[Tidender.] Lærarmøtet paa Vonheim.

 
Til Opl. Avis skriv dei fraa Vonheim:

Av dei 70 _80, som hev meldt seg, er det no komet nokre og femti, største Delen er Lærarar, nokre Lærarinnur, og so 3 _4 som ikkje hev syslat med Lærargjerning. Det er Folk fraa ymse Kantar av landet, fraa Austlandet, Trøndelagen og Vestlandet, mest ifraa Vestlandet.

Stordelen er unge Folk, millom 20 og 30 Aar. Dei eldre held seg burte. Her er Undervisning 5 Timar um Dagen, so nær som Onsdag og Laurdag, daa er det berre 4 Timar, Resten av dagen brukast til Ordskifte um ymse Spursmaal.

Læreemni er: Bibeluttyding 6 Timar um 
Vika (Chr. Bruun), Gamallnorsk 5 T. (Johs. Skar), Landsmaal 6 T. (Ingvar Bøhn og Matias Skard), Heimssoge 3 T. (Bøhn), Skulesoge 4 T. (M. Skard), Islandsk Soge 4 T. (Aasmundstad).

Av Bibelsoga vert det no fyrst umhandlat Samuels Bok, sidan um Jesu Liv. I Landsmaalet vert det undervist etter Aasens Normalform, likevæl tillæt dei Avbrigde etter kvar eins Heimemaal.

Etter det som eg tykkjest vita, so er alle, som er samlat her framifraa nøgde med Møtet, og dei segjer, at det vil standa i det ljosaste Minne for dei heile Livet igjenom.