Hugdrag.
Det
hev allstøt vori eit Drag i det menneskjelege Huglyndet, at ein
vilde gjeva Kjenslurne og Tankarne sine ei fast Form. Dei, som hev
lettast for aa finna Former for det som rører sig i Hugen, kallar me
Kunstnarar. Med det, som Kunstnaranne paa denne Maaten skapar, kann
det vera so ymist laga. Noko av det vekkjer meg, grip meg; noko anna
vekkjer deg; det kjem an paa Huglyndet, difor dømer dei einskilde
Menneskje so reint forskjellegt um den sama Diktaren, difor kann
nokre elska det, som andre hatar, hata det, som andre elskar o. s.
fra.
Men
det er ikkje berre Kunstnaranne som paa denna Maaten personifiserar
sine Inntrykk og Kjenslur; kvart Menneskje gjer det paa sin Maate, og
noko av dette kann jamvel hava Innverknad paa heile dette Liv.
Like
fraa den Tid ein er liten viser dette Hugdraget seg.
Barnet
trur, at det ser alt godt, naar det ser Mori; i Fanget paa henne
gløymer det all Sorg og Sut; og det er ikkje fritt for at dette heng
i oss til langt seinare Tider, ja mest heile Livet.
Det
er væl helst so, at Mori stend soleis lysande, mild og kjerleg for
deg gjenom heile Barndomen og eit langt Stykkje av Ungdomstidi; men
med Aari dukkar eit anna Bilæte upp ved Sida av henne; Bilætet av
ei ung Gjente; det er Hugdraget, Lengsla etter Kjærleiken, som paa
denna Maaten gjer sine Krav.
Fyrstundes
kan du ikkje rett faa Greie paa korleis ho er; ho kverv burt, naar du
vil faa Tak i henne; men smaatt um Senn fester Bilætet seg, fær
faste Drag
_
du hev skapa deg eit Ideal av ei Kvinna.
So
ein vakker Dag, naar du minst tenkjer det, kann du raaka paa eit
Andlit, som du aldri sidan gløymer. Det er det sama som dit Ideal og
det er likevæl ikkje det sama. Men korleis det no er med det, so er
ein Ting sikker, og det er, at det gamle Idealet sviv burt smaatt um
Senn, og ho, den nye, tek Plassen, den beste Plassen du kann bjoda
henne. Og sidan kjem dette Anlitet att, naar du minst skulde tru det;
det ligg og bivrar i Hugen din. Du ser det, naar du er vaken, og du
ser det, naar du drøymer; du ser det att i alt som er deg kjert; det
er liksom ein Kjenning; some Tider ser ho paa
deg med Sorg, some Tider med Glede og Fagna; alltid er ho mild og
trøystande; og du veit so godt, at ho alltid hev Rett.
Du
kann elles godt jaga henne fraa deg; og daa kverv ho burt, stilt og
rolegt; men daa ligg det Sorg, djup Sorg i Anlitsdragi. Men agta deg,
at du ikkje jagar henne for ofte, for daa kunne det henda, at ho
aldri kom att meir.
Etter
henne kann du døme det du gjer, for ho er berre det gode i deg som
hev fenget fast Form; det er det gode i deg personifiserad.
Rolv.
Publisert