taka Parti for V. G., og han burde helder ikkje inngjeva sine Lesarar Mistru til Vestlandsp., naar han ikkje hev stødare Grunn aa staa paa enn her.

I det andre Stykkjet ser det ut til, at Fedrah. stillar seg beint mot Vestlandsp. og Oftedal, soleis som V. G . alt hev gjort. _Det er sannt, at i Kiellandsgreida hev Oftedal ofte voret drjug i sit Blad. Men so fær me og hugsa paa, at dei som hev skrivet mot han, ogso hev voret drjuge _ ja langt drjugare. Eg vil berre peika paa Verdens Gang. Og Fedraheimen vil daa væl ikkje krevja, at paateken Mann skal lata vera aa svara fyr seg? Naar Fedraheimen segjer, at Vestlandsposten slog paa, at dei, som røystade for Diktarløn aat Kielland, ikkje kunde vera sanne kristne; det var helst utsjaaande til, at dei i Grunnen var Fritenkjarar og Gudløysur, daa vil eg segja, at slik Tale kunde ein venta i Verdens Gang; men aa finna henne i Fedraheimen, det hev gjort meg vondt. For ein og kvar kann vita, at slik Tale er usann. Elder vil Fedraheimen prova, kvat han hev skrivet? _ Hemnen er søt, kvat han hev skrivet? _ Hemnen er søt, er det sagt. Det same mana  Fedraheimenfram fyr meg, naar han slær paa, at fordi Oftedal og hans Flokk gjekk med Høgre mot dei andre Vinstrefolk i Kiellandssaki, difor kann det godt henda, at ein Flokk av Vinstre slær seg med Høgre mot det Slag kyrkjelegt Sjølvstyre, som Riksraad Jak. Sverdrup, Oftedal og deira Vener vil hava fram. At Fedrah. gjev seg til aa kasta ut slike Hemnraad, hev undrat meg, og endaa meir undrar det meg, at han vil byrja aa setja upp slike Skræmslur for dei, som ikkje nett er av same Meining som han. Det høver litet med det, som Bladet i same No. skriv um Tolsemd.

Med Avsyn paa Valet i sydre Bergenhus og Brevsendingarne um det i Vestlandsp. skal eg vera so fri aa beda Fedrah. lesa det, som Vestlandsp.s Styre skriv i No. 77 og 81.

Endaa eg væl veit, at Vestlandsp. er Mann for aa svara for seg sjølv, hev eg ikkje viljat lata vera aa uttala dette; for det gjorde meg vondt aa sjaa Fedrah., som eg set høgt for hans Arbeid for alt Norskt, stilla seg mot Motstandar av det Blad, som etter mi Meining er den truaste Tolk for dei Tankar, som ovrar seg paa Folkebotnen, serleg i det, som vedkjem det kyrkjelege.

I Juli 1885.

n.



Me vil ikkje her innlata oss paa noko Dryfting av det som Innsendaren ankar paa. Me tek inn Stykkjet og yverlet det til vaare Lesarar aa døma. Men idi me hevdar vaart Standpunkt i det heile, kann me gjerne medgjeva, at eit og anna Ordet i dei umskrivne Stykkje kunne vera væl sterke, t. D. i den Ordfellingi, um at O. vilde hava dei som var mot honom i Kiellandssaki til aa vera heiltupp Gudløysur, men i det heile var det vist sant.

Um sovorne Ting i seg sjølv skal me berre segja dette:

Me vyrder ikkje anten taka Parti forelder gjera oss til Motstandar av korkje V. G. elder Vestlp. i det heile, me ser Sakerne ut ifraa vaar eigen Synstad. Likad me noko anna Blad fullgodt, so var vaart overlaust. Me hev inkje med anten aa døma elder avdøma andre Blad, men naar det kjem Ting soleis i eit Blad, som me trur er til Skade for Utviklingi, so held me det for vaar Plikt aa peika paa det, anten det so stend her elder der. Me vil ikkje, at Folk skal tru og lyda korkje V. G. elder Vestlp. elder Fedrah.; Bladi hev berre til Fyremaal aa granska Sakerne og arbeida upp Folkemeiningi, difor er det godt at kvart Blad hev det paa sin Maate, um det og kann verta noko einsidelegt. Og daa hev me ikkje noko med aa kasta ut Hemnraader, som Innsendaren talar um, anten mot Vestlandsp. elder noko anna Blad. Serleg Vestlp. er me stor Takk skuldig for det han hev gjort for Maalsaki. Det me skriv gjer me einast av sakleg Interesse, og um Tonen i vaart Blad og stundom kann vera noko skarp og eit og anna Uttrykk noko drjugfelt, so vil me væl ikkje orsaka oss med, at vaare Kollegaer i Pressa er endaa drjugare, men me vil berre minna um, at Fleirtalet av vaare Lesarar krev helder skarpare Ord av oss enn mildare.
 
Bladstyret