Tidender.

 
Kristiania, den 17de Juli.

Storvask er det i Morgenbladetog Aftenpostenrett som det er no for Tidi. Og det kann nok trengjast, for Friele og Schibsted hev teket paa seg eit Arbeid, som inkje kvar Mann vilde vaaga seg ikast med: Dei vil vaska Høgremennerne reine no til Valet. Dette um laaslause Byrsur og Sablar og Kanonar og Svenskehjelp og Statskup og løynde Raad mot Tinget og Folket, som dei baskad seg til med i fjor, det skal vaskast burt, og Veljaranne skal faa sjaa Høgremennerne so kvitskura og ljose som Morgonsoli. Og inkje nok med det, men naar dei fær fjelga seg rett upp, so skal Folket endaa faa sjaa, at dei er Fedralandsvener og Patriotar.

Men det gjeng inkje lett; Statskupfargen ser ut til aa vera ekte, og alt dei vaskar og basar, so ser dei endaa like gromsete ut.

Og det er no helder inkje greidt aa skura Negrar kvite.
 
 
England og Rusland . Det tek til aa koma Knut paa Traaden att, ser det ut for. Russen skal hava sendt fleire Krigsfolk til Grensa av Avganistan, og han kjem med Krav paa meire Land. Bladi i England segjer, at dei hev liti Tiltru til Rusland, og dei russiske Bladi svarad likt mot.
 
 
Skulemøtet i Kristiania . Den 14de d. M. hadde 645 Svenskar og 1050 Danskar meldt, at dei vilde koma til Møtet.


Verdens Gang hev sendt ei Bok fritt med Bladet, der alle Tingmennerne for 1883 _85 er avteikna. Bilæti er gode, og Meldingi um kvar Tingmann stutt og greid. Folk, som inkje hev
tingat V. G. fær Boki, naar dei sender 1 Kr. til Verdens Gangs Ekspedisjon.


Nora. Heftet for Juli er utkomet. Innhald: Berlin kringsett. _ Drosi. _ Tankar. _ Den motige Kræmaren. _ Krig mot Drykken. _ Nytt i Maalvegen. _ Bokmelding.


Kolerasjuken driv endaa i Spania. Sume 
Stader hev han voret noko mildare i det siste; men andre Stader vert han verre og verre.


Bradlaugh møtte fram i Underhuset for aa gjera Rikseiden no, daa Høgre hev komet til Magti; men han fekk inkje Lov denne Gongen helder. Fleire frilynde vilde, at Loven skulde endrast, so inkje Folkes valde Menn vert viste burte fraa Tinget.


Ulukke. Varapresidenten i den franske Alpeklub, Chiffet, og tvo Schweitsarar gjekk seg ut for Fjellet i Alparne og slog seg ihel.


T il Sudfrankrike kjem det ein heil Flaum med Spanjorar, som rømer undan for Kolerasjuken. Sotti hev likevæl inkje fylgt med til 
Frankrike.


Mahdien skal vera daaen, og Kriksfolki hans hev teket til aa tyna kvarandre.