Naar Soli gjeng ned.

 
Eg vogga meg ut paa den blanke Fjoren ein Sumardagskveld, daa Soli vilde ganga ned. 
Det var so stilt so stilt. Eg kunne sjaa kvar Gard i Grendi og kvart Tre med Straandi der langt, langt nedi. Fraa Skogen og Aai høyrdest ein sagte Sus med einkvar lokkande Fugletrille ibland. Myggen hadde Song og Leik uppi Lufti og daa ein og annan av dei vart trøytte og tyrste, let dei seg dala stilt ned paa Vassskorpa, men etter ei liti Kvild svingad dei seg atter upp i Dansen. Fiskarne dukka upp her og der, dei saag seg nok Tak til aa faa Kveldsverd av dei Flugurne som flaut og som inkje drøymde um noko vondt. Ringen i Vatnet etter dei seig lognt utyver, møtte snart ein annan Ring og lagde seg til Ro. Soli stend no rund og stor nedpaa Fjellet og sender den siste fulle Straalestraum ikring seg, men dei lange Skuggarne gjer, at mange Blomar inkje fær noko av Forgyllingi. Snart ser ein att berre Helvti, og djupare sig ho, Skuggen glid hit mot meg, famner meg, glid lenger og lenger burt etter Vassflata og uppyver Lidarne paa den andre Kanten; men den høge Fjelltoppen der, stend lengje i Solglansen.

Ein frisk kjølande Vindguffs fraa Aust fær fram og øydelegg Bilæti der nede, Gran og Furu ruggar og rister seg og sender ut djupe lettande Pustar. _ Dagen hadde voret so kjøvande varm. _ _

Ingebjørg.