[Tidender.] Ein fæl Mann.
Vestlandsp.
for 14de d. M. skriv: Igaar skulde ein Mann i Haaland, Tønnes
Kollnes, takast av Politiet og verta førd til
Trondheim
for aa sona ei Straff, han var dømd til. Lensmannen der i Bygdi
vilde naudig hava noko med Tønnes aa gjera, difor fekk Lensmannen i
Høyland Paalegg av Futen um aa setja Tønnes fast. Lensmannen tok
daa til Kollnes; men Tønnes hadde væpnat seg med skarpt og sette
seg til Motverje. Lensmannen kunne daa ingen Ting faa gjort, difor
drog han til
Stavanger
og fekk med seg 3 Politimenn og 4
_5
andre, og so tok heile Flokken til Kollnes.
Dei
bad daa Tønnes gjeva seg yver med det gode; men det hade han ingen
Hug til. Han stod innanfor Kjøkendøri med ein Kniv i kvar Hand,
reide til aa taka mot dei, som torde koma. Ein av Politimennerne kom
seg inn i Stova fraa ein annan Kant, og støytte til Tønnes, so han
laut ut paa fri Mark. Der stod dei andre og ein Vognmann ferdige til
aa taka han; men det var inkje so lett gjort. Vognmannen fekk Trøya
si sundskori, og ein annan fekk eit Knivstikk i Laaret og eit under
Brjostet. Endeleg fekk dei Jarni paa Umenneskjet og førde han til
Stavanger. Mannen er kjend for aa vera ein Graabein, og han hev
fleire Gonger voret i Straff.
Publisert